Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i perioden  5.7.- 5.9.2013 tilsyn med barnevernstenesta i Kvam herad.

Tilsynet omfatta barnevernstenesta sitt arbeid med barn som bur i kommunale fosterheimar. Tema for tilsynet var:

  • Oppfølging og kontroll av barnets situasjon i fosterheimen
  • Barnets medverknad
  • Råd og rettleiing til fosterforeldra

Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller gitt merknader etter tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

Dato: 27. september 2013

Vibeke Herskedal
Revisjonsleiar

Randi Alme Flataker
Revisor

Ivar Skjolden
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med barnevernstenesta i Kvam herad i perioden 5.7.2013- 5.9.2013.

Tilsynet omfattar barnevernstenesta sitt arbeid med barn i kommunale fosterheimar. Vi har sett på barnevernstenesta sin oppfølging og kontroll av barnets situasjon i fosterheimen, barnets medverknad og råd og rettleiing til fosterforeldra.

Tilsynet inngår som ein del av Fylkesmannens planlagde tilsynsverksemd for inneverande år, og er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale barnevernstenester i 2013, initiert av Statens helsetilsyn, jf. lov om barnevernstenester (bvl) § 2-3b.

Fylkesmannen i Hordaland er gitt mynde til å føre tilsyn med den kommunale barnevernstenesta, jf. bvl § 2-3, 4. ledd.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen  sin.

Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, med der tilsynsmyndigheita finner grunn til å påpeike mogelegheit for betring

2. Omtale av verksemda

Kvam herad har 8.500 innbyggjarar. Kvam herad er organisert i fl.eire einingar. barnevernstenesta er underlagt oppveksteininga, med oppvekstsjef som leiar. Skule, barnehage, PPT, og kommunepsykolog for barn og unge er organisert i same eininga. Oppvekstsjef har rådmannens fullmakter innanfor sitt område.

barnevernsleiar har ansvar for barnevernstenesta med  11 stillingsheimlar, i tillegg kjem 0,2 stillingsheimel knytt til merkantile oppgåver. Tenesta innførte i juni 2013 det som er omtalt som generalistmodellen.  Det tyder at alle sakshandsamarar skal arbeide både med undersøkingar og oppfølging. 5,6 stillingsheimlar er knytt til sakshandsaming medan  1,5 stilling er knytt til utekontakten, som gjev tilbod til ungdom mellom  13-23 år som bur i Kvam herad og 2,8 er knytt til Kvam familiesenter, som arbeider med hjelpetiltak for barn som bur heime. Sjølv om tenesta opplyser å arbeide etter generalistmodellen er det likevel oppretta ei stilling som berre skal arbeide med barn plassert utanfor heimen. I tillegg er det tilsett ein person i eit vikariat som skal arbeide med rettleiing til fosterheimar.

Kvam herad har i 2013, i samband med regjeringa si styrking av det kommunale barnevernet, fått tilført midlar til kompetanseheving. Dei er også styrka med 1 stilling, som er blitt nytta til fosterheimsarbeid.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 5. juli 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 4. september 2013.

Intervju

Under tilsynet blei 7 personar intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 5. september 2013.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom sine styringstiltak sikra at <leira oppfølging og kontroll av barnets situasjon i kommunale fosterheimar vert utført i samsvar med krav i barnevernslova.

Tema for tilsynet var:

  • Oppfølging og kontroll av barnets situasjon i fosterheimen
  • Barnets medverknad
  • Råd og rettleiing til fosterforeldra

Lovkrav på området:

  • Barnevernslova § 4-22 med tilhøyrande forskrift om fosterheim
  • Barnevernslova §§ 4-5, 4-15 tredje ledd og 4-16 om planar og oppfølging av tiltak
  • Barnevernslova § 3-2a om plikta til å utarbeide individuell plan
  • FNs barnekonvensjon og barnevernslova § 6-3 om barns medverknad

Det lovpålagte styringssystemet for barnevernstenestene  skal bidra til å sikre at krav i barnevernslova vert halde. Kommunen sine styringstiltak skal sikre at deira oppfølging og kontroll med barnets situasjon i kommunale fosterheimar vert utført isamsvar med lovkrav. Barnevernstenesta skal sikre at kvart enkelt barn som bur heile eller deler av sin oppvekst i fosterheim rar tilfredstillande omsorg, og at dei føresetnadene som blir lagt til grunn for plasseringa vert følgt opp.

Barns rett til å bli høyrt og medverke går fram både av nasjonal lovgjeving og av FNs barnekonvensjon.

5. Funn

Det blei ikkje funne avvik etter tilsynet.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Ansvar og mynde er plassert og kjent i barnevernstenesta i Kvam herad. Leiar er oppdatert på barnevernstenesta sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheimar. Nestleiar utfører leiar sine oppgåver i hennar fråvær. Ein gong pr. månad rapporterer leiar til oppvekstsjef, som rapporterer vidare til rådmannen.

