Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 14. mars 2013 tilsyn med Bergen Akuttsenter.

Tilsynet omfatta institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, somatisk og psykisk sjukdom.

Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet.

Bergen, 21. mars 2013

Hilde Ordemann
tilsynsleiar

Randi Alme Flataker
revisor

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Bergen akuttsenter 14. mars 2013. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3 fjerde ledd, jf. § 2-3b. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.

Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettighetsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Bergen Akuttsenter består av avdelingane Kalfaret og Klokkarlia med kvar sin avdelingsleiar. Det er leiar ved avdeling Kalfaret som er stedfortredar for leiar. Klokkarlia er delt inn i to einingar, nord og sør. Kalfaret er godkjent for plasseringar etter bvl § 4-6, 1. og 2. ledd. Klokkarlia er godkjend for plasseringar etter bvl §§ 4-24 og 4-26.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 23. januar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Under tilsynet blei fem personar intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Det vart dagen for tilsynet gjennomført intervju, opnings­ og sluttmøte.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfattar institusjonen sin ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, samt somatisk og psykisk sjukdom. Dersom bebuarar går på faste medisinar, skal institusjonen ha rutinar som sikrar at handtering av medisinar er forsvarleg.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i barnevernslovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Krav til innhald i styringssystemet går fram av forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar § 12 (innhald i internkontrollen).

Ansvar og mynde var avklart innanfor tema for tilsynet slik at tilsette er klar over sitt ansvar og kva det inneber.

Når det gjeld kompetanse, har institusjonen tilsett psykolog, vernepleiarar og barnevernfagleg personell. Det er ikkje eit krav at institusjonen skal ha tilsett helsepersonell, men tilsette gjev uttrykk for at denne kompetansen er ønskeleg i legemiddelhandteringa for å sikre forsvarleg handtering. Sjølv om det ikkje er eit krav, tilråd vi at forskrift om legemiddelhandtering blir lagt til grunn. Det bør vurderast om dei som har oppgåver med legemiddel, bør få eige kurs og godkjenning.

Det er gjort implisitte risikovurderingar av både det medisinske (rus, somatikk, psykiatri) og legemiddelhandteringa. Institusjonen kan vurdere å ha større bevisstheit kring risikovurderingar.

Institusjonen samarbeider i fleire einskildsaker med barne- og ungdomspsykiatrien. Avklaring av ungdommane si psykiske helse, er viktig for å gje barna eit betre utgangspunkt ved overgangen til vaksenlivet. Institusjonen har såleis ei svært viktig rolle. Institusjonsleiinga kan vurdere å leggje til rette for eit tettare samarbeid med barne- og ungdomspsykiatrien generelt.

Det ligg føre rutinar for sentrale deler av verksemda. Tilsette er kjend med rutinane og kva dei inneber. Det er lett å ta opp forhold som ikkje fungerer og det er ikkje meldt om at svikt ikkje blir rette opp. Leiinga kan vurdere å ha eit skriftleg avvikshandteringssystem.

Leiinga har god oversikt over verksemda. I einskildsaker deltek leiar ved behov. Leiinga har sørgja for ein systematisk gjennomgang av styringa (internkontrollen) når det gjeld vurdering og justering av eigen praksis knytt til tilsynstemaet.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989
  • Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
  • Forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Inntaksskjema til bruk i inntakssamtalen
  • Samtykkeerklæring
  • Prosedyre 4.3: Medisinsk tilsyn og behandling
  • Prosedyre 3.10: Praktiske tiltak ved blodsmitte
  • Prosedyre 3.11: Forebygge smitte av farlige sykdommer
  • Prosedyre 3.13: Oppbevaring av medisin for ungdom
  • Prosedyre for medikamenthandtering
  • Prosedyre 1.5: Medisinsk tilsyn ved inntak
  • Prosedyre 5.6: Medisinsk tilsyn og behandling- generelt
  • Prosedyre 5.1: Håndtering av suicidfare
  • Prosedyre 5.2: Avrusing
  • Prosedyre 5.3: Akutt psykiatrisk vurdering
  • Prosedyre 5.4: Selvskading/fastvakt
  • Prosedyre 5.7: Praktiske tiltak ved mulig blodsmitte
  • Prosedyre 5.5: Medisinering og oppbevaring av medisiner
  • Registreringsskjema av rusete ungdommer ved inntak
  • Observasjonsskjema ved inntak
  • Observasjonsskjema ved avrusing

Dokumentasjon som blei gjennomgått:

  • Registreringsskjema

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Bjarte Gripnar

Leiar

X

X

X

Truls Tvedt

Fung. avdelingsleiar Klokkarlia

 

X

 

Andreas Lund

A vdelingsleiar Kalfaret

X

X

X

Lasse Steffensen

Miljøterapeut

X

X

 

Karin Eikeland

Miljøterapeut

 

X

 

Frå Fylkesmannen deltok:
Randi Alme Flataker, Helga Arianson og Hilde Ordemann, tilsynsleiar