Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med barnevern-, helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse i Ullensvang herad 15. og 16. mars 2016.

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at

  • helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse oppfyller opplysningsplikt til  barnevernet
  • helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester

Vi undersøkte også om Hardanger Interkommunale Barnevernteneste (barneverntenesta)

  • handterer meldingar til barneverntenesta forsvarleg og oppfyller pliktene til å gi tilbakemelding til meldar
  • tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester

Ullensvang herad er den eine av seks kommunar som deltek i Hardanger Interkommunale Barnevernteneste. Odda kommune er vertskommune. Det er utarbeidd eigen rapport frå tilsynet med Hardanger Interkommunale Barnevernteneste. Rapporten blir sendt til kvar av dei seks kommunane.

Ved tilsynet med helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse blei det ikkje avdekt brot på plikter i helselovgjevinga.

Ved tilsynet med barneverntenesta blei det avdekt at meldar ikkje alltid får tilbakemelding slik dei skal få etter føresegner i barnevernlova, sjå rapporten kapittel 5.

Dato 22.4.2016

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Vibeke Herskedal
revisor

 

1. Innleiing

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med barnevern- og helse- og omsorgstenester etter lov om barneverntenester § 2-3 tredje ledd, jamfør § 2-3b og lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med kommunane Jondal, Odda, Ullensvang og Hardanger Interkommunale Barnevernteneste. Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med barneverntenester og den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunane ved si styring (interkontroll) sikrar at krav i lovgjevinga blir etterlevde. Ved tilsynet undersøkte vi

  • kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn ved tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Ullensvang herad har 3411 innbyggjarar. Helsestasjons- og skulehelsetenesta, psykisk helse og rus er organisert i driftseining helse og omsorg som blir leia av helse- og omsorgssjef. Han rapporterer til rådmann.

Funksjonen som koordinerande eining for habilitering og rehabilitering er delt ved at helsestasjonstenesta varetek oppgåvene overfor barn og unge 0 – 20 år og rehabiliteringsteamet for personar 20 år og eldre. Kommunen brukar web-basert inviduell plan.

Odda kommune er vertskommune for Hardanger Interkommunale Barnevernteneste som er ei felles teneste for kommuane Eidfjord, Granvin, Jondal, Odda, Ullensvang og Ulvik. Tenesta blei etablert i 2006. Granvin kom med i samarbeidet i 2015. Det går fram av årsmeldinga at barneverntenesta fekk 94 bekymringsmeldingar i 2014 og 144 i 2015.

Barneverntenesta er organisert i eit mottaksteam og eit tiltaksteam. Mottaksteamet har to fagstillingar. Tenesta har i alt 10,9 fagstillingar og 60 % merkantil stilling men har ein lengre periode hatt redusert bemanning og vanskar med rekruttering av kvalifiserte vikarar. Behov for fleire tilsette er meldt til styret. Tilsynet blei informert om planar for å styrkje bemanninga.

I alle kommunane er det samarbeidsfora der barnevernet møter PPT, skule, helsetasjon og barnehage. Det er team ved alle barnehagar og skular, helsestasjonsteam for utsette spedbarn, samarbeidsteam for rusavhengige gravide, konsultasjonsteam for vald i nære relasjonar og SLT-team.  Leiar tilbyr kvart år å kome på kommunestyremøte og informere om arbeidet til barneverntenesta. Leiarar og tilsette som deltok i tilsynet gav gjennomgåande uttrykk for godt tverrfagleg samarbeid.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 21. januar 2016.
Opningsmøte blei halde 15. mars 2016
Intervju: 9 personar blei intervjua.
Stikkprøver i 58 meldingar til barneverntenesta, sjå kapittel 8 for informasjon om kva som blei undersøkt.
Sluttmøte blei halde 16. mars 2016.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at

  • helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse oppfyller opplysningsplikta til  barnevernet
  • helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester

Vi undersøkte også om Hardanger Interkommunale Barnevernteneste (barneverntenesta)

  • handterer meldingar til barneverntenesta forsvarleg og oppfyller pliktene til å gi tilbakemelding til meldar
  • tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester

5. Funn

I den delen av tilsynet som omfatta helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga.

Ved tilsynet med Hardanger Interkommunale Barnevernteneste blei det avdekt brot på krav i lovgjevinga.

Avvik:  

Hardanger Interkommunale Barnevernteneste  oppfyller ikkje alltid plikta til å gi tilbakemelding til meldar

Avvik frå: Forskrift om internkontroll i kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester § 4, a. g. og h, jf. lov om barneverntjenester §§ 2-1 og 6-7a.

Avviket byggjer på:

  • Interne rutinar 1 om tilbakemelding til meldar er kjent, men ikkje alltid følgd. Det går ikkje fram av skriftleg rutine og blei gitt ulike opplysningar om kven som har ansvaret for å gi tilbakemelding til meldar når det kjem ny melding i sak der undersøking pågår eller barneverntenesta er inne med tiltak.
  • Ved stikkprøve i meldingar mottekne etter 1. februar 2015 og fram til 15. mars 2016 var det ikkje gitt tilbakemelding til meldar om at saka var lagt bort i 10 av i alt 14 saker. I 14 av 34 saker var det ikkje gitt tilbakemelding til offentleg meldar etter at undersøking var avslutta.

6. Vurdering av styringssystemet

Innan tema som dette tilsynet med helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse var avgrensa til, kom det ikkje fram opplysningar som tilseier anna enn at kommunen har styring som bidreg til at krav i lov og forskrift blir følgde.

Vi viser og til rapporten frå tilsynet med Hardanger Interkommunale barnevernteneste.

