Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Aust-Agder gjennomførte i perioden 20.01.12 – 20.04.12 tilsyn med tvungen helsehjelp etter pasient- og brukerrettighetslova (pbrl) kapittel 4A til pasienter i sjukeheim i Åmli kommune.

Tilsynet skulle undersøkje om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp hos pasienter vert identifisert, og at pasientens samtykkjekompetanse vert vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert prøvd ut før tvungen helsehjelp vert gjennomført
  • det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

Denne rapporten skildrar dei avvika som vart påpekt innan dei reviderte områda.

Avvik 1

Åmli kommune sikrar ikkje at pasientars samtykkjekompetanse vert vurdert og dokumentert i tråd med lova.

Avvik 2

Åmli kommune sikrar ikkje at det vert gjort helsefaglege vurderinger av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

Dato: 20.04.12

Hanna H. Nilsen
revisjonsleiar

Nora Løddesøl
revisor

 

Egil Nordlie
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeida etter systemrevisjon i Åmli kommune i perioden 20.01.12 – 20.04.12. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannens planlagte tilsynsverksemd i inneverande år, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Fylkesmannen er gitt myndigheit til å føre tilsyn med den kommunale helse- og omsorgstenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten av 30. mars 1984 nr. 15 § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje lovbrot innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka vert følgd opp i praksis og om nødvendig korrigert
  • tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivninga vert overhalde

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved granskning av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar avvik som vart avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av arbeidet til verksemda innanfor dei områda tilsynet omfatta. Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhold av lov eller forskrift.

2. Skildring av verksemda - spesielle forhold

Åmli er ein innlandskommune på 1130 km2 med 1825 innbyggjarar (per januar 2011). Kommunen er ein av fylkets største skogbrukskommunar, og har og betydelige vasskraftressursar. Kommunen har ein flat struktur, med rådmann som øvste leiar. Under rådmannen sorterer omsorgsleiar som leiar for omsorgsavdelinga, under denne rehab/langtidsavdelinga og skjerma avdeling ved Åmli pleie- og omsorgssenter (ÅPOS).

ÅPOS er ein heildøgersinstitusjon, med 22 pasientar på tidspunktet for tilsynet. Skjerma avdeling har 6 plassar, og rehab-/langtidsavdelinga har 16 pasientar. Begge avdelingane har egen teamleiar. Omsorgsavdelinga bruker Visma Omsorg Profil som journalsystem. Tilsynslege er lokalisert i gangavstand frå sjukeheimen, og brukar WinMed som journalsystem. Tilsynslegen jobbar 4 timar i veka ved sjukeheimen.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart utsendt 20.01.12. Oversikt over dokument verksemda har oversendt i samband med tilsynet er gitt i kapitlet “Dokumentunderlag”.

Opningsmøte vart halde 15.03.12.

Intervju

7 personer vart intervjua (se tabell nedanfor)

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapitlet “Dokumentunderlag”.

Det vart gjennomført befaring ved Åmli Pleie- og omsorgssenter.

Sluttmøte vart halde 16.03.12.

4. Kva tilsynet omfatta

Temaet for tilsynet var tvungen helsehjelp etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A til pasientar i sjukeheim. Pbrl kapittel 4A gir føresegner for når tvang kan nyttast for å gjennomføre somatisk helsehjelp, og for korleis tvungen helsehjelp i så fall skal gjennomførast.

Tilsynet skulle undersøkje om kommunen legg til rette for at naudsynt helsehjelp til pasientar som motset seg helsehjelp vert gitt utan bruk av tvang slik lovas krav og formål føreset. Vidare skulle tilsynet undersøkje om kommunen sikrar at helsehjelpa til denne pasientgruppa vert vurdert i tråd med føresegnene i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A.