Kvam herad gjev nødvendig opplæring av tilsette. Leiinga har over tid rekruttert tilsette som har erfaring med å arbeide med plasserte barn. Sakshandsamerane har nødvendig kompetanse og erfaring i arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim. De har felles forståing for kva oppgåver som ligg i arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim, og korleis oppgåvene skal gjennomførast. Dei barnevernsfaglege vurderingane kjem fram i journalnotater, der det også er vist til barnets synspunkt, tilhodet om oppfølging som fosterforeldra har hatt.

Sakshandsamerane har samtaler med barna, både saman med fosterforeldra og åleine. Journalnotater dokumenterer barnets synspunkt og korleis barnevernstenesta  vektlegger dette i sine vurderingar  .

Dei skriftlege rutinane for arbeid med oppfølging av barn i fosterheim er kjente, men ikkje alltid brukt. Sakshandsamerande brukar sjekklister/skjema som vert fylt ut for kvar fosterbarn og som skal sikre lovpålagte oppgåver i fosterheimsarbeidet.  Sjekklista vert ikkje gjennomgått av leiar, men sakshandsamarane rapporterer til fosterheimsansvarleg  som rapporterer vidare til leiar. Fosterheimsansvarleg  sjekkar også at alle fosterbarn har tilsynsførarar og at rapportane vert motteke jamt.  Leiar har starta arbeidet med revidering/utvikling  av rutinane. Vidare vert det opplyst at ein arbeider med å bli tydlegare på kven som skal følgje opp manglar som vert rapportert til leiar. I denne samanheng bør kommunen vurdere om det er behov for å skriva ned fleire av dei innarbeida rutinane.

Tilsynet viste at Kvam herad gjennom styringstiltak sikrar at oppfølging og kontroll av barnets situasjon i kommunale fosterheimar vert utført innanfor lova sine rammer.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989.
  • Lov om barneverntjenester av 17.juli 1992 nr. 100 (barnevernsloven).
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967.
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr 1584.
  • Forskrift om fosterheim av 18. desember 2003 nr. 1659

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Internkontroll og rutinehandbok for barnevernstenesta i Kvam:
    - Barnevernstenesta si organisering, oppgåver og mål
    -Oversikt over tilsette og deira utdanning/kompetanse 1.8.2013
  • Hovudmål for bamevemstenesta
  • Utfordringar - fagleg og organisatorisk
  • Kunnskap og kompetanse
  • Medverknad frå tilsette
  • Erfaringar frå barn og foreldre
  • Risikoanalyse
  • Kvalitetssikring av internkontrollen
  • Rutinehandbok for barnevernstenesta - fosterheimsarbeid
    - Samarbeid mellom barnevernstenesta i kommunen og Bufetat
    - Rekruttering av fosterheimar
    - Godkjenning av fosterheimar
    - Sakshandsaming -vedtak, avtalar, avgjerder ved etablering av fosterheimstiltaket
    - Plasseringsfasen
    - Oppfølging av fosterbarn i fosterheimen
    - Avslutning  av fosterheimsplasseringar
    - Kvalitetssikring av fosterheimsarbeidet i Kvam herad
    - Rutine for å sikre at verksemda får inn tilsynsrapportar frå tilsynsførarane
    - Rutine for tilsetjing og oppfylling av tilsynsførarar som Kvam herad har ansvaret for Familiesenteret
    - Akuttsituasjonar
    - Sjekkliste - kvalitetssikring av fosterheimsarbeidet
  • Risikovurderingar
  • Årsmelding - barnevernstenesta
  • Opplæringsplan for tenesta

Dokumentasjon som vart gjennomgått i samband med tilsynet:

  • Alle barn under omsorg som er plassert i kommunal fosterheim - 14 saksmapper, jf. bvl § 4-12
  • Alle barn som er frivillig plassert i kommunal fosterheim - 1 saksmappe, jf. bvl § 4-4, 5. ledd

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet, program for tilsynet og kva sakmapper ein ønska å gjennomgå.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Torunn Litlabø

Sakshandsamar/rettleiar fosterheim

X

X

X

Ottar Strømsten

Sakshandsamar

 

X

 

Anne Valland

barnevernsleiar

X

X

X

Inger Dysvik

Fosterheimsansvarleg

X

X

X

Solveig Lundblad- Sandbakk

Sakshandsamar

X

X

X

Liv Berit Befring

Nestleiar

 

X

X

Astrid-Anett Steine

Oppvekstsjef

X

X

 

Frå Fylkesmannen deltok:
Seniorrådgjevar Randi Alme Flataker
Rådgjevar Ivar Skjolden
Seniorrådgjevar Vibeke Herskedal, tilsynsleiar