Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Sveio kommune 29. og 30. mai 2013. Tilsynet har undersøkt om kommunen gjennom styring og forbetring sikrar at barn og unge som har langvarige og samansette behov, får forsvarlege tenester. Tilsynet var avgrensa til aldersgruppa 0-20 år.

Sveio kommune har styring og kontroll med at barn og unge får koordinerte tenester.

Ved tilsynet blei det avdekka følgjande avvik:

  • Sveio kommune sikrar ikkje at tenestetilbodet som blir gitt til barn og unge med psykisk utviklingshemming er i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Frist for tilbakemelding om tiltak for å rette avviket er satt til 1.juli 2013.

Torill Vebenstad
revisjonsleiar

Hilde Ordemann
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Sveio kommune 29.-30. mai 2013. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med barnevern etter lov om barnevernstjenester§ 2-3 og helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse­ og omsorgstjenesten§ 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i, eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sveio kommune er organisert i ein tonivåmodell. Tenester til barn og unge med samansette behov blir ytt i einingane helse og rehabilitering, avdeling for funksjonshemma og barnevern. Funksjonen som koordinerande eining blir ivareteke i eining helse og rehabilitering. Einingsleiarane har det overordna ansvaret for økonomi, fag og personell og rapporterer til rådmann v/kommunalsjefhelse og omsorg. Det overordna faglege ansvaret for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er lagt til kommunalsjef helse og omsorg.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 18. mars 2013.

Opningsmøte blei halde 29. mai 2013.

Intervju: Tolv personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 30. mai.

Oversikt over opplysningar som er mattekne frå Sveio kommune i samband med planlegging av tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8, Dokumentunderlag

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt om kommunen gjennom styring og forbetring sikrar at barn og unge som har langvarige og samansette behov, får forsvarlege tenester:

  • om behov for tenester blir fanga opp, kartlagt og utgreidd,
  • om tenestene er koordinerte og det er kontinuitet i dei tenestene som blir gitt,
  • om tenester til barn og unge med psykisk utviklingshemming blir gitt utan bruk av tvang og makt, og når bruk av tvang er nødvendig; at tvangen blir brukt i samsvar med reglane i helse­ og omsorgstenestelova kapittel 9.

Tilsynet var avgrensa til aldersgruppa 0-20 år.

5. Funn

Avvik:

  • Sveio kommune sikrar ikkje at tenestetilbodet som blir gitt til ham og unge med psykisk utviklingshemming er i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Avvik frå:

Helse- og omsorgstenestelova §§ 9-4 og 9-7 jf. § 3-1, 3. ledd og forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstenesta § 4 g.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det blir brukt tvang systematisk overfor ein tenestemottakar utan at tvangen er overprøvd og godkjent av Fylkesmannen.
  • Meldingar om skadeavvergjande tiltak er sendt Fylkesmannen utan at overordna fagleg ansvarleg er orientert.
  • Rutinar for å informere overordna fagleg ansvarleg om bruk av tvang er mangelfulle.
  • Leiinga har ved sin gjennomgang ikkje avdekka at tvang blir nytta systematisk.

Kommentarar:

Av lov om helse- og omsorgstenester § 9-7 går det fram at det er den som har det overordna faglege ansvaret som har mynde til å fatte vedtak om bruk av tvang. Det skal fattast vedtak om all tvang som blir brukt systematisk. Med systematisk meiner vi mellom anna der det er ein etablert praksis for handtering av den utfordrande åtferda. Vedtak kan ikkje setjast i verk før det er godkjent av Fylkesmannen.

Vidare går det fram av § 9-4 at kommunen pliktar å legge til rette for minst mogeleg bruk av tvang og makt. Dette inneber at den overordna fagleg ansvarlege har eit særleg ansvar for å følgja med på tenestetilbodet til personar med utviklingshemming.

Av § 4 bokstav g i forskrift om internkontroll går det fram at dei ansvarlege for verksemda skal avdekke, rette opp og førebygge brot på helse- og omsorgslovgivinga. For å kunne ivareta desse oppgåvene må den overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 halde seg orientert om tvang som blir nytta og kommunen må ha rutinar som gjer at den overordna fagleg ansvarlege får informasjon om all bruk av tvang.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Sveio kommune har ikkje gode nok rutinar for informasjon til overordna fagleg ansvarleg for kapittel 9 om bruk av tvang, og kontroll med om tvang blir brukt systematisk.