Tilsynet skulle undersøkje om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp hos pasientar vert identifisert, og at pasientens samtykkjekompetanse vert vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert prøvd ut før tvungen helsehjelp vert gjennomført
  • det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

5. Funn

Avvik 1:

Åmli kommune sikrar ikkje at pasientars samtykkjekompetanse vert vurdert og dokumentert.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Pasient- og brukerrettighetslova § 4-3 jf. § 3-5, helse- og omsorgstenestelova § 3-1 tredje ledd og § 4-1 første ledd bokstav c, jf. internkontrollforskriften og pasientjournalforskriften § 8.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det manglar rutinar for vurdering og evaluering av pasientars samtykkjekompetanse i forhold til spørsmål om helsehjelp. Omsorgsavdelinga har eit kartleggjingsskjema der ein på eit eige punkt kan krysse ja/nei for om pasienten har samtykkjekompetanse eller ikkje, men skjemaet vart ikkje funne att under journalgjennomgangen, og skildrar ikkje kva slags krav som vert stilt til ei samtykkjevurdering.
  • Av pasientjournalane og intervjua går fram at det ikkje alltid vert tatt stilling til samtykkekompetanse sjølv om pasienten har ein diagnose som vanlegvis fører til svekka evne til å ta avgjersler i spørsmål om helsehjelp.
  • Det føreligg ingen overordna kompetanseplan for dei tilsette ved sjukeheimen, eller systematiske opplæringstiltak som sikrar at alle tilsette har kjennskap til regulering av samtykkjekompetanse.
  • Det manglar rutinar for dokumentasjon av samtykkjevurderinger og informasjon av pårørande ved avgjerder om manglande samtykkekompetanse.
  • Observasjonar og vurderingar av pasienten vert dokumentert i varierande grad, og på fleire ulike stadar (Profil, WinMed, permer, notatbøker, osv), noko som gjer det vanskeleg å halde oversyn over utviklinga til pasienten.

Avvik 2:

Åmli kommune sikrar ikkje at det vert gjort helsefaglege vurderinger av om helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Pasient- og brukerrettighetslova § 4A-3 annet og tredje ledd, § 4A-5, helse- og omsorgstenestelova § 3-1 tredje ledd og § 4-1 første ledd bokstav c, jf. internkontrollforskriften og pasientjournalforskriften § 8.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det fremstår som uklårt for fleire av dei tilsette kven som har ansvar for å vurdere om vilkåra for tvungen helsehjelp er oppfylt.
  • Det føreligg ingen overordna kompetanseplan for dei tilsette ved sjukeheimen, eller systematiske opplæringstiltak i pbrl kapittel 4A for nytilsette. Under intervjua kom det fram at tilsette var usikre på vilkåra i lova.
  • Av pasientjournalene går det fram at helsehjelp vert gjennomført med tvang utan at det er dokumentert at vilkåra i lova er oppfylt eller fatta vedtak etter pbrl kapittel 4A.
  • Det manglar rutiner for kva som skal dokumenterast, og kor relevante og naudsynte observasjonar og vurderingar skal nedtegnes.
  • Det manglar rutinar for når det skal meldast avvik på området.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Åmli kommune er organisert i flat struktur, med rådmann som øvste leiar. Rådmannen har vidare delegert myndigheit til omsorgsleiar som leiar for omsorgsavdelinga. Det er utforma stillingsbeskrivelsar for dei tilsette ved sjukeheimen med klårt definerte arbeidsoppgåver. Ansvar for å vurdere tvungen helsehjelp etter kapittel 4A er imidlertid ikkje plassert, noko som kan medføre at det ikkje vert tatt stilling til eit for så vidt vanskeleg fagområde. Det er kommuneoverlegen som har vore oppnevnt som overordna fagleg ansvarleg for pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A. Han begynner no i ny stilling, og det er viktig at kommunen til ei kvar tid har ein overordna fagleg ansvarleg som held oversikt og kvalitetssikrar vedtak etter kapittel 4A. Overordna fagleg ansvarlig skal ha kopi av alle vedtak som vert fatta, og bør vere kjent av dei tilsette i omsorgsavdelinga.

Det føreligg ingen overordna kompetanseplan for dei tilsette i omsorgsavdelinga. Kommunen opplyser at det vart gjennomført kurs for dei tilsette då pbrl kapittel 4A vart innført i 2009, og at opplæring på området ellers skjer tilfeldig og når ein ser behov, eller når det kjem lovendringar. Kommunen må sikre at alle tilsette som til ei kvar tid yt helsehjelp har tilstrekkeleg kompetanse i forhold til føresegnene om tvungen helsehjelp, både for å førebyggje bruk av tvang der vilkåra i loven ikkje er oppfylt, og for å sikre at pasientar som motset seg helsehjelp får naudsynt helsehjelp.