7. Regelverk

  • Lov av 17. juli 1992 om barneverntjenester (barnevernlova)
  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 14. desember 2005 nr. 1584 om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester
  • Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • FNs konvensjon om barns rettigheter

8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Odda kommune:

E- brev 22. februar 2016 vedlagt

  • Organisasjonskart Hardanger Interkommunale barnevern
  • Stillingsinstruks Leder Hardanger Interkommunale Barneverntjenest
  • Stillingsinstruks Stedfortredende leder
  • Stillingsinstruks Teamleder utredning/inntak
  • Stillingsinstruks barnevernkonsulentar
  • Stillingsinstruks foreldreveileder
  • Stillingsinstruks familieterapeut/foreldreveileder
  • Retningsliner for tverrfagleg samarbeid i medlemskommunane i Hardanger knytt til grunnskule- og førskuleborn
  • Oversikt over deltaking i samarbeidsteam
  • Rutinehandbok for Hardanger barnevern
  • Informasjon om mottekne meldingar 1. februar 2015 – 1. februar 2016, ikkje off. jf. offl § 13 jf fvl § 13


E- brev 23. februar 2016 vedlagt:

  • Årsmeldingar for Hardanger barnevernteneste 2014 og 2015
  • Delegasjon av mynde i barneverntenesta
  • Leiaravtale mellom barnevernleiar og Odda kommune Opplysningar mottekne frå Ullensvang herad:

E- brev 19. februar 2016 vedlagt:

  • Organisasjonskart
  • Stillingsomtale for leiande psykiatrisk sjukepleiar
  • Informasjon, jf. dokument som er etterspurde i melding om tilsyn

E-brev 15. mars 2016 vedlagt:

  • Årsrapport 2015 Ullensvang helsestasjon

Dokument Fylkesmannen har motteke tidlegare:

  • Hardanger barnevern – samarbeidsavtale for kommunane Eidfjord, Jondal, Odda, Ullensvang og Ulvik frå august 2008

Stikkprøver

1. Meldingar til barneverntenesta

Vi ba om å få tilgang til:

  • dei 10 siste sakene som var melde til barneverntenesta frå helsestasjons- og skulehelsetenesta frå helsestasjons- og skulehelsetenesta i kommunane Jondal, Odda og Ullensvang
  • dei 10 siste sakene som var melde til barneverntenesta frå psykisk helse i kommunane Jondal, Odda og Ullensvang
  • dei 10 siste sakene om alvorleg omsorgssvikt som var melde til barneverntenesta
  • meldingar til barneverntenesta frå februar 2015 til 15. mars 2016

Vi gjorde stikkprøve i 58 meldingar til barneverntenesta. Vi såg etter om meldingane var vurderte innan tidsfristen på ei veke, om vurdering av meldinga og avgjerd var dokumentert, om og kva tilbakemelding meldar hadde fått om motteken melding, og om det var gitt tilbakemelding til offentleg meldar innan fastsett tidsfrist etter at undersøking var avslutta.

  • Meldingane var vurderte innan fristen på ei veke.
  • Det varierte korleis den barnevernfagleg vurderinga av meldinga var dokumentert i fagsystemet. I meldingsbiletet var det i ein del av sakene ei tydeleg vurdering, i nokre særs kort omtale og i nokre var vurderinga ikkje dokumentert i meldingsbiletet. Andre opplysningar i fagsystemet tilsa imidlertid at vurdering var gjort.
  • I 10 av 14 saker var det ikkje gitt tilbakemelding om at meldinga var lagt bort.
  • I 14 av 34 saker der undersøking var avslutta, var det ikkje gitt tilbakemelding til offentleg meldar.

2. Individuell plan

Vi ba om tilgang til individuelle planar og referat frå ansvarsgruppemøte der barneverntenesta er ei av tenestene som deltek.

Dei individuelle planane var ikkje tilgjengelege for stikkprøve. Referat frå ansvarsgruppemøte var tilgjengeleg i fagsystemet til barneverntenesta.

Korrespondanse mellom kommunane Jondal, Odda og Ullensvang og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Meldingar om tilsyn, brev av 21. januar 2016 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev med vedlegg frå Ullensvang herad 19. februar 2016
  • E-brev med vedlegg frå Odda kommune 22. og 23. februar
  • Brev av 27. februar 2016 med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
Namn Funksjon / stilling Opningsmøte
15. mars
Intervju Sluttmøte
16 mars

Kari Reisæter

Barnevernkonsulent

 

10. mars

 

Einar Berge

Barnevernkonsulent

 

10. mars

 

Elin Rullestad Fossåen

Barnevernleiar

X

X

X

Terje Solvi

Barnevernkonsulent

 

X

X

Kari-Anne K. Kråkevik

Barnevernkonsulent, familieterapeut

   

X

Ann-Cathrin E. Eidnes

Kommunefysioterapeut, kontaktperson koordinerande eining

 

Telefon- intervju

7. mars

 

Marion Jakobsen

Leiar psykisk helse

X

X

 

Torbjørg Krogh Larsen

Leiar helsestasjon

X

X

X

Sigrid Kambestad

Helsesyster

X

X

 

Torbjørn Reisæter

Helse- og omsorgssjef

X

X

 

Frå Fylkesmannen deltok:
Marianne Kjelby, seniorrådgjevar
Vibeke Herskedal, seniorrådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar

1 Rutiner ved bekymringsmelding og undersøkelsessaker jf.lov om barneverntjenesten § 4-2 og § 4-3.

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2015–2016 Barnevern - Kommunens arbeid med meldinger

Søk