Sveio kommune har styring og kontroll med at ham og unge får koordinerte tenester. Der er innarbeidde rutinar for tverrfagleg samarbeid, bruk av ansvarsgrupper og individuell plan. Tilbod til den enkelte blir planlagt, evaluert og justert i ansvarsgruppemøte.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24.juni 2011nr.30 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 17.juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 14. desember 2005 nr. 1584 om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester
  • Forskrift av 3. april 2003 nr. 450 om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  • Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå Sveio kommune som er lagd til grunn for tilsynet:

Brev av 19. april 2013 med følgjande vedlegg:

  • Organisasjonskart helse og omsorg, barnevern, helse og rehabilitering, pleie og omsorg og avdeling for funksjonshemma
  • Kompetanseplan barnevern 2012/2013
  • Opplæringsplan barnevern vår 2013
  • Stillingsomtaler, ikkje daterte
  • Oversikt møtestruktur for helse- og rehabilitering
  • Skriftlege rutinar, risikovurdering og handlingsplan for arbeid med internkontroll i barnevernet
  • Skriftlege rutinar for utarbeiding av Individuell plan, opplæring av koordinator for Individuell plan og opplæring av tilsette i arbeid med Individuell plan
  • Skriftlege rutinar for koordinerande eining for habilitering og rehabilitering og for samarbeid mellom koordinerande eining for habilitering og rehabilitering og aktuelle samarbeidspartar
  • Oversikt over skriftlege rutinar tilhøyrande tenesteområder i Helse og rehabilitering frå 01.01.13
  • Malar for omsorgsplaner, tiltaksplaner, arbeidsplaner i barnevernet
  • Oversikt over skriftlege rutinar for helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Helsestasjonane sine arbeidsmål for 2013
  • Årsrapport for Sveio kommune 2012
  • Skriftleg rutine for bruk av makt og tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, godkjent 18.04.13
  • Skriftleg rutine for møter iavdeling for funksjonshemma, godkjent 18.04.13
  • Drifts- og ressursanalyse for rammeområdet helse og omsorg i Sveio kommune - april 2012

E-post motteke 2.5.2013 med følgjande vedlegg:

  • Delegeringsreglement for Sveio kommune, datert 1.6.2012
  • Delegering frå rådmannen til administrasjon, datert 5.1.2009
  • Organisasjonsprosjekt helse og omsorg april 2013

E-post motteke 7.5.2013 med følgjande vedlegg:

  • Oversikt pr. veke 19-2013, over tenestemottakarar 0-20 år

Brev av 16. mai 2013 med følgjande vedlegg:

  • Oversikt over aktive hjelpetiltak pr. 8.5.2013 -unntatt offentlegheit
  • Oversikt over aktive omsorgstiltak m/hjelpetiltak pr. 8.5.2103 -unntatt offentlegheit

Lagt fram ved tilsynet:

  • Oversikt over personar 0-20 år med behov for langvarige og koordinerte tenester
  • Handlingsplan ham-unge 2012/2013 - psykisk helsetenester
  • Informasjon om psykisk helsetenester
  • Tertialrapport 2013
  • Stillingsomtal einingsleiar Avdeling for funksjonshemma, ikkje datert
  • Søknad på stilling som rådmann i Sveio kommune
  • Administrativ organisering Sveio kommune
  • Interndelegering i Sveio kommune -Delegering frå rådmann til administrasjon - utkast
  • Økonomiplan 2013-2016

Dokumentasjon som blei gjennomgått:

  • 17 mapper til barn og unge med langvarige og samansette behov. Det blei sett etter om ansvarsgruppemøte var gjennomførte regelmessig og tenester, målsettingar og planar var følgde opp og evaluerte. Gjennomgangen viste at: Alle hadde fått utpeikt koordinator og ansvarsgrupper var etablerte for alle saman. 13 individuelle planar var ferdig utarbeidde og vart jamleg evaluert i ansvarsgruppa. I ein mappe gikk det fram at individuell plan ikkje var aktuelt.

Korrespondanse mellom Sveio kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 18. mars 2013 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Opplysningar frå Sveio kommune, brev av 19. april og 16. mai 2013 med vedlegg, og e-post motteke 2.5.2013 med vedlegg og 7.5.2013 med vedlegg
  • Oversending av program, e-post sendt 10. mai 2013 frå Fylkesmannen i Hordaland

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Cathrine Kvamsø Olsen

Konsulent

X

X

 

Bente Hovland Johannessen

Avdelingsleiar psykisk helse

X

X

X

Ritha Støle

Helsesøster

X

X

 

Kristina V. Ballard

Miljøterapeut/stedfortr. avdelingsleiar

X

X

X

Guro Thorsheim

Barnevernkonsulent

X

X

X

Jarle E. Saltvedt

Fysioterapeut

 

X

 

Grethe Natås

Leiande helsesøster

X

X

X

Reinert Enerstvedt

Einingsleiar avdeling for funksjonshemma

X

X

X

Ingunn Toft

Barnevernleiar

X

X

X

Tore Bøe Olsen

Leiar helse og rehabilitering

X

X

X

Bjørn Gilje

Kommunalsjef helse og omsorg

X

X

X

Bjarne Aksnes Martinsen

Rådmann

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Hilde Ordemann, seniorrådgjevar
Gunhild Lauvsnes, rådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar, leiar