Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 22. mars 2013 tilsyn med Sofus Barnevern.

Tilsynet omfatta institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar vert kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, somatisk og psykisk sjukdom.

Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet.

2. april.2013

Eirik Lyssand revisjonsleiar

Kristina Munkejord revisor

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen underskrift.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Sofus barnevern als 22. mars 2013. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i inneverande år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernlova § 2-3 fjerde ledd, jf § 2-3b. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.

Tilsynet omfattar institusjonen si ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettighetsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som varetek dette ansvaret.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

2. Omtale av verksemda

Sofus barnevern er eit privateigd als. Dei driv på oppdrag for kommunar to avdelingar med individuelle tiltak heimla i helse- og omsorgslova. Desse fell utanfor tilsynet. Sofus barnevern har godkjenning av Bufetat om drift av tre avdelingar heimla i barnevernlova Avdeling Fugledalen tre plassar i alder 13-18 år §§ 4-4, 5.ledd, 4-12

Avdeling. Ramberget ein plass i alder 13-18 år §§ 4-4, 5.ledd, 4-12, 4-24 og 4-26

Avdeling Lauvås einetiltak § 4-6, 1.ledd

Eigar er dagleg leiar i verksemda. Nestleiar har medansvar for all drift. Begge har direkte styring og dagleg ansvar for kvar eining i Sofus barnevern. Institusjonen er godkjent for plasseringar heimla i barnevernlova §§ 4-4,5.ledd, 4-12, 4-24 og 4-26

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen blei gjennomført på følgjande måte:

Varsel blei sendt 29.1.2013. Oversikt over dokument verksemda har sendt oss i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte, intervju og sluttmøte blei gjennomført på same dag. Fire personar blei intervjua.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfattar institusjonen sin ivaretaking av ansvaret for medisinsk tilsyn og behandling for bebuarane. Det går fram av rettigheitsforskrifta § 8 og internkontrollforskrifta § 7 at institusjonen skal sørgje for at bebuarane får medisinsk tilsyn og behandling, og institusjonen pliktar å ha skriftlege rutinar som tar vare på dette ansvaret. Dette inneber mellom anna at institusjonen skal sørgje for at helsa til nye bebuarar blir kartlagt. Endringar i helsetilstand må fangast opp under opphaldet, og institusjonen pliktar å sørgje for at bebuarane får naudsynt medisinsk behandling for både rus, samt somatisk og psykisk sjukdom. Dersom bebuarar går på faste medisinar, skal institusjonen ha rutinar som sikrar at handtering av medisinar er forsvarleg.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i barnevernslovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Krav til innhald i styringssystemet går fram av forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar § 12 (innhald i internkontrollen).

Det er gjort risikovurderingar av både det medisinske behandlingstilbodet (rus, somatikk, psykiatri) og legemiddelhandteringa.

Ansvar og mynde var avklart innanfor tema for tilsynet slik at tilsette er klar over sitt ansvar og kva det inneber.

Institusjonen har tilsett vernepleiarar som legg i dosett for utdeling av reseptpliktige medisinar. Om vedkomande ikkje er tilgjengeleg blir dette utført av apotek. Det er ikkje eit krav at institusjonen skal ha tilsett helsepersonell, men tilsette gjev uttrykk for at denne kompetansen er ønskeleg for å sikre forsvarleg handtering av legemiddel. Sjølv om det ikkje er eit krav, tilrår vi at forskrift om legemiddelhandtering blir lagt til grunn. Det bør vurderast om dei som har oppgåver med legemiddel, bør få eige kurs og godkjenning.

Det ligg føre rutinar for sentrale deler av verksemda. Tilsette er kjend med rutinane og kva dei inneber. Det er lett åta opp forhold som ikkje fungerer og det er ikkje meldt om at svikt ikkje blir retta opp.

Institusjonen samarbeider i fleire einskildsaker med barne- og ungdomspsykiatrien. Avklaring av ungdommane si psykiske helse, er viktig for å gje barna eit betre utgangspunkt ved overgangen til vaksenlivet. Institusjonen har såleis ei svært viktig rolle i dette.

Leiinga har god oversikt over verksemda. I einskildsaker deltek leiar ved behov. Leiinga har sørgja for ein systematisk gjennomgang av styringa (internkontrollen) når det gjeld vurdering og justering av eigen praksis knytt til tilsynstemaet.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989
  • Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
  • Forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjon

8. Dokumentunderlag

Verksemda sin dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre tilhøve, sendt oss under førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart for Sofus Barnevern A/S.
  • Rutinar som gjeld ivaretaking av bebuarar sin rett til naudsynt medisinsk tilsyn og behandling, under denne rutine for oppbevaring og utlevering av medisinar.
  • Institusjonsplanen, avgrensa til det som er relevant for medisinsk tilsyn og behandling, og dessutan målgruppe for institusjonen.
  • Rutine for kartlegging av helsetilstand ved inntak.
  • Vedtak frå Bufetat datert 20.2.2013 om godkjenning av einetiltak.
  • Vedtak frå Bufetat om endring av målgruppe og rapport frå etterfølgjande kontroll av privat institusjon av 26.4.2012.

9. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Jan Atle Knappskog

Eigar/leiar

X

X

X

Remi Bye

avdelingsleiar

X

X

 

Bente Fossheim

Miljøterapeut

X

X

X

Kjell Ame Presthaug

Miljøterapeut

 

X

 

Frå Fylkesmannen deltok:
Kristina Munkejord, Helga Arianson og Eirik Lyssand, tilsynsleiar