Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i perioden 16-18. oktober 2013 tilsyn med barnevemstenesta i Askøy kommune.

Tilsynet omfatta barnevernstenesta sitt arbeid med oppfølging av barn som bur i kommunale fosterheimar. Formålet med tilsynet var å undersøkje om kommunen gjennom sin styring og leiing sikrar at oppfølging og kontroll av barnet sin situasjon i kommunale fosterheimar er forsvarleg.

Kommunen skal syte for at barn i fosterheimar fa'r tilfredsstillande omsorg og at dei føresetnader som vart lagt til grunn for plasseringa blir følgd opp. Kommunen skal følgje opp både fosterheimen og dei biologiske foreldra.

Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller gitt merknader etter tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

Hilde Ordemann
revisjonsleiar

Randi Alme Flataker
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med barnevernstenesta i Askøy i perioden 16 - 18. oktober 2013.

Tilsynet omfattar barnevernstenesta sitt arbeid med barn i kommunale fosterheimar. Vi har sett på barnevernstenesta sin oppfølging barnet i fosterheimen, barnet si medverknad og oppfølging av fosterforeldra og biologiske foreldre.

Tilsynet inngår som ein del av Fylkesmannens planlagde tilsynsverksemd for inneverande år, og er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale barnevernstenester i 2013, initiert av Statens helsetilsyn, jf. lov om barnevernstenester (bvl) § 2-3b.

Fylkesmannen i Hordaland er gitt mynde til å føre tilsyn med den kommunale barnevernstenesta, jf. bvl § 2-3, 4. ledd.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.

Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, med der tilsynsmyndigheita finner grunn til å påpeike mogelegheit for betring

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Askøy kommune er organisert i fl.eire avdelingar. Avdeling Barn og familie består av Helsesøstertenesta, PPT, Psykologtenesta og Barnevernstenesta. Gro Thorsen Kyte er leiar for barnevemstenesta. Tenesta har 18,7 stillingsheimlar, i tillegg kjem 2,4 stillingsheimlar knytt til merkantile oppgåver.

Askøy kommune har i samband med regjeringa si styrking av det kommunale barnevernet i 2013 fått tilført midlar til kompetanseheving, og dei har fått tilført midlar til 2 stillingar.

Oppgåvene med oppfølging av barn i fosterheimar vert utført av eit eige fosterheimsteam.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 12.juli 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 16. oktober 2013.

Intervju

Under tilsynet blei 8 personar intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 18. oktober 2013.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom sine styringstiltak sikra at deira oppfølging og kontroll av barnets situasjon i kommunale fosterheimar er forsvarleg.

Tema for tilsynet:

Kommunen si oppfølging og kontroll av barnet sin situasjon i fosterheimen, under dette barnet sin medverknad, samt oppfølging av fosterforeldra og biologiske foreldra.

Bamevernstenesta skal sikre at kvart enkelt barn som bur heile eller deler av sin oppvekst i fosterheim får tilfredstillande omsorg, og at dei føresetnadene som blir lagt til grunn for plasseringa vert følgt opp. Barnevernstenesta må følgje opp heimen og vere tilgjengeleg for barn, fosterforeldre og biologiske foreldre for å sikre at forholda blir lagt til rette for at barnet skal :få god omsorg.

Barns rett til å bli høyrt og medverke går fram både av nasjonal lovgjeving og av FNs barnekonvensjon.

Lovkrav på området:

  • Barnevernslova § 4-22 med tilhøyrande forskrift om fosterheim
  • Barnevernslova §§ 4-5, 4-15 tredje ledd og 4-16 om plan.ar og oppfølging av tiltak
  • Barnevernslova § 3-2a om plikta til å utarbeide individuell plan
  • FNs barnekonvensjon og barnevernslova § 6-3 om barns medverknad

5. Funn

Det blei ikkje funne avvik etter tilsynet.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Ansvar og mynde innanfor dette området er klart i Askøy kommune. Det vert rapportert til rådmann i linje frå fagkonsulent for fosterheimsteam.

Askøy kommune gjev opplæring av tilsette, og følgjer med på at tilsette har nødvendig kompetanse. Sakshandsamarane har felles forståing for kva oppgåver som ligg i arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim, og korleis oppgåvene skal gjennomførast. Det ligg føre skriftlege rutinar for deler av arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim. Det vart opplyst i samband med tilsynet at fleire rutinar skal skriftleggjerast.

Faglege vurderingar kjem fram av ulike saksdokument. Sakshandsamarane har samtaler med barna, både saman med fosterforeldra og åleine. Det kjem fram av journalnotat og andre dokument kva synspunkt barnet har. Kva oppfølging fosterforeldra får, og har fått tilbod om, går fram av saksdokument.

Erfaringar frå tilsette vert nytta i forbetringsarbeidet mellom anna ved at tilsette deltak ved utarbeiding av rutinar.

Kommunen har eit avvikshandteringssystem, men det er i liten grad tatt stilling til kva som skal vere eit avvik i dette arbeidet. Det vart opplyst at dette er noko kommunen har sett i gang arbeid med.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989.
  • Lov om barneverntjenester av 17.juli 1992 nr. 100 (barnevernsloven).
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967.
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr 1584.
  • Forskrift om fosterheim av 18. desember 2003 nr. 1659

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Verksemdplan for Askøy kommune, barnevemstenesta
  • Oversikt over tilsette i fagteam fosterheim
  • Rutinar for samarbeid mellom barnevemstenesta og Bufetat ved plassering i fosterheim
  • Rutine for oppfølging av fosterforeldre
  • Funksjonsbekrivelse for fagkonsulent ved fosterhjemsteamet
  • Fagkonsulentstillingene ved barneverntjenesten; fullmakter, oppgaver og rolle
  • Kuratorene i barneverntjenesten; fullmakter, oppgaver og rolle
  • Spørreskjema til fosterforeldre
  • Kompetanseplan barneverntjenesten 2013

Dokumentasjon som vart gjennomgått i samband med tilsynet:

  • Avvikssystem Askøy kommune
  • Driftsrapport Barn og familie
  • Årsmelding barneverntjenesten 2012
  • Rutine for oppfølging av fosterhjem, under arbeid
  • 15 saksmapper, barn plassert i kommunal fosterheim, jf. bvl § 4-12
  • 5 saksmapper, barn plassert i kommunal fosterheim, jf. bvl § 4-4, 5. ledd

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet, program for tilsynet og kva sakmapper ein ønska å gjennomgå.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Maria S Birkeland

Barnevernskurator

X

X

X

Mona Stokmo

Barnevernskurator

X

X

 

Gro T Kyte

Barnevernsleiar

X

X

X

Inger Jørgensen

Kvalitetsrådgjevar

X

 

X

Mariann H van der Kooij

Barnevernskurator

X

X

X

Linn Anita Lyngbø

Barnevernskurator

X

X

X

Hanne L Kristoffersen

Barnevernskurator

X

X

X

Gunn B Laiourate

Fagkonsulent

X

X

X

Torgeir Sæter

Fagsjef, Barn og familie

 

X

 

Frå fylkesmannen deltok:

Seniorrådgjevar Randi Alme Flataker, rådgjevar Ivar Skjolden, seniorrådgjevar Hilde Ordemann, tilsynsleiar