Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med barnevern-, helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse 2.-4. mars 2016.

Vi undersøkte om Samnanger kommune ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at

  • helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse oppfyller opplysningsplikt til  barnevernet
  • meldingar til barnevernstenesta blir handtert forsvarleg
  • barnevernstenesta  oppfyller plikt til å gi tilbakemelding til meldar
  • barnevern-, helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester

Rapporten omhandler funn ved tilsynet.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med barnevernslovgjevinga  og helse- og omsorgslovgjevinga.

Tilsynet er avslutta.

5.4.2016

Vibeke Herskedal
Revisjonsleiar

Anne Grete Robøle
Revisor

 

1. Innleing

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med barnevern- og helse- og omsorgstenester etter lov om barnevernstenester § 2-3 tredje ledd, jamfør § 2-3b og lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstenesta § 2.

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Samnanger kommune 2.-4. mars 2016. Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med barnevernstenester og den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunen ved si styring (internkontroll) sikrar at krav i lovgjevinga blir etterlevde. Tilsynet omfatta å undersøkje

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn ved tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta./p>

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Samnanger kommune har 2 436 innbyggjarar.

Kommunen er organisert med to nivå, sentraladministrasjonen og tenestenivået.

Tenestene som dette tilsynet omfatta, er styrt i line frå rådmann til sektorleiar og einingsleiarar. Det er regelmessige møte for informasjon og oppfølging av drift og tenester.

I påvente av avklaring av interkommunalt samarbeid om barnevernet fungerer rådmannen som barnevernsleiar. Rådmannen har sidan 2014 hatt delegert mynde frå kommunestyret etter lov om barnevernstenester og er administrativ leiar av barnevernstenesta med ansvar for oppgåvene etter lov om barnevernstenester.

Rådmann/barnevernsleiar vurderer innkomne meldingar saman med tilsette i barnevernet fortløpande, og tar avgjerd om akuttinngrep. Same team vurderer og avgjer om saka vert lagt bort eller går til undersøking. Samstundes vert saka fordelt til sakshandsamar.

Helsestasjon, skulehelsetenesta og psykisk helse høyrer og inn under sektorleiar for helse og omsorg. Styringslina frå sektorleiar for oppvekst og kultur går til einingsleiar for helse.

Einingsleiar helse er tilsett frå 1. mars 2016 og er næraste overordna for leiar psykisk helse, Ieiar helsestasjon og leiar skulehelseteneste.

Prosjekt for tverrfagleg samarbeid for å sikre betre tenester for barn og unge i kommunen er set i gang, og ansvaret er lagt til sektorleiar for oppvekst og kultur.

Tal på meldingar til barnevernstenesta i Samnanger har dei siste åra gått ned. I 2014 mottok barnevernstenesta  19 meldingar medan dei i 2015 mottok 9 meldingar. Frå 1.1.2016 og fram til 2.3.2016 har Samnanger barnevernsteneste motteke 4 meldingar. Barnevernstenesta har deltatt på møter med skule og helsesøster for å informere om og auke kompetansen om meldeplikta til barnevernstenesta.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 20.januar 2016
Opningsmøte blei halde 2. mars 2016
Intervju: 9 personar blei intervjua.
Stikkprøver i  meldingar, sjå kapittel 8 for informasjon om kva som blei undersøkt.
Sluttmøte blei halde 4.mars 2016.
Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk frå Bergen kommune før tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Vi har undersøkt om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomfører endringar slik at

  • helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse etterlever opplysningsplikta til barnevernet
  • meldingar til barneverntenesta  blir handtert forsvarleg
  • barneverntenesta etterlever plikt til å gi tilbakemelding til meldar
  • barnevern-, helsestasjons- og skulehelsetenesta, og psykisk helse tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester

5. Funn

Ved tilsynet blei det  ikkje avdekt forhold som er i strid med barnevernslovgjevinga  og helselovgjevinga.

