Helsetilsynet

1. Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 19 - 21. september 2012 tilsyn med Hardanger barnevern. Denne rapporten gjer greie for avvik som blei påpeikte innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Tilsynet omfatta barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar og evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn. Vi hadde fokus på barn si rett til medverknad under begge hovudtema.

Barnevernet sitt arbeid med undersøkingar er viktig grunnlag for å sikre at barn som treng det får rett hjelp til rett tid. Det er sentralt for barn og deira føresette at tiltaka som blir sett i verk gir den hjelpa som var meint, evaluering av tiltaka er såleis svært viktig.

Fylkesmannen har ved tilsynet funne at Hardanger barnevern ikkje har nødvendig styring med at krav i barnevernlova knytt til evaluering av hjelpetiltak blir følgde. Dette medfører mellom anna at det i einskilde tilfelle ikkje er dokumentert at det vert gjennomført ei tilstrekkeleg vurdering av om hjelpetiltak er tenelege eller om dei bør avsluttast, eventuelt erstattast av andre tiltak.

Det blei gitt eit avvik under tilsynet:

Hardanger barnevern sikrar ikkje at det i alle saker vert gjennomført tilstrekkeleg evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn

Frist for å gi tilbakemelding om tiltak for å rette avviket er sett til 20. november 2012.

Dato: 2. oktober 2012

Hilde Ordemann
tilsynsleiar

Ivar Skjolden
revisor

 

Randi Alme Flataker
revisor

 

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Hardanger barnevern i perioden 26. juni - 21. september 2012.

Tilsynet omfattar barneverntenesta sine undersøkingar, jf. barnevernlova (bvl) § 4-3, og evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn, jf. bvl § 4-5. Barn sin rett til medverknad står sentralt under begge hovudtema, jf. bvl § 6-3. Medverknad vil i denne samanheng vera barn sin rett til å bli informert og til å uttale seg.

Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet som Statens helsetilsyn har bede Fylkesmennene om å gjennomføre i 2012.

Fylkesmannen i Hordaland har heimel til å føre tilsyn med barneverntenesta etter bvl § 2-3 b.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.

Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

2. Omtale av verksemda

Hardanger barnevern er ei interkommunal barnevernteneste for Eidfjord, Ulvik, Ullensvang, Jondal og Odda, med sistnemnde kommune som vertskommune. Det er oppretta ei styringsgruppe for tenesta som består av rådmann i kvar kommune og den rådmannen utnemner. Det er rådmann i Odda kommune som er leiar for styringsgruppa. Hardanger interkommunale barnevernteneste har ansvar for barneverntenestene til om lag 15000 innbyggarar.

Barneverntenesta er organisatorisk plassert inn i oppvekstsektoren i Odda med oppvekstsjef som leiar. Oppvekstsjef rapporterer til rådmann som si overordna leiar.

Barneverntenesta er organisert i to team, eit undersøkelsesteam og eit tiltaksteam med ein teamleiar for kvart team, barnevernleiar er overordna leiar. Leiar for tiltaksteam er stedfortredar for leiar. Det er 9 tilsette ved Hardanger barnevern.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 26. juni 2012. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 19. september 2012.

Intervju

Under tilsynet blei 9 personar intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 21. september 2012.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var

barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar. Fylkesmannen vurderte om kommunen sikrar

  • at det blir gjennomført ei tilstrekkeleg undersøking, under dette at det ligg føre ein plan for undersøkinga
  • at det blir gjennomført ei konkret og individuell vurdering før undersøkinga blir konkludert

barneverntenesta sitt arbeid med evaluering av hjelpetiltak til heimebuande barn. Fylkesmannen vurderte om kommunen sikrar

  • at det blir gjennomført ei forsvarleg evaluering ved at naudsynt informasjon vert innhenta og at informasjonen deretter vert vurdert opp i mot formålet med tiltaket

barns rett til medverknad ved undersøkingar og evaluering av hjelpetiltak

Kommunen er pålagt å ha internkontroll, jf bvl § 2-1, andre ledd og forskrift om internkontroll. Tilsynet undersøkte om, og på kva måte, kommunen si leiing følgde med på at barneverntenesta utførte dei oppgåver dei er pålagt etter bvl §§ 4-3, 4-5 og 6-3.

5. Funn

Avvik:

Hardanger barnevern sikrar ikkje at det i alle saker vert gjennomført tilstrekkeleg evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn

Avvik frå følgjande lovkrav:

  • Lov om barneverntenester §§ 4-1, 4-5, 6-1, 6-3, Barnekonvensjonen artikkel 12 og bvl § 2-1, andre ledd jf forskrift om internkontroll for kommunens oppgåver etter lov om barneverntenester § 4 g og h.

Kommentar til myndigheitskrav:

Barneverntenesta har ansvar for å følgje med på korleis det går med barnet og foreldra etter at dei har sett i verk hjelpetiltak. Det er ein føresetnad at tiltaket blir evaluert regelmessig av barneverntenesta i fellesskap med den eller dei tiltaket er retta mot, først og fremst barnet og foreldra. Barneverntenesta skal på bakgrunn av innhenta opplysningar og barnets synspunkt vurdere om hjelpetiltaket er tenleg, eventuelt om det er nødvendig å sette inn andre tiltak, om tiltaket skal opphøyre, eller om det er grunnlag for omsorgsovertaking. Barnets synspunkt må tilleggjast vekt i samsvar med barnets alder og utvikling.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Rapporteringsskjema pr 30.6.2012 frå barneverntenesta og gjennomgang av mapper syner at det ikkje ligg føre tiltaksplan i alle saker med hjelpetiltak.
  • Det ligg føre rutine og standardskjema til bruk ved evaluering av hjelpetiltak. Det kjem fram i intervju og ved dokumentgjennomgang at skjemaet ikkje er i bruk og at prosedyren i liten grad vert følgt.
  • Det vert innhenta opplysningar om barnet si fungering frå aktuelle instansar i høve det iverksette tiltaket. Vurdering av tiltaka si verknad vert i liten grad dokumentert. Det er opplyst i intervju at denne vurderinga skjer i møter, og at den ikkje vert skriftleggjort.
  • Leiinga har ved si gjennomgang ikkje avdekka at vurderinga av tiltaka si verknad i hovudsak ikkje er dokumentert.
  • Gjennomgang av saksmapper viser at det ikkje vert gjennomført samtalar med barn i alle saker. Det er i liten grad dokumentert kva vurderingar som ligg bak ei avgjersle om ikkje å snakke med barnet.
  • Det ligg føre eit avviksrapporteringssystem til bruk i verksemda. Det er opplyst at det på leiarnivå ikkje er tatt stilling til kva som skal reknast som eit avvik innanfor dette området. Det er barnevernleiar som tek avgjerd når det gjeld kva som skal rapporterast til overordna leiar. Leiinga etterspør ikkje rapportering utover dette. Øvste leiar har ein oppfatning av at tal på overskridingar og tal på manglande tiltaksplanar vert rapportert til leiarnivået under ho. Men det er opplyst i fleire intervju at dette ikkje vert gjort.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Det lovpålagte styringssystemet for barneverntenestene skal bidra til å sikre at krav i barnevernlova vert halde. Kommunen si styring og kontroll med barnevernets arbeid med undersøkingar er grunnlaget for å sikre at barn som treng hjelp får det til rett tid. Det er sentralt for barn og deira føresette at hjelpetiltak som er sett inn fungerer som dei er meint. Vurderinga av hjelpetiltaka sin effekt er derfor svært viktig.

Det er manglar ved fleire sider av styringssystemet ved Hardanger barnevern. Skriftleg nedfelt rutine om evaluering av hjelpetiltak vert ikkje fullt ut følgt i praksis. Vurderinga av om tiltaka har dei verknader dei er meint å ha, skjer i hovudsak munnleg og vert i liten grad dokumentert. Ein kan såleis ikkje finne dokument som syner barneverntenesta sine samla vurderingar av om målsettinga med tiltaket vert oppnådd, eller om andre tiltak burde vore prøvd. Leiarar på fleire nivå har ved si gjennomgang ikkje fanga opp denne svikten.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989.
  • Lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (barnevernloven).
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967.
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr 1584.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart for oppvekstsektoren i Odda
  • Organisasjonskart for Hardanger barnevern
  • Samarbeidsavtale for Hardanger barnevern
  • Stillingsinstruksar for tilsette i Hardanger barnevern
  • Rutinehandbok for Hardanger barnevern
  • Historikk for Hardanger barnevern
  • Årsmelding 2011
  • Oversikt over deltaking i samarbeidsteam
  • Veiledningshefte for samhandling i oppvekstsektoren i Odda
  • Malar for arbeid med undersøkingar
  • Malar for arbeid med hjelpetiltak
  • Delegasjon av mynde til barnevernleiar

Dokumentasjon som blei gjennomgått:

  • 16 saksmapper der undersøkinga var avslutta innan tidsfristen, både saker som blei lagt bort og saker der det vart konkludert med hjelpetiltak
  • 5 meldingar som var henlagt
  • 10 saksmapper der vedtak om hjelpetiltak er sett i verk før 1. mars 2012

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet, program for tilsynet og kva sakmapper ein ønska å gjennomgå.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Elin Rullestad Fossåen

Barnevernleiar

X

X

X

Einar Berge

Teamleiar, undersøking

X

X

X

Terje Solvi

Teamleiar, hjelpetiltak

 

X

X

Kirsti Haarra

Barnevernkonsulent

 

X

 

Bjarte Møller Bjørge

Familierettleiar

X

X

X

Kari Anne K Kråkevik

Barnevernkonsulent

X

X

X

Evelyn Sekse Haustveit

Barnevernkonsulent

X

 

X

Anna Digranes

Barnevernkonsulent

 

X

 

Øyvind Bjørkevoll

Oppvekstsjef

X

X

 

Ingrid Guddal

Rådmann

 

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Randi Alme Flataker, Ivar Skjolden og Hilde Ordemann, tilsynsleiar