Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Sund kommune 6. og 7. november 2012. Tilsynet har undersøkt om kommunen gjennom styring og forbetring sikrar at barn som har langvarige og samansette behov, får individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester. Tilsynet var avgrensa til aldersgruppa 6-20 år.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helse- og omsorgslovgjevinga.

Personell i helse- og omsorgstenestene samarbeider med personell i andre tenesteeiningar om å gje individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester til barn og unge. Leiinga er kjent med og har sett i verk tiltak for å betre opplæring og oppfølging av koordinatorar og bruk av individuell plan. Arbeidet er planlagt fullført innan 25. februar 2013.

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Torill Vebenstad
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med/ Sund kommune 6.-7. november 2012. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sund kommune har i mange år hatt eit eige samordningsteam for barn og unge med ein representant frå helsetenesta, barneverntenesta, tiltak for funksjonshemma og pedagogisk- psykologisk teneste (PPT). Teamet er leia av PPT som er organisert i Oppvekst og kultur. Rehabiliteringsteam for vaksne blei oppretta i 2009. I 2012 er det oppretta 20 % stilling som leiar for koordinerande eining for habilitering og rehabilitering. Temaet for vaksne og leiar for koordinerande eining er organisert i Helse og omsorg.

Leiinga har planlagt og vil gje opplæring til koordinatorar i desember 2012. I januar 2013 blir elektronisk individuell plan teken i bruk. Arbeidet er planlagt fullført innan utgangen av februar 2013.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 12. september 2012.

Opningsmøte blei halde 6. november.

Intervju: Ni personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 7. november.

Oversikt over opplysningar som er mottekne frå Sund kommune i samband med planlegging av tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8, Dokumentunderlag

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt om kommunen gjennom systematisk styring og forbetring sikrar at barn og unge som har langvarige og samansette behov, får individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester. Tilsynet omfatta difor også funksjonen til koordinerande eining for habilitering og rehabilitering, informasjon om tenestetilbod og medverknad frå foreldre og unge, bruk av ansvarsgrupper og individuelle planar. Tilsynet var avgrensa til aldersgruppa 6-20 år.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helse- og omsorgslovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Personell i helse- og omsorgstenestene samarbeider med personell i andre tenester for å gje individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester til barn og unge. Leiinga er kjent med og har sett i verk tiltak som skal bidra til systematiske opplæring, utpeiking og oppfølging av koordinatorarar. Dette arbeidet omfattar også formalisering av rutinar, vidare utvikling av samarbeid mellom ulike deltenester, samordningsteamet for barn og unge og rehabiliteringsteamet for vaksne, opplæring og bruk av ein felles elektronisk mal for individuell plan. Arbeidet er planlagt fullført innan 25. februar 2013.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 3. april 2003 nr. 450 om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  • Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

8. Dokumentunderlag

Dokument frå Sund kommune som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Brev av 5. oktober 2012 med følgjande vedlegg:
  • Organisasjonskart
  • Notat – rehabiliteringsteamet for vaksne, 25. januar 2010
  • Samtykkeerklæring for koordinerande eining og rehabiliteringsteamet for vaksne
  • Koordinator si rolle
  • Retningsliner for ansvarsgrupper i Sund kommune
  • Mandat samordningsteamet
  • Brevmal – avslutting av samordna sak
  • Oppnemning av koordinator
  • Informasjonsbrosjyre Samordningsteamet for barn og unge i Sund kommune
  • Verksemdsplan for samordningsteamet
  • Koordinerande eining Sund kommune (førbels forslag)
  • Mal individuell plan
  • Rehabiliteringsplan Sund kommune 2012-2015

Dokumentasjon som blei gjennomgått:

  • 30 mapper med referat frå ansvarsgruppemøte og individuelle planar blei gjennomgått.
  • Det blei sett etter om ansvarsgruppemøte var gjennomførte regelmessig og tenester, målsettingar og planar var følgde opp og evaluerte.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 12. september 2012 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Opplysningar frå Sund kommune, brev av 5. oktober 2012 med vedlegg
  • Oversending av program, brev av 22. oktober 2012 frå Fylkesmannen i Hordaland

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Stig Arne Thune

Rådmann

X

 

X

Anne Merethe Dyrdal

Koordinerande eining

X

X

X

Cecilie Myklebust

Ergoterapeut

X

X

X

Stein Inge Stigen

Kommuneoverlege

X

   

Svanhild K. Forland

Helsesjef

X

X

X

Sølvi A. Vindenes

Helsesyster

X

X

X

Jannicke Risnes

Helsesyster

X

X

 

Monica F. Landro

Leiar psykisk helse

 

X

 

Ingebjørg Børnes

Avdelingsleiar Tiltak funksjonshemma

X

X

X

Åshild Erstad Hagen

Fagkonsulent

X

X

 

Eldbjørg Syltøy

Leiar PPT

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar
Helene Myhre, rådgjevar
Marta K. Egdetveit, rådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar, leiar