Helsetilsynet

Fra: Sosial- og helsedepartement
Til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Dato: 03.09.1996
Vår ref.: 95/00984 AHH
Deres ref.: 1742/350/95/FLH

Vi viser til Dykkar brev av 01.03.95 med kopi til dei andre fylkesmennene. Vi seier oss svært leie for seint svar.

Utan lovheimel er det ikkje høve til å nekte ei yting etter § 4-2 til ein som fyller krava i § 4-3 med den grunngjevinga at vedkomande ikkje har oppfylt eit vilkår. Derimot vil det vere høve til å redusere tilbodet ned til grensa for det forsvarlege (jf rundskriv I-1/93 side 112). Kommunen kan også velje andre tilbod etter § 4-2 (med mindre dette vil vere "åpenbart urimelig", sjå rundskriv I-1/93 side 106).

Dersom det ikkje skulle vere råd å gje forsvarleg hjelp i heimen utan at visse vilkår vert oppfylte til dømes innlegging av vann -, må det vere høve til å stille vilkår om dette. Dersom klienten ikkje vil eller kan etterkome naudsynte kostsame tiltak, må kommunen tilby eit anna alternativ, som til dømes plass i ein omsorgsbolig. Dersom klienten både seier nei til å oppfylle vilkåret og nektar å flytte, vil kommunen si hjelpeplikt opphøyre. Dette vil seie at kommunen i slike tilfeller (altså når ein ikkje kan gje forsvarleg hjelp i heimen utan at vilkåret vert oppfylt), kan stille vilkår om flytting med den verknad at hjelpeplikta opphøyrer dersom klienten nektar. I andre høve vil som nemnd brot på vilkåret ikkje føre med seg at hjelpeplikta opphøyrer, men at hjelpa eventuelt kan reduserast til grensa for det forsvarlege.

Dersom ytingane allereie ligg på dette (forsvarlege) minstenivået, er det ikkje høve til å setje (ytterlegare) tyngjande vilkår. Slike vilkår vil vere ugyldige. Vilkåret kan også vere ugyldig av andre grunnar, dvs grunnar som har med vilkåret sjølv å gjere. Brot på slike vilkår får inga følgjer for tenestemottakaren. Vurderinga av dette må følgje dei vanlege reglane i forvaltningsretten, sjå til dømes Eckhoff "Forvaltningsrett" (1986) side 312 følgjande.
Vi viser og til Kjellevold "Sosialhjelp på vilkår" (1995) del I s 68 følgjande og til sosialtenestelova § 5-3. Prinsippet om at "Vilkårene må ha nær sammenheng med vedtaket, og ikke urimelig begrense stønadsmottakerens handle- eller valgfrihet" må gjelde tilsvarende for sosiale tenester etter § 4-2.

I høve til dei eksempla som er nemnde i brevet har vi følgjande merknader:

1)Tekniske hjelpemiddel

Når det gjeld tekniske hjelpemiddel, viser vi til Kjellevold s 199-203. Vi er samd i at spørsmålet om adgangen til å stille vilkår om nyskaffing og ev installering av utstyr og hjelpemiddel må vurderast heilt konkret i det einskilde tilfellet, der vurderingstemaet vil vere om vilkåret er urimeleg tyngande, jf dei eksempla og omsyna Kjellevold har peika på. Når det gjeld støvsugar, må utgangspunktet vere at klienten ikkje kan bli pålagt å kjøpe ein støvsugar dersom dette vil innebere ei økonomisk påkjenning for klienten. Dette er ei rørleg innretning som hjelpetenesta om naudsynt sjølv må disponere. Nektar klienten å stille ein allereie innkjøpt støvsugar til rådvelde, må støvsuging kunne unnlatast - innanfor rimelege grenser.

2) Deltaking i reingjering

Dersom klienten er såpass oppegåande at vedkomande kan ta del i reingjeringa, meiner vi det kan setjast vilkår om dette. Her vert det på den andre sida spørsmål om klienten i det heile har krav på hjelp, jf vilkåret i § 4-3 (" ... som er helt avhengig av praktisk eller personlig hjelp for å greie dagliglivets gjøremål"). Sosialhjelpa er berre pliktmessig i den grad klienten fyller vilkåra i §4-3 - klienten har berre krav på naudsynte ytingar frå sosialtenesta.

3) Vilkår for å få støttekontakt

Etter vår vurdering kan eit vilkår om at klienten for å få støttekontakt skal vere rusfri, verke rimeleg - som eit utgangspunkt. Vilkåret om at støttekontakten skal sleppa å kome heim til vedkomande, høyrest derimot meir tvilsamt ut. I begge tilfella må det nærare opplysingar til før ein kan ta stilling. Vurderinga må tas heilt konkret i det einskilde tilfellet.

Med helsing

Jo Flydal e f

Liv Telle

Kopi: Øvrige fylkesmenn

Dette brevet er skannet inn og publisert av Statens helsetilsyn. På grunn av produksjonsformen kan det forekomme mindre trykkfeil og lignende i teksten. Gi gjerne beskjed til nettredaksjonen om du oppdager feil.