Helsetilsynet

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag

1. Innleiing

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

3. Gjennomføring

4. Kva tilsynet omfatta

5. Funn

6. Vurdering av styringssystemet

7. Regelverk

8. Dokumentunderlag

9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Austevoll kommune 19.- 20. juni 2013. Tilsynet har undersøkt om kommunen gjennom styring og forbetring sikrar at barn som har langvarige og samansette behov, får individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester. Tilsynet omfatta barn og unge i alderen 0-20 år.

Innan dei områda som tilsynet omfatta, blei det ikkje påpeikt avvik frå krav i barnevern- og helse- og omsorgslovgjevinga.

Det er lagt til rette for at barn og unge med langvarige og samansette behov, kan få individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester og innarbeidde rutinar for oppretting av ansvarsgrupper og tverrfagleg samarbeid.

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Vibeke Herskedal
revisor

  

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Austevoll kommune 19.-20. juni 2013. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2. Tilsyn med barnevern blir utført med heimel i lov om barneverntjenester § 2-3 b.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om forhold som kom fram under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Austevoll kommune har nyleg omorganisert tenestene med ein kommunalsjef for drift- og forvaltning og ein kommunalsjef for oppvekst og helse. Funksjonen som koordinerande eining er lagt til helseservicekontoret. Leiar rapporterer til kommunalsjef drift og forvaltning.

Helsestasjon, fysio- og ergoterapi, psykisk helse, PPT og barnevern er organisert i ei felles eining. Einingsleiar rapporterer til kommunalsjef oppvekst og helse.

Tenester til psykisk utviklingshemma er organiserte i ei eige eining, Eidsbøen bufellesskap, som gir tenester til brukarar som bur i eigen heim og i bufellesskap med heildøgns tenester.

Austevoll inngjekk samarbeidsavtale om felles barnevernteneste med Os kommune frå 1. november 2012. Leiing av tenesta er lagt til barnevernleiar i Os kommune. Austevoll kommune er arbeidsgjevar for eigne tilsette. Ved tilsynet kom det fram at barneverntenesta hadde særskilte utfordringar og at kommunalsjefar og einingsleiar arbeidde med å finne eigna løysningar.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 22. april 2013

Opningsmøte blei halde 19. juni 2013.

Intervju: 13 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 20. juni.

Oversikt over opplysningar som er mottekne frå Austevoll kommune i samband med planlegging av tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om kommunen gjennom systematisk styring og forbetring sikrar at barn og unge får individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester. Tilsynet omfatta samarbeidsordningar mellom kommunale tenester og andre sektorar, funksjonen til koordinerande eining for habilitering og rehabilitering, informasjon om tenestetilbod og medverknad frå foreldre og unge, bruk av ansvarsgrupper og individuelle planar og dokumentasjon. Tilsynet var omfatta tenester til barn og unge i alderen 0-20 år.

5. Funn

Innan dei områda som tilsynet omfatta, blei det ikkje påpeikt avvik frå krav i barnevern- og helse- og omsorgslovgjevinga.

Personell innan tenesteområda helse og omsorg og barnevern samarbeider med kvarandre og med personell i andre tenester om å gje individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester til barn og unge med langvarige og samansette behov.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Kommunen har lagt til rette for at barn og unge med langvarige og samansette behov, kan få individuelt tilrettelagte og koordinerte tenester. Det er innarbeidde rutinar for oppretting av ansvarsgrupper og tverrfagleg samarbeid. Ansvar og mynde til tildeling av tenester er avklart og kjent. Leiinga er kjend med at det er behov for fleire og meir opplæring av koordinatorar og i bruken av webløysninga for individuell plan.

7. Regelverk

  • Lov av 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester
  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 3. april 2003 nr. 450 om kommunens helsefremmende og forbyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  • Forskrift av 14. desember 2005 nr. 1584 om internkontroll for kommunen sin oppgaver etter lov om barneverntjenester
  • Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

8. Dokumentunderlag

Dokument frå Austevoll kommune som blei send over ved førebuing av tilsynet:

Brev av 14. mai 2013 med følgjande vedlegg:

  • Nytt organisasjonskart
  • Mal for individuell plan

Det blei gjort stikkprøve i

  • 11 journalar/ mapper. Det blei sett etter informasjon til foreldre og unge om retten til individuell plan, samarbeid ved utgreiing, tildeling og gjennomføring av tenester, om ansvarsgruppemøte var gjennomførte regelmessig, om individuelle planar var utarbeidde og om tenester, målsettingar og planar var følgde opp og evaluerte.

Korrespondanse mellom Austevoll kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 22. april 2013 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Opplysningar frå Austevoll kommune, brev av
  • Oversending av program, e-post sendt 29. mai 2013 frå Fylkesmannen i Hordaland

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Hilde Hevrøy

Avdelingsleiar/barnevern-konsulent

X

X

X

Per Olav Sørås

Kommunalsjef oppvekst og helse

X

X

Camilla Skagen

Leiar ergo-/fysioterapitenesta

X

X

Heidi Otterå

Konsulent helseservicekontoret

X

X

X

Helge Skugstad

Kommunalsjef drift og forvaltning

X

X

X

Inger Uglenes

Kommuneoverlege

X

X

X

Linn-Beate Suphammer

Avd. leiar Eidsbøen bufellesskap

X

X

X

Edith Rivenes Vik

Sjukepleiar Eidsbøen bufellesskap

X

X

X

Anne Rita Kolbeinsvik

Leiar Helse og PPT

X

X

X

Hege Irene Austevoll

Fagleiar helsestasjon

X

X

X

Jofrid Troland

Leiar helseservicekontoret

X

X

X

Janniche K. Rogde

Helsesyster

X

X

Merethe Jacobsen

Leiar barneverntenesta

11. juni X

Frå Fylkesmannen deltok:

Vibeke Herskedal, seniorrådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar, leiar