Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

Dato: 9.5.2012

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Ivar Skjolden
revisor

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen underskrift.

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved EM-tiltaket, Grønebrekka Bufellesskap Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova§ 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt blir korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandla avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheita finn grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Skildring av verksemda - spesielle forhold

Tiltaket er kommunalt eigd og driven med godkjenning som barneverninstitusjon. Godkjenninga gjeld for inntil fire plassar for einslege mindreårige flyktningar av begge kjønn i alderen 12-20 år plassert i medhald av barnevernlova§ 4-4,femte ledd.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel blei sendt 10.4.2012. Oversikt over dokument verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 8.5.2012

Intervju

3 personar blei intervjua.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester § 6-1O
  • Forskrift om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner § l O
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling §§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
  • Rundskriv Q-34/20 Il: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drifta og andre tilhøve som blei sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for institusjonen.
  • Namn på alle tilsette med dato for kor tid dei byrja i stillinga.
  • Kopi av politiattest for alle tilsette.
  • Standardskriv til politiet vedkomande oppmoding om innhenting av politiattest
  • Bufetat sin rapport frå etterfølgjande kontroll av Grønebrekka Bufellesskap av 22.12.2011

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Gro Kyte

Barnevernsjef

X

X

X

Hege Rekdal

Leiar for tiltaket

X

X

X

Thomas Olsen

Miljøterapeut

X

X

X

Frå tilsynsmyndigheita deltok:
Ivar Skjolden og Eirik Lyssand