Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten skildrar dei avvik og merknader som blei avdekt innanfor de reviderte områda. Tilsynet omfatta følgjande område:

Institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsettingar og politiattest for oppdragstakarar.

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjekk gjennom politiattestane for alle tilsette.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar. Dato: 18.4.2012

Eirik Lyssand
revisjonsleiar

Trond Horten
revisor

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen underskrift.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Sofus barnevern avd. Fugledalen. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd iinneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda oppfyller ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta gransking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor det tema tilsynet omfatta
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt blir korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgjevinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandla avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheita finn grunn til å peike på forbetringspotensiale.

2. Skildring av verksemda -spesielle forhold

Sofus barnevern er eit privateigd als. Dei driv på oppdrag for kommunar to avdelingar med individuelle tiltak heimla i sosialtenestelova. Desse fell ikkje inn under tilsynet. Sofus barnevern har godkjenning av Bufetat om drift av to avdelingar heimla i barnevernlova. På tilsynstidspunktet er berre avdeling Fugledalen i drift. Denne er godkjent for 3 plassar. Eigar er dagleg leiar i verksemda. Nestleiar har medansvar for all drift. Begge har direkte styring og dagleg ansvar for kvar eining i Sofus barnevern. Ansvar for politiattestar er plassert hos leiar og nestleiar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel blei sendt 13.03.2012. Oversikt over dokument verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 17.4.2012

Intervju

3 personar blei intervjua.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta institusjonen sin praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, under dette praksis ved tilsetjingar og politiattest for oppdragstakarar.

5. Funn

Under tilsynet undersøkte vi om institusjonen sikrar at politiattest ligg føre der det er krav om det, og vi gjennomgikk politiattestane for alle tilsette. Det blei ikkje avdekt forhold som er i strid med regelverket vedkomande politiattestar.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester § 6-1O
  • Forskrift om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner § 10
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling §§ 7 og 9
  • Forskrift av 15.10.99 om politiattest i henhold til barnevernloven
  • Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Verksemda si eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve som blei sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for institusjonen.
  • Namn på alle tilsette med dato for kor tid dei byrja i stillinga.
  • Kopi av politiattest for alle tilsette.
  • Prosedyre vedkomande oppbevaring av politiattestar.
  • Rapport frå etterkontroll av Sofus barnevern 2011 utført av Bufetat datert 03.l 0.2011.

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Jan Atle Knappskog

Eigar/leiar

X

X

X

Trine Måge

Nestleiar

X

X

X

Jone Gravdal

Miljøterapeut

 

X

 

Frå tilsynsmyndigheita deltok:
Trond Horten og Eirik Lyssand