Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Kvinnherad kommune, Rosendalstunet den 8. og 16. mai 2013.

Vi undersøkte om Kvinnherad kommune har styring og fører kontroll med at pasientar som blir innlagt ved Rosendalstunet får nødvendig og forsvarleg helsehjelp og at pasientryggleik 1 er ivareteken. Tilsynet omfatta helsehjelp til pasientar som blir innlagt frå eigen heim eller sjukehus og rehabiliteringstilbod i sjukeheimen

Mottak av pasientar har ein periode vore større enn sjukeheimen er tilrettelagt for. Tenestetilbodet er sårbart i høve til å ivareta dei svært ulike behova som pasientane har. Sjølv med ekstra bemanning og innarbeidd praksis for at personell på vakt hjelper kvarandre på tvers av grupper, har tilhøva likevel uheldige følgjer for tilbodet til enkelte pasientar. Enkelte tider er det få personale til stades. Dette aukar risikoen for uønskte hendingar og skadar.

Ved tilsynet blei det gitt to avvik frå krav i helselovgjevinga.

Avvika er:

1. Tenestetilbod ved Rosendalstunet er i enkelte tilfelle ikkje tilrettelagt slik at alle pasientar får eit verdig tilbod.

2. Ved Rosendalstunet er det ikkje ein samla journal for kvar pasient. Fristen for å leggje fram plan for å rette avvika er 10. juli 2013.

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar  

Signe Marit Tørressen Gajek
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Kvinnherad kommune, Rosendalstunet, gruppe 1 og gruppe 4, den 8. og 16. mai 2013. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

2. Omtale av verksemda

KOSTRA-tal 2012 viser mellom anna at Kvinnherad kommune har ei litt eldre befolkning og høgare driftsutgifter innan pleie og omsorg enn andre samanliknbare kommunar (kommunegruppe 11). Delen av alle brukarar med stort behov for hjelp er høgare i kommunen (31 %) enn i kommunegruppa (25 %).

Kommunen har opplyst at det er 99 sjukeheimsplassar i kommunen. Dekningsgraden er 14 % i høve til talet på innbyggjarar 80 år og eldre og 21,5 % om bustader med heildøgns bemanning blir rekna med.

Kommunen har plan om utbygging ved Rosendalstunet og i samband med denne blei ei avdeling ved sjukeheimen lagt ned i 2009.  I Rosendalsona er det 34 institusjonsplassar, to  ved Ølve alderspensjonat og 32 ved Rosendalstunet. Dei 32 plassane er fordelt på tre grupper: 16 langtidsplassar (gruppe 1), 8 plassar i eining for personar med demens (gruppe 5) og 8 plassar for rehabilitering (gruppe 4).  Den eine plassen i gruppe 4 er for palliative pasientar. Dei andre plassane i denne gruppa blir for tida i hovudsak nytta til pasientar som treng plass av andre grunnar enn rehabilitering, t.d. langtidsplass til personar med fleire sjukdommar (multimorbide), personar med demens og personar som har avlastings-/rulleringsplass. Pasientar som treng rehabilitering blir no innlagt ved ein annan institusjon i kommunen.

Korttids- og avlastingsplassar blir tildelt i sonemøte der gruppeleiarane, sjukeheimslegane, fysio- og ergoterapeut og verksemdsleiar deltek. Tilgangen på pasientar innverkar på ventetid og kor lang tid det blir gitt korttids-/avlastingsopphald.

Pasientar som var innlagt i gruppe 1 og gruppe 4 då tilsynet blei gjennomført, trong mykje hjelp i samband med personleg stell, forflytting og måltid. I enkelte tilfelle er det teke inn ekstra bemanning. Kveld- og helgevakter er særleg krevjande.

Då tilsynet blei meldt var dei ein pasient i overbelegg ved Ølve alderspensjonat. I perioden

24. februar - 6. april var det frå to til seks pasientar i overbelegg ved Rosendalstunet. Den 8. mai var det tre pasientar i overbelegg og 16. mai var ein pasient i overbelegg ved sjukeheimen.

Verksemdsleiar har det faglege, administrative og økonomiske ansvaret for pleie og omsorgstenestene i Rosendalsona. Økonomiske rammer blir tildelt til kvar sone frå kommunestyret. Kommunalsjef er næraste overordna til verksemdsleiar.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 9. april 2013.

