Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Osterøy kommune 6.-7. mars 2013.

Vi undersøkte om Osterøy kommune, Osterøytunet, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gjeven i samsvar med krav i helselovgjevinga.

Vi undersøkte særskilt om kommunen har innretta verksemda og følgjer med på at krav i pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A blir følgde slik at motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen helsehjelp blir gjennomført, det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

Reglane i kapittel 4A skal sikre at helsehjelp blir gjeven for å hindre vesentleg helseskade hos pasientar utan samtykkekompetanse og som set seg imot helsehjelpa. Reglane skal også bidra til å førebyggje og hindre unødvendig bruk av tvang.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga. Einingsleiarar og sjukeheimslege ved Osterøytunet er merksame på kva som kan betrast ved tenestene innan dei områda tilsynet omfatta. Då tilsynet blei gjennomført var det ikkje treft vedtak om bruk av tvang for nokon av pasientane. I tilfelle pasientar ikkje ønskjer å ta imot tilbod om hjelp, er det innarbeidd praksis å prøve ulike framgangsmåtar og leggje til rette for at dei kan medverke i gjennomføring av stell og andre daglege gjeremål.

Anne Grete Robøle
Revisjonsleiar

Helge Gismarvik Høvik
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Osterøy kommune, gruppe 3 og 6 ved Osterøytunet

6.-7. mars 2013. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

2. Omtale av verksemda

Osterøytunet har 66 plassar fordelt på sju grupper og 16 einingar i bufellesskap. Bueiningane er organiserte under heimetenestene på dagtid. Osterøytunet gir tilsyn/hjelp ved behov om natta.

Ved Osterøytunet er gruppe 1, 2 og 3 tilrettelagt for pasientar med demenssjukdom. Gruppeleiar for kvar gruppe rapporterer til einingsleiar avdeling for demente.

Gruppe 4, 5 og 6 er for pasientar som treng langtidsplass og gruppe 7 er for pasientar som treng rehabilitering etter sjukdom eller sjukehusopphald. Gruppeleiarane rapporterer til einingsleiar for somatisk avdeling. Dei to einingsleiarane rapporterer til sektorleiar for helse, omsorg og sosial.

Sjukeheimslege er tilsett i 60 % stilling. Turnuslege har ansvaret for ei av gruppene og er til stades ein dag i veka.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 14. januar 2013. Opningsmøte blei halde 6. mars 2013. Intervju: 13 personar blei intervjua.

 

Det blei gjort stikkprøve i 34 pasientjournalar og omvising i gruppe 1, 2 og 3.

Sluttmøte blei halde 7. mars 2013.

Oversikt over opplysningar som Fylkesmannen har fått tilsendt som del av førebuinga av dette tilsynet og dokument som blei gjennomgått 6. og 7. mars, er lista i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet undersøkte vi om Osterøy kommune, Osterøytunet, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gjeven i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

5. Funn

Innan dei områda som tilsynet omfatta, blei det ikkje påpeikt avvik frå krav i helselovgjevinga.

Ved Osterøytunet, gruppe 3 og 6, er leiarar, lege og tilsette lett tilgjengelege for kvarandre. Det er lagt til rette for samarbeid med pasientar og pårørande. I tilfelle pasientar ikkje ønskjer å ta imot tilbod om hjelp, er det innarbeidd praksis å prøve ulike framgangsmåtar og leggje til rette for at dei kan medverke i gjennomføring av stell og andre daglege gjeremål. Einingsleiarar og sjukeheimslege ved Osterøytunet er merksame på kva som i det vidare kan betrast ved tenestene innan dei områda tilsynet omfatta.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

 

Mange oppgåver kviler på få personar. Styring og leiing er tydeleg, men sårbar ved eventuelle fråvere og endringar i bemanning. Regelmessig evaluering av om praksis er i samsvar med krav i regelverket og skriftlege rutinar som også definerer ansvar for ulike oppgåver, kan bidra til å førebyggje svikt.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten.
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns om org og pleie.
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal.
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten.
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene.
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg.

