Hopp til hovedinnhold

Myndigheit lagt til statsforvaltaren i forskrifter – hjelp til å finne fram aktuelle forskrifter

Myndigheit i lov

Lovene er ordnet alfabetisk.

Barnevernloven

§ 2-3 føre tilsyn med barnevernverksemda i dei einskilde kommunane, rett til å krevje at kommunale organ, utan hinder av teieplikt, gjev dei opplysningane og meldingane som er nødvendige for tilsynsmyndigheita og gjev tilsynsmyndigheita tilgang til verksemda
§ 2-3 b føre tilsyn med at kommunen på lovleg vis oppfyller sine plikter etter barnevernloven kap. 1 til 9 og kommuneloven § 25-1, føre tilsyn med institusjonar og senter for foreldre og barn etter kapittel 5 og omsorgssenter for mindreårige etter kapittel 5A samt med andre statlege tenester og tiltak etter denne loven
Statens helsetilsyns og statsforvaltarens/fylkesmannens tilsynsansvar med det statlige barnevernet er presisert i Barne- og familiedepartementets brev til Statens helsetilsyn 5. juli 2019 (pdf)
§ 5-4 avgjere usemje om innskriving i og utskriving av barneverninstitusjon
§ 5-7 føre tilsyn med at institusjonar som er omfatta av § 5-1, statlege senter for foreldre og barn og private og kommunale institusjonar og senter for foreldre og barn blir drivne i samsvar med denne loven og forskriftene til loven, gje pålegg om retting av uforsvarlege tilhøve eller nedlegging av drifta, kunne oppnemne tilsynsutval
§§ 6-5 og 6-6 klageinstans for alle einskildvedtak barneverntenesten i kommunen og statleg barnevernmyndigheit gjer.
§ 6-7 avgjere at opplysningar skal være undergjeve teieplikt, sjølv om foreldra har gjeve samtykke til at dei kan gjerast kjende
§ 6-9 gje kommunen mulkt for å oversitje frist for å undersøkje melding til barneverntenesten
§ 7-10 kan fremje forslag til behandling i fylkesnemnda
§ 8-3 avgjere tvist mellom kommunar om opphaldskommunen si plikt til å yte tenester 

Folkehelseloven

§ 13 adgang til gransking av eigedom eller verksemd
§ 19 avgjer klager over kommunen og kommunelegen sine vedtak om miljøretta helsevern
§ 23 bidra til å iverksetje nasjonal politikk på folkehelseområdet og vere pådrivar for kunnskapsbasert folkehelsearbeid på lokalt og regionalt nivå, blant anna gjennom råd og veiledning til kommunar og fylkeskommunar
§ 28 ansvar saman med andre myndigheiter for nødvendige beredskapsførebuingar og for tiltak i beredskapssituasjonar
§ 31 føre tilsyn med om kommunen og fylkeskommunen oppfyller pliktene dei har etter, eller i medhald av §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 i folkehelseloven og i kommuneloven § 25-1

Helse- og omsorgstenesteloven

§ 5-9 plikt for einkvar som utfører teneste eller arbeid som vert omfatta av loven til å gje tilgang til verksemda og opplysningar til statsforvaltaren, utan hinder av teieplikt
§ 9-7 mottakar av kommunens avgjerd om tvang og makt mot person med psykisk utviklingshemming
§ 9-8 overprøve avgjerd om tvang og makt mot person med psykisk utviklingshemming
§ 9-9 gje dispensasjon frå krav til utdanning i tenester for personar med psykisk utviklingshemming
§ 9-11 klageinstans for kommunens avgjerd om tvang og makt mot person med psykisk utviklingshemming, førebur klage over statsforvaltaren si overprøving av kommunen sitt vedtak for behandling i Fylkesnemnda
§ 12-1 bestemme at opplysningar skal vere undergitt teieplikt sjølv om foreldra gjev samtykke til at dei kan offentleggjerast
§ 12-3 føre tilsyn med etterlevinga av lova og stadleg tilsyn i visse høve

