Helsetilsynet

Bilde av forsiden

Nødvendig tvang? – Ein gjennomgang av fylkesmennenes data om bruk av tvang og makt overfor mennesker med psykisk utviklingshemming for perioden 2000–2007

Rapport fra Helsetilsynet 7/2008
PDF

Summary in English

Čoahkkáigeassu

4A, avgjerder, vedtak, dispensasjonar, tilsyn på staden og tvang og makt er omgrep som  stadig dukkar opp i miljø som yter eller vurderer tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Rapporten gjev desse omgrepa eit innhald og presenterer omfang og utvikling av tvangstiltak i perioden 2000–2007, med vekt på forskjellane mellom fylka.

I 1999 blei det innført lovreglar for å avgrense og styre bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming. Samtidig fekk fylkesmennene
i oppgåve å registrere data om korleis lovreglane blei praktiserte, og rapportere desse til departementet, seinare Statens helsetilsyn. Rapporten presenterer og analyserer data. Han viser vekst i tal:

  • melde avgjerder om skadehindrande tiltak i naudsituasjonar,
  • melde vedtak om skadehindrande tiltak i gjentekne naudsituasjonar,
  • vedtak om tiltak for å dekkje dei grunnleggjande behova til tenestemottakaren,
  • dispensasjonar frå utdanningskrav.

Kva fortel vekst – betre registrering av gjeldande tvang, meir bruk av tvang, eit fagfelt som evnar å bruke tvang som eit fagleg verkemiddel, eller eit fagområde prega av kompetansesvikt? Talmaterialet kan tolkast i mange retningar. Forskjellane mellom fylka er betydelege. Det kan tyde på at bruken av tvang er svært ulik. Men mangelfull og ueinsarta registrering gjer det vanskeleg å analysere data. Rapporten presenterer ingen konklusjonar om kva som kan vere rett praksis. Han er primært ei kjelde til å drøfte og utvikle fagfeltet og registreringssystemet for data om tvang og makt. For Statens helsetilsyn er rapporten eit styringsdokument i det vidare arbeidet som overordna tilsynsorgan.