Det vert halde jamnlege personal- og avdelingsmøter ved sjukeheimen, men av intervjua går fram at pbrl kapittel 4A og etikk sjelden er tema under disse møtene. Dersom ein ikkje legg til rette for faste møtepunkter for dei tilsette i omsorgsavdelinga vil erfaringsutveksling skje tilfeldig, utan at ein sikrar at vanskelige problemstillingar vert drøfta, og at samla kunnskap og erfaring på området vert utnytta.

Det føreligg ingen skriftlege rutinar for pbrl kapittel 4A og vurdering av samtykkekompetanse i forhold til spørsmål om helsehjelp ved sjukeheimen. Dette kan medføre at praksis er uklar blant dei tilsette, og at helsehjelp og samtykkje ikkje vert vurdert i tråd med føresegnene i pasient- og brukerrettighetslova. Kommunen bør vurdere behovet for å innføra prosedyrer/rutiner eller andre tiltak på området for å rette opp og førebyggje lovbrot. Internkontrollen skal tilpassast verksemdas storleik, eigenart, aktiviteter og risikoforhold. Tvungen helsehjelp er ei svært alvorlig inngripen i pasienten sin autonomi, og omsynet til pasientens rettstryggleik bør her vege tungt. Kommunen manglar og skriftlege rutinar for kva som skal journalførast og kvar viktige observasjonar og pasientvurderingar skal nedtegnes. Kommunen brukar i dag to uavhengige journalsystem (Profil og WinMed), i tillegg til eit utal permar og notatbøker til å dokumentere den løpende tjenesteytinga. Dette kan medføre at viktige opplysningar ikkje vert funne att ved behov og på tvers av vaktskifter.

Kommunen har eit fungerande avvikssystem og god meldekultur. Til tross for låg terskel for å melde avvik er det imidlertid bare meldt eit avvik knytta til motstand/tvang siste halve år. Dersom det ikkje ligg føre ei skriftleg rutine eller dei tilsette ikkje har ei omforent forståing av hva som er å rekne som avvik, risikerer ein at svikt i tenesta ikkje vert meldt og avdekt. Kommunen må føreta systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at den medverkar til kontinuerlig bedring av verksemda. Dette er omsorgsleiars, og i siste instans, rådmannens ansvar.

7. Regelverk

  • Lov om pasient- og brukerrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. av 24. juni 2011 nr. 30
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385

8. Dokumentunderlag

Verksemda sin eigen dokumentasjon knytta til den daglege drifta og andre viktige dokument som vart oversendt under forberedelsen av revisjonen:

  • stillingsomtale for teamleiar, sjukepleiar og hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • kartleggjingsskjema
  • vakt- og bemanningsplan for 15. og 16. mars
  • avviksskjemaet i QM +

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 22 brukarjournalar (Profil og WinMed)
  • avviksmeldinger frå siste halvår
  • HMSK-håndbok for Åmli kommune
  • delegasjonsreglement

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • varsel om tilsyn datert 20.01.12
  • brev frå Åmli kommune datert 09.102.12 med kopi av styrende dokumenter
  • program for tilsyn datert 23.02.12

9. Deltakarar ved tilsynett

I tabellen under er det gitt oversyn over deltakarar på opningsmøte og sluttmøte, og over personer som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Bjarte Nordås

Rådmann

 

X

X

Laila Nylund

Omsorgsleiar

X

X

X

Vivian K. Persen

Tilsynslege

X

X

 

Tonje E. Komnæs

Turnuslege

X

   

Susanne Aabakk

Teamleiar langtidsavdeling

X

X

X

Marie Aamlid

Teamleiar skjerma avdeling

X

X

X

Arne Hansen

Rådgjevar

X

 

X

Heidi Storm-Olsen

Sjukepleiar

X

X

X

Kari Hellesfjord

Hjelpepleiar

 

X

X

Astrid Vorland

Teamleiar heimesjukepleien

X

   

Frå tilsynsstyresmaktene deltok:
Hanna H. Nilsen
Nora Løddesøl
Egil Nordlie