Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Jondal kommune 26.-27. april 2012. Denne rapporten gjer greie for avvik som blei påpeikte innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Vi undersøkte om Jondal kommune, Vikevollen sjukeheim, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gjeven i samsvar med krav i helselovgjevinga.

Vi undersøkte særskilt om kommunen har innretta verksemda og følgjer med på at krav i pasient- og brukerrettighetlova kapittel 4 A blir følgde slik at

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert,
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen helsehjelp blir gjennomført,
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

Reglane i kapittel 4A skal sikre at helsehjelp blir gjeven for å hindre vesentleg helseskade hos pasientar utan samtykkekompetanse og som set seg imot helshjelpa. Reglane skal også førebyggje og hindre unødvendig bruk av tvang.

Tilsynet har avdekt at kommunen hittil ikkje har nødvendig styring og kontroll med at samtykkekompetanse blir vurdert og at tvungen helsehjelp ikkje blir gitt utan helsefagleg vurdering av om vilkår er oppfylte og gyldig vedtak ligg føre.

 

Ved tilsynet blei det påpeikt to avvik frå krav i helselovgjevinga:

  1. Det er ikkje tydeleg avklart og kjent kven som har ansvar for å vurdere, gjere vedtak og vere overordna fagleg ansvarleg for vedtak om tvungen helsehjelp.
  2. Tilsette ved sjukeheimen som har pasientretta oppgåver, har ikkje fått tilstrekkeleg og tilpassa opplæring om samtykke og vilkår for tvungen helsehjelp

Frist for å gi tilbakemelding om tiltak for å rette avvika er sett til 25. august 2012.

Dato: 24. mai 2012

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Silje Haaskjold Sætre 
revisor

 



1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Jondal kommune, Vikevollen sjukeheim 26.-27. april 2012.

Tilsynet er del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helsetenester til eldre i 2011-2012 og er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.

Fylkesmannen i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin.

Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar.
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte.
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda.

Pleie- og omsorgstenesta i Jondal kommune omfattar heimetenesta, tenester i servicebustader og Vikevollen sjukeheim. Pleie- og omsorgsleiar har overordna ansvar for tenestene og rapporterer til rådmann.

Fleire av dei tilsette arbeider både i heimetenestene og ved sjukeheimen. Det inneber fleire av personalet vanlegvis har god kjennskap til pasientane når dei blir innlagt i sjukeheimen. Då tilsynet blei gjennomført hadde vikar for den faste tilsynslegen vore tilsett i 1 ½ veke. Legen er tilstades på sjukeheimen to dagar i veka, svarande til 20 % stilling.

Sjukeheimen har 30 plassar, to akuttrom og 28 einerom fordelt på fire grupper: Gruppe 1 med seks plassar er tilrettelagt for personar med demenssjukdom. Gruppe 2 med sju plassar har også nokre pasientar med demenssjukdom. Gruppe 3 med åtte plassar og gruppe 4 med sju plassar er for pasientar som av andre grunnar treng plass i sjukeheim.

 

Ved sjukeheimen er det organisert ein time «overlappingstid» ein fast dag i veka for etisk refleksjon, drøfting av praksis, informasjon og internopplæring. Tilsette i pleie- og omsorg fekk internundervisning om helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa den 29. mars 2012.

Då tilsynet blei gjennomført, var det ikkje treft vedtak om tvungen helsehjelp.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 24. februar 2012. Opningsmøte blei halde 26.april 2012. Intervju: 11 personar blei intervjua.

Det blei gjort stikkprøver i 24 pasientjournalar og synfaring ved sjukeheimen.

Sluttmøte blei halde 27. april 2012.

Oversikt over dokumentasjon som Jondal kommune, Vikevollen sjukeheim har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått ved tilsynet, er gjeven i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet undersøkte vi om Jondal kommune, Vikevollen sjukeheim, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gjeven i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert.
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført.
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

5. Funn

Avvik 1

Det er ikkje tydeleg avklart og kjent kven som har ansvar for å vurdere, gjere vedtak og vere overordna fagleg ansvarleg for vedtak om tvungen helsehjelp.

