Helsetilsynet

Samandrag

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året. Rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som blei påpeikt innanfor dei undersøkte områda.

Under tilsynet hadde vi eit særleg fokus på om det er gitt naudsynt rettleiing og opplæring for tilsette i reglane om bruk av tvang.

Det blei gitt følgjande avvik:

Odda kommune sikrar ikkje at tenestetilbodet til personar med psykisk utviklingshemming er i samsvar med reglane i kapittel 9.

Det blei ikkje funne grunnlag for merknader innanfor det kontrollerte området.

Frist for å gi tilbakemelding om tiltak for å rette avviket, er sett til l. desember 2012.

Dato: 18.9.2012

Torill Vebenstad
revisjonsleiar

Birthe Lill Christiansen
revisor

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Odda kommune i perioden 11.- 12. september 2012. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten§ 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Samstundes blei det gjennomført stadleg tilsyn på tiltak om bruk av tvang og makt etter§ 9-5, tredje avsnitt overfor ein person med utviklingshemming. Rapporten frå dette tilsynet er unnateke offentlegheit og vil bli sendt ut i eige brev.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

Omtale av verksemda

Pleie- og omsorgsavdelinga er delt inn i 7 tenesteområder, og det blir ytt tenester til utviklingshemma i 3 av desse. Kvart område har sin områdeleiar med budsjett og personalansvar, desse har pleie og omsorgssjef som sin næraste leiar. Pleie- og omsorgssjef er overordna fagleg ansvarleg for tiltak etter reglane i kapittel 9. Ansvar for støttekontakttilbodet er plassert i Oppfølgingstenesta som er plassert direkte under rådmann.

Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 20.6.2012. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Program blei sendt på e-post 24.8.2012

Opningsmøte blei halde 11.9.2012.

Intervju: 8 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 12.9.2012.

Kva tilsynet omfatta

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. helse- og omsorgstenestelova § 9-4.

Tilsynet omfatta følgjande område:

Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, nr 6, bokstav a-d i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Funn

Avvik:

Odda kommune sikrar ikkje at tenestetilbodet til personar med psykisk utviklingshemming er i samsvar med reglane i kapittel9.

Avvik frå:

Lov om helse- og omsorgstenester §§ 9-2, 9-7 og 9-9, jf. § 3-1 tredje avsnitt. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a, andre avsnitt, jf.§ 3-2 nr.6 a-b i helse- og omsorgstenestelova. Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.

Kommentar:

Av lov om helse- og omsorgstenester § 9-2 går det fram at kapittel 9 gjeld under yting av tenester etter helse- og omsorgstenestelova. Det er difor naudsynt å gjere ei vurdering av om tenestemottakarane har rettskrav på tenester. § 9-7 seier kva reglar for saksbehandling som gjeld når tvang blir nytta. Av§ 9-9 går det fram at når omsorgstiltak blir gjennomført, skal den eine av tenesteytarane minst ha bestått avsluttande eksamen i studieretning for helse- og sosialfag i vidaregåande opplæring. Av§ 3-1 tredje avsnitt følgjer at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 9 blir halde, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkelege.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Fylkesmannen sitt vedtak om godkjenning blir gjennomført på dagsenter utan at krav til kompetanse hjå tenesteytarane er fylt.
  • Kommunen har ikkje gjort vurderingar av om tenestemottakarane som er på dagsenter har rettskrav på tenester under opphald her.
  • Leiinga har ikkje hatt gjennomgang for å kontrollere at tenestane er i samsvar med lov og forskrift, og at Fylkesmannen sitt vedtak om bruk av tvang blir gjennomført i tråd med reglane i kapittel 9.

Vurdering av styringssystemet i verksemda

Sentralt i dette tilsynet er kommunen sin styring og kontroll med at krav til rettstryggleik ved yting av tenester til personar med utviklingshemming blir oppfylt.

Tilsynet har avdekt at kommunen ikkje har ordningar for å følgje med på om rutinar og prosedyrar er tilstrekkelege og fungerer slik dei var planlagt. Ansvarsdeling mellom pleie- og omsorgssjef og områdeleiarane er på nokre områder ikkje tydeleg nok. Ansvar for støttekontakttilbodet til personar med utviklingshemming er plassert direkte under rådmann utan linje til pleie- og omsorgssjef, som har det overordna faglege ansvaret for tiltak etter kapittel 9.

Regelverk

  • LOV 2011-06-24 nr 30: Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • LOV 1967-02-10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • LOV 1999-07-02 nr 63: Lov om pasient- og brukerrettigheter
  • LOV 1984-03-30 nr 15: Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonsoversikt over Pleie- og omsorg
  • Oversikt over stader/einingar der ein yter kommunale helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming
  • Delegasjon vedr bruk av tvang overfor enkelte personer med psykisk utviklingshemming frå rådmann til pleie- og omsorgssjef av desember 2011
  • Utdrag frå introduksjonsmappe vedr bruk av tvang og makt (ikkje datert)
  • Stillingsbeskrivelser for områdeleiar, avdelingsleiar, vernepleier og miljøarbeidar ved
  • Eidesbrotet bufellesskap (ikkje datert)
  • Stillingsbeskrivelser for arbeidsleiar og miljøarbeidar ved Avlastningsboligen (ikkje datert)

Dokumentasjon som blei gjennomgått:

  • 5 vedtak om heimehjelp og 5 om heimesjukepleie.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn blei sendt i brev 20.6.2012.
  • Dokumentasjon frå Odda kommune, brev mottatt 7.8.2012 med vedlegg, e-post av
  • 22.8.2012 med vedlegg og e-post av 23.8.2012 med vedlegg.
  • E-post frå Fylkesmannen av 24.8.2012, vedlagt program for tilsynet.

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Marit Eriksen Buer

Fagarbeidar bustad

X

X

X

Linda Schweitzer

Avdelingsleiar bustad

X

X

X

Marit I. Høyland

Fagarbeidar dagsenter

X

X

X

Liv Wallevik

Områdeleiar Odda dagsenter

X

X

X

Astrid Moe

Assistent avlastningsbustad

X

X

X

Åse Solveig Lutro

Arbeidsleiar avlastningsbustad

X

X

X

Liv Helen Mårstig

Områdeleiar Eidesbrotet

X

X

X

Anne Lise Naasen

Pleie- og omsorgssjef, overordna fagleg ansvarleg for kapittel 9

 

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Birthe Lill Christiansen, rådgjevar
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar