Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

  • Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonensikrarat politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Ivar Skjolden
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Aleris Ungplan & BOI Region vest AS. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova§ 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt blir korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøking ar.

Rapporten omhandla avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheita finn grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Institusjonsverksemda i Aleris Ungplan & og BOI sitt arbeid i region Vest består av små bufellesskap. Institusjonen har eit hovudkontor som administrerer mellom anna seks bufellesskap. Tre av <lesse er særleg lagt til rette for gruppa av ungdom med fleirkulturell bakgrunn. Ungdomar plassert itiltaka får tilbod om musikkterapi og deltaking i teaterlaget "Kom nærmere".

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel blei sendt 10.4.2012. Oversikt over dokument verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 6.6.2012

Intervju
10 personar blei intervjua. 7 av <lesse vart intervjua ved besøk i butiltaka.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

 

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester § 6-10
  • Forskrift om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner§ 10
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling§§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
  • Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda si eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som blei sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for regionen.
  • Arbeidsreglement for Aleris Ungplan & BOI AS
  • Rekrutteringsform og annonse
  • Rutiner ved inngått arbeidsavtale/tilbod om tilsetting
  • Oversikt over bemanning med tilsettingsdato, stilling, og dato for innhenta politiattest med merknader.
  • Kopi av politiattestar for alle tilsette.
  • Bufetat sin rapport frå etterkontroll av privat barneverninstitusjon 2012 - institusjon Aleris Ungplan - datert 30.3.2012

8. Deltakere ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Thomas Høiseth

Regiondirektør

X

X

X

Lillian Teige

Kontorleiar

X

X

 

Roy Mowatt

Avdelingsleiar/ stedfortreder

X

X

 

Trond Garborg

Avdelingsleiar

X

X

 

Lars Kristian Skår

Miljøterapeut

 

X

 

May Hege Steinkjer

Ringevikar

 

X

 

Kristina Haavik

Miljøterapeut

 

X

 

Herdis Blom

Vikar

 

X

 

Bjørn Hagen

Miljøterapeut

 

X

 

Kamram Khidel

Vikar

 

X

 

Knut Morten Bø

Miljøterapeut

 

X

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå tilsynsmyndigheita deltok:
Ivar Skjolden og Eirik Lyssand