Helsepersonelloven

§ 17 behandle informasjon frå helsepersonell om forhold som kan medføre fare for tryggleiken til pasientar
§ 30 rett til å få tilgang til lokale og å få opplysningar utan hinder av teieplikta
§ 42 klageorgan for avslag på retting av journal
§ 43 klageorgan for avslag på sletting av journalopplysningar
§ 61 adressat for frivillig avkall på autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning
§ 63 adressat for frivillig avkall på retten til å rekvirere legemiddel i gruppe A og B

Helseregisterloven

§ 26 tilsynsoppgåver

Helsetilsynsloven

§§ 3, 4 organisering av tilsynsmyndigheita, føre tilsyn med helse- og omsorgstenesta og med alt helsepersonell og anna personell i fylket som yter helse- og omsorgstenester
§ 5 sjå til at alle som yter helse- og omsorgstenester har etablert internkontrollsystem

Pasient- og brukarrettsloven

§ 4-4 klageinstans for klager som gjeld barn
§ 4A-7 avgjere klager over vedtak om helsehjelp som pasienten motset seg
§ 4A-8 adgang til å overprøve vedtak om helsehjelp som pasienten motset seg
§ 7-2 klageorgan for saker om manglande oppfylling av rettar
§ 7-3 form og innhald på klagen
§ 7-4 behandle førespurnad om å vurdere mogleg pliktbrot
§ 7-4 a saksbehandling ved førespurnad om å vurdere mogleg pliktbrot

Psykisk helsevernloven

§ 3-1 avgjere klager over kommunelegen sitt vedtak om tvungen undersøking
§ 4-4 a avgjere klager over vedtak treft i psykisk helsevern om undersøking og behandling utan eige samtykke
§ 5-6 c klageorgan for vedtak om kva institusjon som skal ha behandlingsansvaret for den domfelte, og varsling til fornærma og etterlatne av enkeltpermisjonar, overføring mellom ulike tryggleiksnivå innan same institusjon og tidspunktet for når dom på tvunge psykisk helsevern opphøyrer
§ 6-1 kontrollkommisjonen sin rett til å ta saker opp med statsforvaltaren

Smittevernloven

§ 2-2 krevje opplysningar frå offentlege kjelder eller privat helseteneste utan hinder av lovbestemt teieplikt
§ 3-3 avgjere klager over krav fatta av helseinstitusjon om forundersøking av pasient
§ 4-2 avgjere klager over vedtak om forbod mot å utføre arbeid eller delta i undervisning
§ 5-5 ta imot kopi av oppmoding til smittevernnemnda om tvangstiltak
§ 5-9 statsforvaltaren kan reise søksmål om visse vedtak om bruk av tvang
§ 6-1 klageorgan for saker om nødvendig smittevernhjelp
§ 7-4 statsforvaltaren sine oppgåver: ha særleg merksemd retta rettet mot smittevernet i fylket, og i samband med dette ha oversikt over og kunnskap om lokale planar om smittevern, samt yte bistand ved behov

Sosialtenesteloven

§ 9 føre tilsyn med at kommunen oppfyller sine plikter etter kapittel 4 og § 16
§ 44 avgjere at opplysningar skal være undergjeve teieplikt, sjølv om foreldra har gjeve samtykke til at dei kan gjerast kjende
§ 47 klageinstans for kommunen sine vedtak
§ 48 statsforvaltaren sin kompetanse i klagesaker
§ 49 avgjere tvistar mellom kommunar om kommunens ansvar

Spesialisthelsetenesteloven

§ 3-13 varsel til tilsynsmyndigheita om inntak utan samtykke i institusjon i samband med rusmisbruk, tilsvarande for gravide rusmisbrukarar, og tilbakehald i institusjon på grunnlag av eige samtykke
§ 6-2 opplysningsplikt til statsforvaltaren