Avvik frå: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4a og pasient- og brukerrettighetsloven § 4A-2, jf. § 4-3, og § 4A-5 og § 4A-6.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er ikkje tilstrekkeleg avklart og kjent kven som har ansvar for å vurdere og avgjere om pasientar openbert manglar samtykkekompetanse.
  • Det er ikkje tilstrekkeleg avklart og kjent kven som er utpeikte til gjer helsefaglege vurderingar av om vilkår for tvungen helsehjelp er oppfylte og fatte vedtak om tvang.
  • Det er ikkje tilstrekkeleg avklart kven som er utpeikt til å vere overordna fagleg ansvarleg for vedtak om tvungen helsehjelp.
  • Dei skriftlege rutinane som kommunen har utarbeidd om vurdering av samtykkekompetanse, helsfagleg vurdering og vedtak om helsehjelp til pasientar som motset seg helsehjelp, avklarar ikkje ansvarsforhold.

Avvik 2:

Tilsette ved sjukeheimen som har pasientretta oppgåver, har ikkje fått tilstrekkeleg og tilpassa opplæring om samtykke og vilkår for tvungen helsehjelp.

Avvik frå: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4c og pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4 og kapittel 4A.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er ikkje klart for alle som deltok ved tilsynet, kva som er eit gyldig samtykke og kva krav som gjeld til dokumentasjon i pasientjournal i tilfelle pasientar openbert manglar samtykkekompetanse.
  • Det er ikkje klart for alle som deltok ved tilsynet, kva som er føresetnadane for å bruke tvungen helsehjelp og kva som er dei interne rutinane for å vurdere og treffe vedtak.
  • Dei skriftlege rutinane om samtykke og tvungen helsehjelp som kommunen nyleg har utarbeidd, er ikkje kjende av alle som deltok ved tilsynet.
  • Skilnaden på øyeblikkeleg hjelp og tvungen helsehjelp er ikkje kjent av alle som deltok ved tilsynet.
  • Det er ikkje etablert praksis for å vurdere om pasientar som set seg imot helsehjelp, har føresetnader for å samtykke.
  • Krav til dokumentasjon av motstand mot helsehjelp og bruk av tillitsskapande tiltak er ikkje kjende av alle som deltok ved tilsynet.
  • Leiinga er merksam på behovet for meir opplæring, men har ikkje bestemt korleis denne skal organiserast.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Kommunens styring og kontroll med at krav til rettstryggleik, pasienttryggleik og forsvarleg verksemd blir oppfylte, er sentrale ved dette tilsynet. Det lovpålagte styringssystemet for helsetenestene skal bidra til at krav i helselovgjevinga blir haldne. Avklarte ansvarsforhold, personell som har nødvendig opplæring og føresetnader for å utføre oppgåvene, rutinar som er kjende og følgde, ordningar for å fange opp sårbare tilhøve ved verksemda og oppfølging frå leiinga, skal bidra til å førebyggje svikt.

Tilsette har kjennskap til pasientane. Dei er merksame på situasjonar der pasientane gir uttrykk for eller viser at dei ikkje ønskjer å ta imot helsehjelp og søkjer å leggje til rette for at pasientane får medverke.

Ein grunnleggjande føresetnad for å etterleve krav i helselovgjevinga er at tilsette får tilstrekkeleg innføring i regelverket og kunnskap om kva dette inneber i praksis. Ansvars- forhold må og vere avklarte. Internopplæring og arbeid med utvikling og iverksetting av rutinar som blei sett i gang etter at kommunen fekk melding om tilsyn, er ein start, men ikkje tilstrekkeleg til å sikre at pasientrettar blir ivaretekne.