Opningsmøte blei halde 8. mai 2013.

Intervju: 16 personar blei intervjua.

Det blei gjort stikkprøve i 23 pasientjournalar. Vi fekk omvising ved Ølve alderspensjonat og ved Rosendalstunet gruppe 1 og gruppe 4.

Sluttmøte blei halde 16. mai 2013.

Oversikt over opplysningar som Fylkesmannen har fått tilsendt som del av førebuinga av dette tilsynet og dokument som blei gjennomgått 6. og 7. mars, er lista i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet undersøkte vi om Kvinnherad kommune har styring og fører kontroll med at pasientar som blir innlagt ved Rosendalstunet får nødvendig og forsvarleg helsehjelp og at pasientryggleik er ivareteken. Tilsynet omfatta helsehjelp til pasientar som blir innlagt frå eigen heim eller sjukehus og rehabiliteringstilbod i sjukeheimen.

5. Funn

Avvik 1:    

Tenestetilbod ved Rosendalstunet er i enkelte tilfelle ikkje tilrettelagt slik at alle pasientar får eit verdig tilbod.

Avvik frå:

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 4-1 b, jamfør forskrift om en verdig eldreomsorg § 3, forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie § 4-1 og forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten § 4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Enkelte rom som ikkje er utstyrt og tilrettelagt som pasientrom, er i lengre tid nytta til opphald for innlagte pasientar.
  • På ei av gruppene er det ventetid og kø for å kome på toalett/bad. Talet på toalett og baderom harmonerer ikkje med talet på pasientar og deira behov.
  • For å følgje med og unngå fall, er pasient i enkelte tilfelle teken med inn til andre som treng tilsyn og pleie.
  • Opplysningar i intervju tilseier at det er svært avgrensa høve til å gjennomføre målretta aktivitetar for at pasientane skal oppretthalde og betre funksjon.

Avvik 2:

Ved Rosendalstunet er det ikkje ein samla journal for kvar pasient.

Avvik frå: Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 5-10, jamfør forskrift om pasientjournal §§ 4 og 5.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Pasientopplysningar blir ført i separate to elektroniske journalsystem. Sjukeheimslegar og pleiepersonell har ikkje tilgang til opplysningar som blir ført i det eine. Informasjon om resultat av undersøkingar og vurderingar frå fysio- og ergoterapeut går ikkje fram av pasientjournalar ved sjukeheimen med mindre opplysningar blir kopierte inn.

Kommentar:

Hovudregelen er at det skal vere ein samla journal sjølv om helsehjelpa blir gitt av fleire, jamfør pasientjournalforskrifta § 5. Unntak kan vere dersom verksemda har einingar som fagleg og organisatorisk klart er separate deltenester. Sjølv om personellet er organisert i forskjellige einingar, er behandling, omsorg og pleie av pasientar i sjukeheimen så integrerte tenester at det ikkje er grunnlag for å gjere unntak frå hovudregelen.

6. Vurdering av styringssystemet

Det lovpålagte styringssystemet (internkontroll) for helsetenestene skal bidra til at krav i helselovgjevinga blir haldne. Leiinga skal overvake verksemda og setje i verk nødvendige tiltak for å korrigere og førebyggje svikt om og når dette er nødvendig.

Det er avdekt brot på kommunens plikt til å leggje tenestene til rette slik at alle pasientar får eit verdig tilbod og til å ha journalsystem som gjer at relevante og nødvendige opplysningar er tilgjengelege i ein samla journal.

Tenestetilbodet i gruppe 1 og gruppe 4 er sårbart i høve til å ivareta dei ulike behova som pasientane har. Mottak av pasientar har ein periode vore større enn sjukeheimen er tilrettelagt for. Dette er det til dels forsøkt å kompensere for med ekstra bemanning i spesielle situasjonar og på ein del vakter. Sjølv med ekstra bemanning og innarbeidd praksis for at personell på vakt hjelper kvarandre på tvers av gruppeinndeling, har tilhøva likevel uheldige følgjer for tilbodet til enkelte pasientar. Pasientane har svært ulike behov og når det til enkelte tider er få personale til stades, aukar risikoen for uønskte hendingar og skadar.