8. Dokumentunderlag

Opplysningar frå Osterøytunet knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Brev av 4. februar 2013 med vedlegg frå Osterøy kommune
  • Organisasjonskart Osterøy kommune og Osterøytunet
  • Stillingsomtale einingsleiar helse-/omsorg og sosial
  • Fagkoordinator i institusjon
  • Stillingsinstruks sjukeheimslege ved Osterøytunet
  • Gruppesjukepleiar ved Osterøytunet
  • Funksjonsomtale for områdesjukepleiar ved Osterøytunet
  • Gruppesjukepleiar: fagleg og administrativt ansvar
  • Velkomen til Osterøytunet
  • Informasjon om legetenester ved Osterøytunet
  • Oversikt over tilsette
  • Skjema: Fråsegn om manglande samtykkekompetanse
  • Retningsliner for vurdering av helsehjelp til å ha pasientar som motset seg helsehjelpa, utan å ha samtykkekompetanse
  • Skjema: Vedtak om bruk av tvang ved helsehjelp
  • Rettleiing til utfylling av skjema
  • Dokumentasjon av pleieplan i cosdoc
  • Dagvakt på Osterøytunet
  • Kveldsvakt på Osterøytunet
  • Før du går frå pasienten/rommet på Osterøytunet: sjekkliste
  • Vikarhefte- Osterøytunet, Osterøy kommune
  • Opplæring av nytilsette på Osterøytunet
  • Informasjon om teieplikt
  • Teieplikt – skjema

Vi gjennomgikk 34 pasientjournalar for å undersøkje om det var dokumentert opplysningar om følgjande:

  • diagnose/diagnosar og tilstanden til pasienten
  • indikasjon for og vurdering av effekt av behandling,
  • motstand mot helsehjelp,
  • tillitskapande tiltak som var prøvde,
  • føresetnader for å samtykke til helsehjelp var vurdert,
  • grunngjeving for og avgjerd om at pasienten heilt eller delvis mangla samtykkekompetanse,
  • revurdering av samtykkekompetanse,
  • helsefagleg vurdering av om helsehjelpa kan gjennomførast med tvang
  • grunngjeving og vedtak om tvungen somatisk helsehjelp og/eller vedtak om tilbakehald, og opplysningar om kva helsehjelp som blir gitt med tvang

Vi fikk lagt fram følgjande dokument:

  • Referat frå gruppemøte gruppe 1, 2 og 3.
  • Avviksmeldingar i elektronisk pasientjournal
  • Avviksmeldingar i IKS

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 14. januar 2013 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Opplysningar frå Osterøy kommune, brev av 4. februar 2013 med vedlegg frå kommune
  • Oversending av program for tilsynet, brev av 21. februar 2013 frå Fylkesmannen i Hordaland

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Marie Andersland

Sjukeheimslege

X

X

X

Signe Hjellvik

Sjukepleiar, fagkoordinator

X

 

X

Jartru Reigstad

Einingsleiar avdeling for demente

X

X

X

Rita Hellevang

Einingsleiar somatisk avdeling

X

X

X

Karoline Mjelde

Helsefagarbeidar

X

X

 

Berit Vik

Omsorgsarbeidar

X

X

X

Bente Rongved

Sjukepleiar

X

X

X

Anne B. Jørgensen

Gruppesjukepleiar, gruppe 6

X

X

 

Eva Marie Alvheim

Hjelpepleiar

X

X

X

Kristin Margret Sigurdardottir

Assistent

X

X

X

Mette Fauskanger

Sektorleiar helse, omsorg og sosial

X

X

X

Guro Totland Hovden

Turnuslege

X

X

X

Grethe B. Holsen

Gruppesjukepleiar, gruppe 3

 

X

X

Borghild Øvsthus

Fagutviklingskonsulent

   

X

Monica Sandnes

Assistent

 

X

 

Frå Fylkesmannen deltok:
Ass. fylkeslege Jo Kåre Herfjord
Seniorrådgjevar Silje Haaskjold Sætre
Seniorrådgjevar Helge Gismarvik Høvik
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle, leiar