Tilsynet har avdekt at kommunen hittil ikkje har nødvendig styring og kontroll med at samtykkekompetanse blir vurdert og at tvungen helsehjelp ikkje blir gitt utan helsefagleg vurdering av om vilkår er oppfylte og gyldig vedtak ligg føre.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten.
  • Lov av 24. juni 2011 nr 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns om org og pleie.
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal.
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten.
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene.
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

Dokumentasjon motteken i e-brev av 22. mars med vedlegg og brev av 23. mars 2012 med vedlegg frå Jondal kommune

  • Organisasjonskart pleie- og omsorgstenesta
  • Informasjon om Vikevollen sjukeheim
  • Oversikt over tilsette i pleie- og omsorgstenesta
  • Einingsplan 2012-2015
  • Møteplan våren 2012 for leiargruppa og kvalitetsrådet
  • Stillingsomtale for tilsynslege ved Vikevollen sjukeheim
  • Introduksjon og opplæring for tilsynslegen ved Vikevollen sjukeheim
  • Skriftleg rutine, oppretta 21. mars 2012: Vurdering av samtykkekompetanse
  • Skriftleg rutine, oppretta 16. mars 2012: Rutine for journalføring, Cosdoc journalsystem
  • Skriftleg rutine, oppretta 16. mars 2012: Vurdering av helsehjelp til pasienter som motsetter seg helsehjelp
  • Skriftleg rutine, oppretta 16. mars 2012:Vedtak om helsehjelp til pasienter som motsetter seg helsehjelp
  • Opplæringsplan for nytilsette i PLO, oppretta 6. april 2011, oppdatert 16. februar 2012
  • Opplæring for ufaglærte vikarer i pleie og omsorg, Jondal kommune,oppretta 22. mars 2012
  • Stillingsomtale for pleie- og omsorgsleiar, datert 19. april 2007
  • Stillingsomtale for avdelingsleiar, datert 19. april 2007
  • Mal – vedtak om helsehjelp til person utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, pasient- og brukarrettslova § 4 A-5
  • Avviksskjema legemiddelhandtering
  • Internkontroll, felles systemdel, skjema for melding om avvik

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

Vi gjekk gjennom 24 pasientjournalar og såg etter om det var dokumentert opplysningar om:

diagnose/diagnosar og tilstanden til pasientane,

indikasjon for og vurdering av effekt av behandling,

motstand mot helsehjelp,

tillitsskapande tiltak som var prøvde,

føresetnader for å samtykke til helsehjelp var vurdert,

grunngjeving for og avgjerd om at pasient openbert heilt eller delvis mangla samtykkekompetanse,

revurdering av samtykkekompetanse,

helsefagleg vurdering av om helsehjelp kan gjennomførast med tvang

grunngjeving og vedtak om tvungen somatisk helsehjelp og/eller vedtak om tilbakehald, og opplysningar om kva helsehjelp som blir gitt med tvang

Perm med bakgrunnsopplysningar om pasientar, gruppe 1

Perm med referat frå kvalitetsgruppe og leiarmøte

Dokumentasjon som blei motteken ved tilsynet:

Årsmelding for PLO 2011

Oversikt over tema til overlappingstid torsdagar i perioden 19. januar – 3. mai 2012

Korrespondanse mellom Jondal kommune og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn, brev av 24. februar 2012 til Jondal kommune
  • Opplysningar frå Jondal kommune, brev av 19. mars 2012 med vedlegg
  • Program for tilsynet, brev av 2. april 2012 til Jondal kommune

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Siv Helle Prestegard

Rådmann

X

   

Angunn Handegard Trå

Varaordførar

X

X

X

Charlotte Jebsen

Lege

X

X

X

Astri-Elin Drage

Avdelingssjukepleiar Heimebaserte tenester

X

 

X

Gyrid Sollesnes

Assistent

X

X

X

Halvor Torsnes

Sjukepleiar

X

X

 

Karen Sloth

Sjukepleiar

X

X

X

Marina Duka

Helsefagarbeider

X

X

X

Britt-Heidi Selsvik

Helsefagarbeidar

X

X

X

Anne Marit S. Refvik

Hjelpepleiar

X

X

X

Linda Torsnes

Hjelpepleiar

 

X

 

Raisa Mora Marino

Lege

X

 

X

Sonja Handegard

Avdelingssjukepleiar

X

X

X

Marit Brit Underhaug Klopstad

Pleie- og omsorgsleiar

X

X

X

Ragnvald Joakimsen

Ass. rådmann

   

X

Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Ass.fylkeslege Signe Marit Tørressen Gajek
Seniorrådgjevar Silje Haaskjold Sætre
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle, leiar

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2011–2012 Tvungen helsehjelp i kommunal helsetjeneste

Søk