Leiinga i kommunen er vel kjent med tilhøva. Det er eigar og leiarar som har ansvaret for organisering, utstyr og rammer som gjer det mogeleg å gje alle pasientar i institusjonen eit verdig tenestetilbod. Tilstrekkeleg bemanning med rett kompetanse og eigna bygningsmessige forhold er grunnleggjande føresetnader. Funn ved tilsynet tilseier at desse føresetnadane ikkje er fullt ut oppfylte ved Rosendalstunet og at leiinga i si oppfølging og evaluering av drifta ikkje har teke nødvendig omsyn til lovpålagte plikter.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten.
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns om org og pleie.
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal.
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten.
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene.
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg.
  • Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator.

8. Dokumentunderlag

Opplysningar frå Kvinnherad kommune knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Brev av 23. april 2013 med vedlegg frå Kvinnherad kommune
  • Organisasjonskart
  • Organisasjonsplan Rosendalsona
  • Delegasjon av rådmannen si styrings- og avgjerdsfullmakt
  • Stillingsbeskrivelse tilsynslege, datert 1. oktober 2010
  • Stillingsbeskrivelse fagkonsulent
  • Gruppeleiar – stillingsbeskrivelse
  • Oversikt belegg veke 9-14
  • Oversikt over tilsette
  • Utskriving av brukarar
  • Sjekkliste for mottak av pasient som er utskriven frå sjukehus
  • Sjekkliste ved sjukehusinnlegging
  • Skjema søknad om pleie- og omsorgstenester
  • Møte med ny brukar i heimen
  • Mottak av brukar
  • Oppfølging av brukar
  • Flytting av brukar
  • Innlegging i sjukehus
  • Sjekkliste ved sjukehusinnlegging
  • Prosedyre ved rehabiliteringspasientar
  • Skjema – kartlegging av funksjonsområde
  • Avvikshandtering i tenesteytinga
  • Årsmelding 2012 Rosendalsona
  • Dokumentasjon – pasientjournal

Ved stikkprøve i 23 pasientjournalar undersøkte vi om det var opplysningar om følgjande:

  • innkomstjournal
  • diagnose/diagnosar, indikasjon for og vurdering av effekt av behandling,
  • vurdering av rehabiliteringspotensiale, plan og evaluering av iverksette tiltak.

Vi fikk lagt fram følgjande dokument:

  • Sjekkliste funksjonskartlegging
  • Retningsliner for tildeling av helse- og omsorgstenester i Kvinnherad kommune, vedtekne 7. mai 2013 i komite for helse og omsorg
  • Utskrift KOSTRA-tal 2010-2012 for pleie og omsorg
  • Budsjett 2013 - økonomiplan 2013-2016 - handlingsplan 2013-2016, godkjent av kommunestyret 20. desember 2012

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 9. april 2013 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Opplysningar om pleie- og omsorgstenestene, brev av 23. april 2013 med vedlegg frå Kvinnherad kommune
  • Oversending av program for tilsynet, brev av 29. april 2013 frå Fylkesmannen i Hordaland

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Line Bjørn Olsen

Pleiemedarbeidar

X

X

X

Gunn Tove Petterteig

Kommunalsjef

X

X

X

Inger Eskeland

Sjukepleiar

X

X

X

Torunn Angell Haugen

Hjelpepleiar

X

X

X

Mette B. Lauvsnes

Gruppeleiar

X

X

X

Gunvor Teigland

Fysioterapeut

X

X

X

Hanne Kristin Sæbøe

Hjelpepleiar

X

X

X

Trude Steinsletten

Sjukepleiar

X

X

X

Astrid Tokheim Vivelid

Fagarbeidar

X

X

X

Birgit Zimmermann

Sjukeheimslege

X

X

 

Åshild Lygre

Sjukepleiar

X

X

X

Hilde Mæland Bjørke

Gruppeleiar

X

X

X

Kjellaug Bakke Solheim

Fagkonsulent

X

 

X

Elisabeth Arnevik

Pleiemedarbeidar

X

X

X

Trond Sætereng

Rådmann

 

X

X

Ellen Korsvold

Verksemdsleiar

X

X

X

Jacob B. Søndergaard

Sjukeheimslege

 

X

 

Frå Fylkesmannen deltok:
Seniorrådgjevar Karen Reimers Seksjonsleiar Signe Marit Tørressen Gajek Seksjonsleiar Anne Grete Robøle

1 Pasienttryggleik er alle systematiske tiltak som blir sett i verk for å opprette og vedlikehalde vern mot unødvendig skade.