Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Lindås kommune 23. - 24. november 2016. Denne rapporten gjer greie for avvik som blei påpeikte innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Vi undersøkte om Lindås kommune, Knarvik sjukeheim, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særleg om:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert,
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen helsehjelp blir gjennomført,
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

Det blei ikkje avdekka forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga. Tilsynet er avslutta.

Dato: 30. desember 2016.

Silje Haaskjold
revisjonsleiar

Sætre Kristin
revisor

 

Cotta Schønberg
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Lindås kommune, Knarvik sjukeheim 23. - 24. november 2016. Tilsynet er eitt av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.

Fylkesmannen i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å lese dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunen gjennom styringa (internkontrollen) fyller ulike krav i lovgjevinga. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar.
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte.
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Knarvik sjukeheim har 73 plassar fordelt på tre avdelingar. Skjerma gruppe for personar med demens har ni plassar. Dei tre sjukeheimslegane har kvar sin dag på institusjonen. Avdelingsleiar rapporterer til einingsleiar for sjukeheimstenesta, som rapporterer til kommunalsjef. Ved tilsynet var det 1 gyldig vedtak om tvungen somatisk helsehjelp ved sjukeheimen.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 22. september 2016.

Opningsmøte blei halde 23. november 2016.

Intervju: 11 personar blei intervjua.

Det blei gjort stikkprøver i 28 pasientjournalar og synfaring ved sjukeheimen.

Sluttmøte blei halde 24. november 2016.

Oversikt over dokumentasjon som Lindås kommune, Knarvik sjukeheim har sendt i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått ved tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet undersøkte vi om Lindås kommune, Knarvik sjukeheim, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særleg om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert.
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført.
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold i strid med krav i helselovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Ansvarsforhold som gjeld styring av verksemda ved sjukeheimen, er avklarte og kjende. Tilsette har fått og får opplæring om helsehjelp til pasientar som viser eller gir uttrykk for motstand mot helsehjelp. Det er felles praksis og lagt til rette for drøfting/refleksjon om praksis i pleiegruppa og med lege. Leiarar ved sjukeheimen er tilgjengelege og følgjer med på dagleg drift, behandling og oppfølging av pasientane.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten.
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukarrettar.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns om org og pleie.
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr.1385 om pasientjournal.
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr.1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten.
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene.
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, som vart sendt over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Stillingsskildring for einingsleiar
  • Stillingsskildring for avdelingsleiar
  • Arbeidsbeskrivelse for sjukeheimslegane ved institusjonar i Lindås kommune
  • Handlingsrom - leiing av eining for sjukeheimstenesta i Lindås kommune
  • Opplysninger om Knarvik sjukeheim
  • Opplysningar om sjukeheimslegene ved Knarvik sjukeheim
  • Namn på tilsette ved Knarvik sjukeheim
  • Prosedyre for bruk av tvungen helsehjelp etter Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A, datert 1. november 2016
  • Flytskjema til prosedyre om Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A
  • Prosedyre om journalføring i Lindås kommune, datert 18. desember 2008
  • Prosedyre om samtykkekompetanse i Lindås kommune, datert 29. desember 2008
  • Prosedyre om pasientjournal i Lindås kommune, datert 30. desember 2008
  • Rutine for mottak av ny pasient ved sjukeheimstenesta, datert 1. mai 2015
  • Rutine for primærsjukepleie, datert 1. mai 2015
  • Rutine for årskontroll, datert 1. mai 2015
  • Velkommen som medarbeidar i sjukeheimstenesta i Lindås kommune
  • Handlingsprogram for sjukeheimstenesta i Lindås kommune
  • Årshjul
  • Handlingsplan 2016, oppdatert 1. november 2016

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 28 pasientjournalar
  • Leiaravtale for einingsleiar
  • Utkast til Verksemdplan 2017 for sjukeheimstenesta
  • Oversikt over internundervisning ved Knarvik sjukeheim
  • Organisasjonskart for Lindås kommune

Korrespondanse mellom Lindås kommune og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn datert 22. september 2016
  • Opplysningar frå Lindås kommune i brev av 4. november 2016
  • Utkast til program for tilsynet i brev av 9. november 2016

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Kjersti Skurtveit

Hjelpepleiar

X

X

X

Kamil Daibes

Sjukeheimslege

 

X

 

Mary Grace Guilaran

Helsefagarbeidar

X

X

X

Monica Stenseth

Spesialsjukepleiar

X

X

X

Liv Turil Barlund Laastad

Hjelpepleiar

X

X

X

Henriette Bønes Tveitnes

Sjukepleiar

X

X

X

Monica Sylta Kleiven

Hjelpepleiar

X

X

X

Therese Gangstø Jørgensen

Sjukepleiar

X

X

X

Leni Dale

Kommunalsjef

X

X

X

Christina Løtveit Fosse

Avdelingsleiar

X

X

X

Simon Walter Grandahl

Einingsleiar

X

X

X

Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok: Ass. fylkeslege Kristin Cotta Schønberg Rådgjevar Marie Mildestveit Seniorrådgjevar Silje Haaskjold Sætre, leiar