6. Regelverk

  • Lov av 17.juli  1992 om barneverntjenester (barnevernlova)
  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli  1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli  1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar  1967 om behandlingsmåten  i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 14. desember 2005 nr. 1584om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barnevernstjenesten
  • Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • FNs konvensjon om barns rettigheter

7. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Samnanger kommune i samband med førebuing av tilsynet

  • Organisasjonskart for Samnanger kommune
  • Oversikt over tilsette
  • Delegering av mynde etter lov om barnevernstenester
  • Stillingsomtale for sektorleiar helse og omsorg
  • Stillingsomtale for psykiatrisk sjukepleiar
  • Samnanger barnevernsteneste -rutinehandbok pr. 01.01.2016
  • Tverrfagleg samarbeid for barn og unge i Samnanger -organisering, visjon, mål og oppgåver
  • Individuell plan
  • Vegleder til individuell plan
  • Samtykkeerklæring for utarbeiding av individuell plan
  • Utdrag frå årsmelding for Samnanger kommune for 2014

Meldingar til barneverntenesta 1.januar 2015 -2. mars 2016
Frå 1.januar 2015 - 2. mars 2016 mottok barnevemstenesta 13 meldingar, av dei er 1 lagt bort. Meldingane var gjennomgått innan ei veke.

Stikkprøver
20 meldingar til barneverntenesta mottekne i perioden efrå 10. april 2014 -2. mars 2016

Vi såg etter om meldingane var vurderte innan tidsfristen på ei veke, om avgjerd og vurdering av meldinga var dokumentert, om det var gitt tilbakemelding til meldar om motteken melding og om det var gitt tilbakemelding til offentleg meldar innan fastsett frist etter at undersøking var avslutta.

  • Alle meldingane var vurdert innan fristen på ei veke
  • I 1 sak der meldinga blei lagt bort, var saka oversendt anna kommune. Meldar var anonym o      Tilbakemelding til offentleg meldar innan tre veker om at meldinga var motteken, med
  • informasjon om at saka var gått til undersøking var gitt i 13 av 16 saker. 4 meldingar var frå barnevernstenesta
  • 6 av 20 saker der barnevernstenesta hadde starta undersøking var ikkje avslutta. I 6 av dei 14 sakene skulle barnevernstenesta gitt skriftleg tilbakemelding til offentleg meldar etter at undersøking var avslutta utan at det var gjort. Dokumenta viste at barnevernstenesta hadde gitt munleg tilbakemelding om at saka var avslutta og kva tiltak som var satt inn

Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Vi såg etter om det var gitt tilbakemelding til meldar innan fristen etter at undersøking var avslutta. – 5 saker frå helsestasjon- og skulehelsetenesta i tidsrommet  1.januar  2015 -2.2.2016

  • Det var gitt tilbakemelding om motteken munleg eller skriftleg melding i alle saker. Det var opna undersøking i alle sakene, som enno ikkje er avslutta.

Psykisk helse

Det var ikkje lagt fram meldingar frå psykisk helse.

Informasjon om kor mange barn med tiltak/oppfølging frå barneverntenesta som har ansvarsgruppe

Då tilsynet blei gjennomført hadde 13 barn med tiltak/oppfølging frå barneverntenesta ansvarsgruppe.

Individuell plan

  • Per 2.3.2016 var det 2 barn som hadde individuell plan der barnevernet er ei av tenestene som medverkar i gjennomføring av tiltak i planen.

Korrespondanse mellom Samnanger kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • E-post med planlegging og avtaler knytt til gjennomføring av tilsynet, herunder program for tilsyne

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

 

Deltakere ved tilsynet
Nann Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Eva Lysen

Barnevernskonsulent/ stedfortreder

X

X

 

Marianne  Soleng

Sekretær barnevern/servicesenter

X

X

X

Else Smith Sivertsen

Innleig psykolog

 

X

 

Stefan Luhnau

Psykiatrisk  sjukepleiar

 

X

 

Ingrid Tvedt Reknes

Psykiatrisk sjukepleiar, leiar

 

X

 

Kari Anne Tolås Boge

Leiande helsesøster

 

Tlf.

 

Henning Krøger

Innleig konsulent barnevern

 

X

X

Rita Juul

Innleig konsulent

 

X

X

Vivi Bech

Helsesøster

 

X

 

Grete Lill Hjartnes

Sektorleiar helse og omsorg

X

X

X

Tone Ramsli

Rådmann/  bamevernsleiar

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Bente Cecilie Foss, rådgjevar
Vibeke Herskedal,  seniorrådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2015–2016 Barnevern - Kommunens arbeid med meldinger

Søk