Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i perioden tilsyn med Nav Øygarden kommune. Denne rapporten gjer greie for avvik som blei påpeikte innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Tilsynet omfatta undersøking av om kommunen gjennom sin styringsaktivitet sikrar at handsaming av tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram er i samsvar med lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Under tilsynet undersøkte vi om tenesta er tilgjengeleg for aktuelle deltakarar, om kartlegginga av sakene er tilstrekkeleg og om vurderingar er forsvarlege, under dette om det vert føreteke individuelle vurderingar i den einskilde sak. Vidare undersøkte vi om deltakarar får oppfølging i samsvar med lova sine krav.

Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet.

Hilde Ordemann
tilsynsleiar

Birthe Christiansen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Nav Øygarden kommune 22. og 24. april 2013.

Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 9.

Fylkesmannen i Hordaland har heimel til å føre tilsyn etter sosialtenestelova § 9.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.

Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på betringspotensial.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Rådmann er som er øvste ansvarlege leiar for kommunal side av Nav Øygarden. Denne oppgåva vert utført av kommunalsjef Helse og omsorg. Nav Øygarden har ein leiar med ansvar for både kommunale og statlege oppgåver. Det er leiar som har ansvar for handsaming av søknadar om kvalifiseringsprogram.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 6. februar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 22. april 2013. Under tilsynet blei fem personar intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 24. april 2013.

4. Kva tilsynet omfatta

Det blei ført tilsyn med området handsaming av tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i medhald av lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Under tilsynet undersøkte vi om tenesta er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar, om kartlegginga av sakene er tilstrekkeleg og om vurderingar er forsvarlege, under dette om det vert føreteke individuelle vurderingar i den einskilde sak.

Kommunen er pålagt å ha internkontroll etter sosialtenestelova § 5 og forskrift om internkontroll gitt i medhald av lova. Tilsynet undersøkte om, og på kva måte, kommunen si leiing følgde med på at dei oppgåver som er pålagt etter lova vart gjennomførte.

5. Funn

Det blei ikkje gitt avvik eller merknader under tilsynet.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Ansvar for oppfølging og evaluering av kvalifiseringsprogram er plassert hos sakshandsamar, medan leiar har mynde når det gjeld tildeling av program.

Det er utarbeida rutinar for arbeidet med kvalifiseringsprogram. Kommunen har eit avvikshandteringssystem. Kommunen må vurdere om det skal gjerast tydelegare kva som er avvik innanfor dette området.

Ved gjennomgang av området har leiinga fanga opp fleire forhold som no er forbetra. Det vert no stilt krav til kva den einskilde sakshandsamar skal dokumentera i programma. Dette gjeld til dømes oppfølging og evaluering i den einskilde sak.

7. Regelverk

  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga av 18.12.2009 nr. 131
  • Forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad
  • Forvaltningsloven av 10.2.1967
  • Forskrift til forvaltningsloven av 15.12.2006 nr. 1456

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart Øygarden kommune
  • Organisasjonskart Nav Øygarden
  • Delegeringsreglement
  • Samarbeidsavtale mellom Øygarden kommune og arbeids- og velferdsetaten Hordaland
  • Oversikt over personell som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
  • Plan for sikring av kontinuitet ved Nav Øygarden
  • Rutinar for kvalifiseringsprogrammet
  • Seks einskildsaker
  • Dokumentasjon som blei gjennomgått:
  • To einskildsaker

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet og program for tilsynet.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Vidar Sangolt

Leiar

X

X

X

Trond Andersson

Sakshandsamar

X

X

X

Katrine Risløw

Sakshandsamar

X

X

X

Rigmor Lerum

Sakshandsamar

X

X

X

Åse Vik

Kommunalsjef

X

X

X

Marthe Karlsen

student

X

 

X

Alise Landro

student

X

 

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Birthe Christiansen, Marta Havre og Hilde Ordemann, tilsynsleiar.

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2013–14 Kvalifiseringsprogrammet

Søk