Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

  • Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre i samsvar med lovkrav, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det ble ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

Dato: 7.6.2012

Vibeke Herskedal
revisjonsleiar

Ivar Skjolden
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Bergen Ungdomssenter 9. mai 2012. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn i barnevernsinstitusjonar etter lov om barneverntenester §2-3b, tredje ledd jf kapittel 5 i same lov, og forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjonar for omsorg og behandling § 9.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt vert korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga vert overhalde

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandler avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av virksomhetens arbeid innenfor de områder tilsynet omfattet.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheta finner grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Skildring av verksemda - spesielle forhold

Bergen Ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon med to avdelingar med til saman seks plassar. Målgruppa er ungdom i alderen 14-18 år med alvorlege åtferdsvanskar og høg risiko for framleis negativ utvikling/åtferd, plasserte etter §§ 4-24 eller 4-26. Det overordna ansvaret for å innhente politiattestar er plassert hos institusjonsleiar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel om tilsyn blei sendt 19.1.2012. Oversikt over dokumenter verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 9.5.2012.

Intervju - 4 personar blei intervjua.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift når det gjeld politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntenester § 6-10
  • Forskrift om krav til kvalitet i barnevernsinstitusjonar § 10
  • Forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjonar for omsorg og behandling §§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven med merknader
  • Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda si eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som ble sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for institusjonen
  • Namn på alle tilsette med dato for tiltreding
  • Kopi av politiattest for alle tilsette
  • Prosedyre vedkomande innhenting av politiattest
  • Kontrollskjema til prosedyre for innhenting av politiattestar

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Hilde Kristin Femtehjel

Leiar

X

X

X

Beate Dyrøy

Avdelingsleiar

X

X

X

Anne Marie Kvamsås

Miljøterapeut

 

X

 

Jeanett Haugen

Miljøterapeut

 

X

 

Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Rådgjevar Ivar Skjolden
Seniorrådgjevar Vibeke Herskedal