Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 18. april 2013 tilsyn med EM-tiltaket i Skulestadhagane 8 i Voss kommune.

Tilsynet omfatta institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, somatisk og psykisk sjukdom.

Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet.

Bergen, 19.april2013

Eirik Lyssand
tilsynsleiar
Ivar Skjolden
revisor

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved EM-tiltaket Voss 18.april 2013. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter Barnevernlova § 2-3 fjerde ledd, jf. § 2-3b. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.

Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettighetsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

2. Omtale av verksemda

Em-tiltaket Voss er ein kommunal barneverninstitusjon for einslege mindreårige flyktningar/asylsøkjarar. Plassering skjer i samråd med IMDI.  Institusjonen er godkjent for fem ungdomar i alderen 16-20 år plassert etter lov om barneverntenester § 4-4,femte ledd.

Institusjonen er administrert og blir driven som ein del av barneverntenesta i Voss kommune.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 29. januar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Under tilsynet blei fire personar intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Det vart 18.april 2013 gjennomført intervju, opnings- og sluttmøte.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfattar institusjonen sin ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, samt somatisk og psykisk sjukdom. Dersom bebuarar går på faste medisinar, skal institusjonen ha rutinar som sikrar at handtering av medisinar er forsvar!eg.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i barnevernslovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Krav til innhald i styringssystemet går fram av forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar § 12 (innhald i internkontrollen).

Ansvar og mynde var avklart innanfor tema for tilsynet slik at tilsette er klar over sitt ansvar og kva det inneber.

Det er gjort implisitte risikovurderingar av både det medisinske (rus, somatikk, psykiatri) og legemiddelhandteringa.

Institusjonen samarbeider med privatpraktiserande lege som og er fastlege for ungdomane. Når det blir vurdert nødvendig, og ungdomane sjølv ønskjer det blir dei tilvist til privat psykologkontor for kartlegging og oppfølging av helsa. Desse avtalene er gjort for å sikre kompetanse og kontinuitet i samarbeidet.

Det ligg føre rutinar for sentrale deler av verksemda. Tilsette er kjend med rutinane og kva dei inneber. Det er lett å ta opp forhold som ikkje fungerer. Avdelinga har rutine avviksrapportering. Det er ikkje meldt om at svikt ikkje blir retta opp.

Leiinga har god oversikt over verksemda. Avdelingsleiar og barnevernleiar har faste møte. Avdelingsleiar deltar regelmessig på personalmøter. Det er utarbeidd eit årshjul med systematisk gjennomgang av styringa (internkontrollen). Dette omfattar og vurdering og justering av eigen praksis knytt til tilsynstemaet.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989
  • Lov om barnevertenester av 17. juli 1992 nr. l 00
  • Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
  • Forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart for EM-tiltaket.
  • Rutine for oppbevaring og utlevering av medisinar
  • Rutine for medisinsk tilsyn og behandling ved innflytting og under
  • Rutine for særlege farlege og smittsame sjukdomar
  • Rutine ved sjukdom
  • Rutine for innflytting
  • Sjekkliste for inntak
  • Sjekkliste for lege om ungdomar (Førstegangs helseundersøking ved ankomst)
  • Rapport frå Bufetat om etterkontroll av kommunal barneverninstitusjon datert 31.1.2013

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Mona Bystøl

avdelingsleiar

X

X

X

Line Mathisen

miljøterapeut

X

X

X

Ingebrikt Gammersvik

miljøterapeut

X

X

X

Marianne Røynesdal

Leiar av barnevernet på Voss

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Ivar Skjolden og Eirik Lyssand tilsynsleiar