Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 9. og 10. mars 2016 tilsyn med Voss kommune, barneverntenesta.

Tilsynet omfatta kommunen sitt arbeid med meldingar og undersøkingar. Føremålet med tilsynet var å undersøke om kommunen gjennom sin styring og leiing sikrar at meldingar blir forsvarleg handtert og at alle som meldar får tilbakemelding når dei etter regelverket har krav på det. Tilsynet omfatta vidare arbeidet med undersøkingar. Føremålet var å undersøke om kommunen gjennom styring sikrar at undersøkingar blir gjennomført forsvarleg. Barn si rett til medverknad var gjennomgåande tema.

Det er avdekka svikt i tenesta om alvorlege forhold i tenesta si kjerneoppgåve. Leiinga har ikkje sett i verk tiltak for å syte for at meldingar om vald og overgrep blir handtert slik lova føreset for å sikre barn nødvendig i desse sakene. Nokre saker vert liggjande for lenge utan at barneverntenesta gjer nødvendig arbeid fordi dei venter på at politiet skal gjennomføre avhøyr. Det vert ikkje gjennomført systematisk kartlegging i desse sakene som mellom anna skal gjere det mogleg for barneverntenesta å vurdere ulike former for risiko i saken. Svikt i styring gjeld vidare oppfølging av om etablerte rutinar er kjende og følgde.

Det er ikkje sett i verk systematiske tiltak for å gjennomgå kvaliteten på tenestene frå overordna nivå i kommunen.

Avvik 1:

Voss barneverntjeneste har ikkje eit tilstrekkelig systematisk arbeid for å sikre barn i alle saker som gjeld melding om vald og overgrep.

Avvik 2:

Voss barneverntjeneste oppfyller ikke alltid plikten til å gi tilbakemelding til offentleg meldar D

Dato: 13. april 2016

Hilde Ordemann
revisjonsleiar 

Marianne Lunder Kjelby
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Voss kommune, barneverntenesta 9. og 10. mars 2016. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn med desse tenestene og den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen i Hordaland er gitt mynde til å føre tilsyn med barneverntenestene i barnevernlova § 2-3 og § 2-3b.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Voss barnevern har ein leiar med ansvar for Voss barnevernteneste, EM-tiltaket og Voss familiesenter. Barnevernet er organisatorisk plassert i Kommunalavdeling oppvekst. Ein medarbeidar i kommunalsjefen sin stab har ansvar for den løpande kontakten mellom kommunalavdelinga og barnevernet. Barneverntenesta er delt inn i tiltaksteam og mottaksteam med barnevernleiar som leiar for begge teama. Det er mottaksteam som gjennomgår innkomne meldingar og gjennomfører undersøkingar. Tiltaksteam vurderer meldingar i pågåande tiltakssaker. Meldingar som krev ny undersøking går til mottaksteam.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 7. desember 2015.
Opningsmøte blei halde 9. mars 2016.
Under tilsynet blei åtte personar intervjua.
Sluttmøte blei halde 10. mars 2016.
Stikkprøver blei gjennomført i 26 saker.
Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk frå Voss kommune før tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomførar endringar slik at

  • meldingar til barneverntenesta blir handtert forsvarleg
  • meldar får tilbakemelding
  • undersøkingar blir gjennomført forsvarleg
  • barn får medverke i si sak

Rapporten handlar berre om ein del av Voss kommune, barneverntenesta si verksemd, og er derfor ikkje ei samla vurdering av dei sosiale tenestene.

5. Funn

 

Avvik 1:

Voss barneverntjeneste har ikkje eit tilstrekkelig systematisk arbeid for å sikre barn i alle saker som gjeld melding om vald og overgrep.

Avvik frå: Lov om barneverntjenester §§ 2-1, 1-4 og 4-3, jamfør forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester § 4 g og h

Avviket bygger på følgjande:

  • Det blei gitt uttrykk for at barneverntenesta i fleire saker venta på at politiet skulle gjennomføre avhøyr før barneverntenesta reelt starta undersøkinga og vurderte om barnet var tilstrekkeleg sikra, sjølv om det var mistanke om vald.
  • Det blei gitt uttrykk for at meldarar eller andre personar nær barnet i nokre saker blir beden om å følgje med medan barneverntenesta venta med sitt arbeid for å sikre barn i saker der det var meldt om bekymring for vald.
  • Det var ikkje ein omforeint forståing for korleis gå fram i undersøking for å avklare risikofaktorar knytt til vald. Vi har ikkje fått oppgitt at der er i bruk eigna kartleggingsverkty eller liknande for å avdekkje risikoforhold i valdssaker.
  • Øvste leiing i kommunen har ikkje avdekka desse forholda ved sin gjennomgang.

Avvik 2:

Voss barnevernteneste oppfyller ikkje alltid plikten til å gje tilbakemelding til offentleg meldar.

