Helsetilsynet

Samandrag

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året. Rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som blei påpeikt innanfor dei undersøkte områda.

Under tilsynet hadde vi eit særleg fokus på om det er gitt naudsynt rettleiing og opplæring for tilsette i reglane om bruk av tvang. ,

Det blei gitt følgjande avvik:

Etne kommune sikrar ikkje at tenestetilbodet som blir ytt til personar med psykisk utviklingshemma er i samsvar med reglane i kapittel 9.

Det blei ikkje funne grunnlag for merknader innanfor det kontrollerte området.

Frist for å gi tilbakemelding om tiltak for å rette avviket, er sett til 30. september 2012.

Dato: 22.6.2012

Torill Vebenstad
revisjonsleiar

Vibeke Herskedal
revisor

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

 


Kva tilsynet omfatta

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. helse- og omsorgstenestelova § 9-4.

Tilsynet omfatta følgjande område:

  • Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, nr 6, bokstav a-d i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Funn

Avvik:

Etne kommune sikrar ikkje at tenestetilbodet som blir ytt til personar med psykisk utviklingshemma er i samsvar med reglane i kapittel 9.

Avvik frå:

  • Lov om helse- og omsorgstenester §§ 9-4,9-5,9-7 og 9-lO,jf. § 3-1 tredje avsnitt, samt forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4 c, g og h.

Kommentar:

Av lov om helse- og omsorgstenester § 9-4 går det fram at kommunen plikter å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mulig bruk av tvang. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Av§ 9-5 går det fram at andre løysingar skal vere prøvd før tvang blir nytta, og § 9-7 seier kva reglar for saksbehandling som gjeld når tvang blir nytta. I § 9-10 går det fram at kommunen har plikt til å dokumentere nødvendige og relevante opplysningar i journal (protokoll). Protokoll skal førast for dei tiltak med bruk av tvang som er overprøvd og godkjent av Fylkesmannen.

Av § 3-1, tredje avsnitt følgjer det at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 9 blir halde, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkelege.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Det er ikkje gitt tilpassa opplæring om regelverket til dei tilsette. Under intervju kom det fram at det er uklart kva som er tvang og i kva situasjonar reglane i kapittel 9 gjeld.
  • Det er nytta tvang systematisk i form av belte i stol, rullestol og 5 punkt sele i bil. Det blei opplyst i fleire intervju at belta i tillegg til å hindre at tenestemottakarane fell ut av stolen/sete, hindrar dei i å kome seg ut av stolane. Tenestemottakarane kan ikkje opne belta sjølv.
  • Det blir nytta barnesikring på skap, låst dør og plassering av ting utanfor rekkevidde for å hindra tenestemottakar fri tilgang til tinga som er plassert der, utan at desse tiltaka er vurdert opp mot reglane i kapittel 9.
  • Det er ikkje ført journal (protokoll) for gjennomføring av tiltak Fylkesmannen har godkjent i vedtak.
  • Leiinga har ikkje hatt ein gjennomgang for å kontrollere at naudsynt opplæring er gitt og at Fylkesmannen sitt vedtak om bruk av tvang blir gjennomført i tråd med reglane i kapittel 9.

Vurdering av styringssystemet i verksemda

Sentralt i dette tilsynet er kommunen sin styring og kontroll med at krav til rettstryggleik ved yting av tenester til personar med utviklingshemming blir oppfylt. For å førebygge svikt må personell ha nødvendig opplæring og føresetnader til å utføre oppgåvene, rutinar som er kjende og følgde, ordningar for å fange opp sårbare tilhøve ved verksemda og oppfølging frå leiinga. Ein grunnleggjande føresetnad for å etterleve krav i lov om helse- og omsorgstenester kapittel 9 er at tilsette får tilstrekkeleg opplæring i regelverket og kunnskap om kva dette inneber i praksis.

Tilsynet har avdekt at kommunen ikkje har nødvendig styring og kontroll då tilsette ikkje har den kunnskap dei treng for å kunne definere kva som er tvang i alle situasjonar. Leiinga er berre delvis kjent ved manglane som er påpeika ved dette tilsynet, men opplyser at tiltak for å rette/førebyggje svikt vil bli sett i verk.

Regelverk

  • LOV 2011-06-24 nr 30: Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
  • LOV 1967-02-10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta

Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Organisasjonsoversikt- funksjon, ansvar og mynde
  • Oversikt over stader/einingar der ein yter kommunale helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming
  • Delegasjon av mynde frå rådmann til helse og sosialleiar av juni 2009
  • Delegering av oppgåver til avdelingsleiar i bufellesskap, avlastning og barnebustad
  • Milepælsplan for innføring av kvalitetssystem i Etne kommune
  • Rutinar for tvang/makt i høve støttekontaktar og avlastarar, datert 18.4.2012
  • Rutinar for bruk av tvang/makt av 2007
  • Kursoversikt/behov ajour pr april2012
  • Moment til opplæringsplan av 2009
  • Vikaropplæring - udatert
  • Årshjul for tenesta av 2008
  • Journalnotat, protokollar, vedtak, plan for opplæring og rettleiing, prosedyre for gjennomføring av tiltak for einskildbrukarar

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn blei sendt i brev 5.3.2012.
  • Dokumentasjon frå Etne kommune, brev mottatt 20.4.2012 med vedlegg.
  • E-post frå Fylkesmannen av 7.5.2012, vedlagt program for tilsynet.

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Inger Lund Rolland

Konsulent for funksjonshemma

X

X

X

Torill Hjelmervik

Miljøarbeidar/Assistent

 

X

X

Gurine Fosse

Avdelingsleiar

X

X

X

Merethe Bjørgen

Miljøarbeidar/Assistent

 

X

X

Atle Aas

Avdelingsleiar

X

X

X

KjetilS. Nordstrøm

Einingsleiar helse og sosial, overordna fagleg ansvarleg for kapittel 9

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok: Vibeke Herskedal, seniorrådgjevar Torill Vebenstad, seniorrådgjevar