Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

  • Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

Dato: 24.4.2012

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Trond Horten
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Jentespranget AS.

Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt blir korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandla avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett ieller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheita finn grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Jentespranget er eit privateigd AS. Målgruppe er jenter i alderen 13- 18 år med plasseringsparagrafar §§ 4-4,femte ledd, 4-12, 4-24 og 4-26. Institusjonen har 5 plassar i hovedhuset i Vatnadalsvegen 80 og 3 plassar avdeling Sæ. Det er i tillegg plassar utanom Hovedhuset for plasseringar i fase 2 og 3. Dei som bur i fase 2 og 3 er i utflyttingsfase for meir sjølvstendiggjering, og blir følgd opp av miljøpersonale frå dei andre to faste avdelingane.

Institusjonen har plasseringar frå fleire regionar utanom Region Vest (Øst og Sør).

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel blei sendt 14.3.2012. Oversikt over dokument verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 24.4.2012

Intervju

5 personar blei intervjua.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester § 6-10
  • Forskrift om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner § 10
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling §§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
  • Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som blei sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for institusjonen.
  • Namn på alle tilsette med dato for kor tid dei byrja istillinga.
  • Kopi av politiattest for alle tilsette.
  • Rutine for Politiattest
  • Rutinar for tilsetting av nye medarbeidarar ved Jentespranget AS
  • Bufetat sin rapport frå etterfølgjande kontroll av Jentespranget AS av 07.12.2011 og 6.3.2012.

8. Deltakere ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Gro Valvatne

Leiar

X

X

X

Gro Bommen

Nestleiar

X

X

X

Evy Kallevåg

Miljøterapeut

 

X

 

Jostein Bertin Øgård

Miljøterapeut

 

X

 

Anne Aanderaa

Miljøterapeut

 

X

 

Frå tilsynsmyndigheita deltok:
Trond Horten og Eirik Lyssand