Helsetilsynet

Samandrag

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året. Rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som blei påpeikt innanfor dei undersøkte områda.

Under tilsynet hadde vi eit særleg fokus på om det er gitt naudsynt rettleiing og opplæring for tilsette i reglane om bruk av tvang.

Det blei gitt følgjande avvik:

Radøy kommune sikrar ikkje at ansvaret som ligg til stillinga som overordna fagleg ansvarleg etter reglane i kapittel 9 blir etterlevd.

Det blei ikkje funne grunnlag for merknader innanfor det kontrollerte området. Frist for å gi tilbakemelding om tiltak for å rette avviket, er sett til 1. juli 2012.

Dato: 4.5.2012

Torill Vebenstad
revisjonsleiar

Vibeke Herskedal
revisor

 

Birthe Lill Christiansen
revisor

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Radøy kommune 23. april 2012.

Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med kommunen sine lovpålagde plikter etter lov om helse- og omsorgstenester § 12-3.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Samstundes blei det gjennomført stadleg tilsyn på tiltak om bruk av tvang og makt etter § 9-5, tredje avsnitt overfor ein person med utviklingshemming. Rapporten frå dette tilsynet er unnateke offentlegheit og vil bli sendt ut i eige brev.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

Omtale av verksemda

Radøy kommune er organisert etter ein to-nivå modell, med rådmann som øvste administrative leiar. Kvar teneste har sin einingsleiar, med budsjett og personalansvar, desse har rådmann som sin næraste leiar. Tenester etter helse- og omsorgstenestelova til personar med psykisk utviklingshemming blir ytt i 3 av 8 einingar innan helse og omsorg i kommunen.

Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 27.1.2012.

Program blei sendt på e-post 12.4.2012

Opningsmøte blei halde 23.4.2012.

Intervju: 6 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 23.4.2012.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Kva tilsynet omfatta

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt, jf. helse- og omsorgstenestelova § 9-4.

Tilsynet omfatta følgjande område:

Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottek tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, nr 6, bokstav a-d i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Funn

Avvik:

Radøy kommune sikrar ikkje at ansvaret som ligg til stillinga som overordna fagleg ansvarleg etter reglane i kapittel 9 blir etterlevd.

Avvik frå:

  • Lov om helse- og omsorgstenester § 9-7 andre avsnitt, jf. § 3-1 tredje avsnitt, samt forskrift om internkontroll § 4.

Kommentar:

Av § 9-7, andre avsnitt går det fram at vedtak i medhald av § 9-5, tredje avsnitt, bokstavane b og c skal treffast av den som har det overordna faglege ansvaret. Kommunen må peike ut ein bestemt person som skal ha dette ansvaret, og det må vera klåre ansvarsliner i høve kven som etter delegasjonsvedtak har ansvaret. Ansvaret må ligge på eit nivå i kommunen der den overordna fagleg ansvarlege har innflytelse på både økonomiske og personellmessige ressursar.

Av § 3-1, tredje avsnitt følgjer det at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 9 blir halde, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkelege.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Framlagt førebels delegasjon frå rådmann av 7.3.2012 viser til at lov om kapittel 4A (no kapittel 9) ikkje er nemnd i gjeldande delegasjonsreglement for Radøy kommune.
  • Delegasjonen av 7.3.21012 er uklar når det gjeld kven som er delegert vedtaksmynde etter § 9-5 bokstavane b og c.
  • Det kom fram i intervju at den som er uttalt overordna fagleg ansvarleg ikkje har mynde til å fatte vedtak om bruk av tvang. Vedkommande har heller ikkje mynde når det gjeld styring av økonomi og personell i høve tenester til personar med utviklingshemming, då dette ansvaret er delegert til dei ulike einingsleiarane.

Vurdering av styringssystemet i verksemda

Tilsynet avdekka at plassering av ansvaret som overordna fagleg ansvarleg for sakar etter kapittel 9 ikkje er i samsvar med regelverket.

Tilsynet har merka seg at det jamleg blir gitt tilbod om opplæring i reglane i kapittel 9 til alle som yter tenester til personar med utviklingshemming.

Regelverk

  • LOV 2011-06-24 nr 30: Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
  • LOV 1967-02-10 : Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
  • FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta

Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Organisasjonsoversikt – funksjon, ansvar og mynde
  • Oversikt over stader/einingar der ein yter kommunale helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming
  • Delegasjon av mynde frå politisk organ til rådmannen av august 2011, samt endring av delegasjonsreglement politisk til rådmannen - nye helselover av mars 2012
  • Førebels delegasjon frå rådmann til einingane innan helse og omsorg datert 7.3.2012
  • Internkontrollsystem for Radøy kommune, BF-tenesta, under dette rutinar for:
    Dokumentasjon
    Registrering ved bruk av tvang
  • Sjekkliste ved info til nye støttekontaktar, samt kopi av brev til støttekontaktar/private avlastarar i Radøy kommune
  • System for kvalitetssikring og kvalitetsutvikling – einingane i helse og omsorg

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn blei sendt i brev 27.1.2012.
  • Dokumentasjon frå Radøy kommune, brev mottatt 23.3.2012 med vedlegg.
  • E-post frå Fylkesmannen av 12.4.2012, vedlagt program for tilsynet.

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Jørgen Bleikli

Einingsleiar BF-tenesta

X

X

X

Siren Mellingen

Miljøarbeidar/hjelpepleiar

X

X

X

Åse Kristine Lid

Kolås

Burettleiar

X

X

X

Hildegunn Buene

Myrtveit

Miljøarbeidar

X

X

X

Sonja M. Frotjold

Burettleiar

X

X

X

Nina Kvamme

Rådgjevar helse- og omsorg,

overordna fagleg ansvarleg kapittel 9

X

X

X

Grete Fosse

Kommuneoverlege/

sjukeheimslege

X

 

X

Jarle Landås

Rådmann

   

X

Frå Fylkesmannen deltok: Vibeke Herskedal, seniorrådgjevar Birthe Lill Christiansen, rådgjevar Torill Vebenstad, seniorrådgjevar