Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

  • Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

Dato: 27.4..2012

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Trond Horten
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Hardanger Fartøyvernsenter.

Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova§ 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt blir korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandla avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheita finn grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Ungdomsavdelinga ved Hardanger Fartøyvernsenter er organisatorisk ein del av Hardanger Voss museum. Institusjonen har 7 godkjende plassar for aldersgruppa 15-20 år etter heimlar i barneverlova §§ 4-4,5.ledd, 4-12, 4-24 og 4-26. Ungdomane bur i private heimar (Butiltak), men oppheld seg på dagtid i diverse aktivitetar (skule, arbeid). Dei som ikkje har slik aktivitet er samla dag og ettermiddagstid i felleslokale i tilknyting til Fartøyvernsenteret. Institusjonen har inntil nyleg hatt liten søknad om plasseringar, men har no fullt. Ikkje alle søknader har passa inn i institusjonen sitt spesielle opplegg.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel blei sendt 14.3.2012. Oversikt over dokument verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 25.04.2012

Intervju
4 personar blei intervjua.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester § 6-1O
  • Forskrift om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner § 10
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling §§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
  • Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda si eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som blei sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for Hardanger og Voss museum og Hardanger Fartøyvernsenter.
  • Namn på alle tilsette pr 11.04.2012 med dato for kor tid dei byrja i stillinga.
  • Kopi av politiattest for alle tilsette.
  • Prosedyre vedkomande innhenting og oppbevaring av politiattestar.
  • Bufetat sin rapport frå etterfølgjande kontroll av Hardanger Fartøyvernsenter av 11.11.2011

8. Deltakarar ved tilsynett

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Terje Langeland

Leiar

X

X

X

Hauke Thiesen

Dagtilbodskoordinator

 

X

 

Anders Geertsen

Butiltak

 

X

 

Signe Skeie Brurok

Konsulent

 

X pr telefon 27.4

 

Frå tilsynsmyndigheita deltok:
Trond Horten og Eirik Lyssand