Avvik frå: Lov om barneverntjenester §§ 2-1og 6-7a, jamfør forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester § 4 g og h

Avviket bygger på følgjande:

  • Det blei gitt uttrykk for at samtykkje frå foreldra er nødvendig for å gje tilbakemelding til
  • Ikkje alle kjende til plikten til å vurdere om meldar har behov for å vite om tiltak i sin vidare oppfølging av barnet.
  • Ikkje alle tilsette var kjend med plikt til å gje tilbakemelding til alle meldarar i ein sak, også når det er sett i verk tiltak.
  • Ved stikkprøver i 36 mottatte meldingar til barneverntenesta perioden frå 1.1.2015 til 1.1.2016, var det ikkje gitt skriftleg tilbakemelding innan tre veker om at melding var motteke i 18 saker. I nokre saker var det gitt tilbakemelding fleire månader etter meldinga var motteken. Av 35 meldarar som skulle hatt tilbakemelding om at undersøking var avslutta, fekk 7 slik tilbakemelding.
  • Vi fann ved stikkprøvene berre eit fåtal saker der meldar hadde fått tilbakemelding om kva tiltak som var sett i verk.
  • Forholda som er omtalt over er ikkje fanga opp ved øvste leiing si gjennomgang av om praksis er i samsvar med krav i barnevernlova.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Styring med tenestene (internkontroll) føreset at leiarar har fastsett kva praksis og rutinar som skal følgjast, følgjer med på at dette fungerer som føresett, fangar opp svikt og set i verk førebyggjande og korrigerande tiltak når dette er nødvendig. Det er avdekt fleire manglar ved styringssystemet i Voss kommune innanfor temaa tilsynet omfatta. Kommunen ved rådmann har ikkje i tilstrekkeleg grad lagt til rette for at dei tilsette kan yte tenester som oppfyller krav  i barnevernlova.

Avvik 1 gjeld svikt i tenesta om alvorlege forhold. Leiinga har ikkje sett i verk tiltak for å syte for at meldingar om vald og overgrep blir handtert slik lova føreset for å sikre barn nødvendig i desse sakene. Nokre saker vert liggjande for lenge utan at barneverntenesta gjer nødvendig arbeid fordi dei venter på at politiet skal gjennomføre avhøyr. Det vert ikkje brukt kartleggingsverktøy i desse sakene som mellom anna skal gjere det mogleg for barneverntenesta å vurdere ulike former for risiko i saken. Svikt i styring som avvik 2 viser gjeld oppfølging av om etablerte rutinar er kjende og følgde.

Det er ikkje sett i verk systematiske tiltak for å gjennomgå kvaliteten på tenestene frå overordna nivå i kommunen.

7. Regelverk

  • FNs konvensjon om barns rettigheter av 20. november 1989.
  • Lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (barnevernloven).
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967.
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Oversikt over tilsette i barneverntenesta
  • Delegasjon
  • Internkontroll for Voss kommune
  • Kvalitetssikringssystem for Voss kommune, rutinar:
    - for skular si meldeplikt til barneverntenesta
    - for barnehagar si meldeplikt til barneverntenesta
    - for mottak av meldingar
    - arbeidsrutine for mottak/undersøkingsteam
  • Leiaravtale 2015
  • Frå Signs of safety:
    - Døme på sikkerhetsplan
    - Spørsmålene i undersøgelsen
    - Sikkerhetsplanen trinn for trinn
    - SOS skjemaer
    - Ord og bilde
  • Lister med oversikt over meldingar og undersøkingar

Dokumentasjon som vart gjennomgått i samband med tilsynet:

  • Stikkprøver i 26 saker

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet, under dette program for tilsynet.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over intervjuar.

Deltakere ved tilsynet
Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Gunnbjørg Reed

Barnevernkonsulent

X

X

X

Hilde H Rogne

Barnevernkonsulent

X

 

X

Elisabeth Herfindal

Barnevernkonsulent

X

 

X

Solfrid Himle

Barnevernkonsulent

X

X

X

Winnie Kvåle

Barnevernkonsulent

X

X

X

Irene Arvidsson

Merkantil

X

 

X

Sidsel B Opheim

Barnevernkonsulent

X

 

X

Marianne Røynesdal

Barnevernleiar

X

X

X

Nina Hagen

Kontorleiar stab, oppvekst

X

X

X

Else Berit Kyte

Kommunalsjef oppvekst

X

X

X

Line Mathisen

Barnevernkonsulent

X

X

X

Oddmund Berge

Barnevernkonsulent

X

X

X

Wenke Melve

Barnevernkonsulent

   

X

Anette Hegle

sosionomstudent

   

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Marianne Hammer, Marianne Lunder Kjelby og Hilde Ordemann, tilsynsleiar

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2015–2016 Barnevern - Kommunens arbeid med meldinger

Søk