Helsetilsynet

Samandrag

Tilsynet med Austrheim kommune 4. og 5. september er del av fylkesmannens tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i 2017. Denne rapporten gjer greie for funn på områda det blei ført tilsyn med.

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at personar med utviklingshemming, 18 år og eldre som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i lov og forskrift. Tilsynet er avslutta.

Torill Vebenstad
revisjonsleiar 

Anne Grete Robøle
revisor

 

Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

1. Innleiing

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3.

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Austrheim kommune.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunen ved si styring og leiing sikrar at krav i lovgjevinga blir etterlevde. Ved tilsynet undersøkte vi

kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar

om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte

om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn ved tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Rådmannen styrer tenestene i line til pleie og omsorgsleiar som har det overordna ansvar for alle tiltak og tenester til personar med utviklingshemming over 18 år. Nestleiar i avdelinga har saman med fagkoordinator ansvar for den daglege drifta i Vestlia (omsorgsbustader) og for dei som bur i eigne bustader andre stader i kommunen. Tenestene til nokre tenestemottakarar er organiserte som eigne tiltak med eige personale. Kommunen har eit arbeidssenter som gjev dagtilbod til vaksne personar med utviklingshemming.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar: Melding om tilsyn blei sendt 8. mai 2017.

Formøte blei gjennomført 15. juni 2017.

Svar på kartlegging om legemiddelhandtering blei motteke 10. juli 2017.

Opningsmøte blei halde 4. september Intervju: 11 personar blei intervjua.

Samtalar med brukarar blei gjennomført 4. september.

Stikkprøver: Journalar og brukarpermar, referat frå møter med meir, sjå kapittel 8. Sluttmøte blei halde 5. september.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Vi har undersøkt om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomfører endringar slik at personar med utviklingshemming får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Tilsynet omfatta:

  • Gjennomføring av personleg assistanse, avgrensa til:
    o Tilsyn og hjelp til å vareta eigenomsorg
    o Hjelp til aktivisering
    o Opplæring i daglege gjeremål, personleg stell og eigenomsorg
  • Helsetenester i heimen og tilgjenge til medisinsk undersøking og behandling, avgrensa til:
    o Legemiddelhandtering, istandgjering og utdeling
    o Oppfølging etter legebesøk og oppfølging for å vurdere nødvendig helsehjelp hos lege
    o Helsehjelp ved akutte tilstandar
    o Kommunens medverknad til at brukar kjem i kontakt med og blir følgd til fastlege eller lege i spesialisthelsetenesta
    o Hjelp ved legebesøk til å formidle opplysningar som legen treng for å gi helsehjelp
    o Formidling av informasjon frå legebesøk tilbake til dei som gir helsetenester i heimen til brukaren.

I tilknyting til kvart tema undersøkte vi også korleis kommunen har lagt til rette for og varetek brukarens rett til informasjon og medverknad. Vi undersøkte og om kommunen etterspør politiattest ved tilbod om stilling.

Tilsynet omfatta ikkje tenester som blir gitt med bruk av tvang og makt, praktisk bistand hushald, brukarstyrt personleg assistanse, helsehjelp ved legevakt og tannhelsetenester. Om fastlege og spesialisthelsetenesta gir forsvarleg helsehjelp og om fastlegen gjennomfører regelmessig helsekontroll av brukarane, var heller ikkje del av tilsynet.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i lov og forskrift.

6. Vurdering av styringssystemet

Den som har det overordna ansvaret for verksemda skal sørgje for at det blir sett i verk og ført systematisk styring i tråd med forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten. Styringssystemet skal vere eit effektivt verkty som skal passe best mogeleg til den einskilde verksemda. Krava i forskrifta §§ 6-9 er minimumskrav.

Vi har ikkje grunnlag for å konkludere med at tenestene som blir gitt, er uforsvarlege.

Leiinga er kjent med sårbare område i tenestene til utviklingshemma og arbeid med å forbetre tenestene er i gang.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr.792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 3. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og personell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten

8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Austrheim kommune:

  • E-brev motteke 6. juli 2017 vedlagt
  • Organisasjonskart for Austrheim kommune, datert 05.01.2016
  • Organisasjonskart pleie og omsorg
  • Oversikt over leiarar og tilsette i tenester til personar med utviklingshemming
  • Oversikt over tenestestader
  • Stillingsomtalar
  • Notat vedkomande fagleg kompetanse i tenester til personar med utviklingshemming i Austrheim kommune
  • Strategisk kompetanseplan 2015 - 2020
  • Plan for introduksjon av nytilsette – vedtatt i administrasjonsutval 18.09.12
  • Kvalitetssystem: Oppdatering og vedlikehald av fagleg kompetanse i pleie og omsorgsavdelinga, datert 01.06.2017
  • Notat om saksbehandling og vedtak om tildeling av tenester
  • Søknadsskjema om pleie og omsorgstenester i Austrheim kommune
  • Notat om iverksetting og gjennomføring av tenester
  • Notat om dokumentasjon av hjelp
  • Kvalitetssystem: Melding av avvik, datert 01.05.2017
  • Turnuslister
  • Kvalitetssystem: Legemiddelhandtering
  • Notat om samarbeid med fastlegar
  • Notat om informasjon til pårørande/verjer om kommunens tenestetilbod
  • Kvalitetssystem: Informasjon til pårørande, datert 01.06.2017
  • Kvalitetssystem: Politiattest, datert 01.05.2017
  • Notat – informasjon om resultat frå siste gjennomgang av styringssystem

Ikkje offentleg, jf. offl § 13 j.f fvl. § 13: Saksutgreiingar og vedtak om tildeling av tenester

Stikkprøver

  • 9 pasientjournalar
  • 9 brukarpermar
  • Vaktplan/Arbeidsliste
  • Kvitteringslister for istandgjort og utdelt medisin
  • Individuelle planar

Korrespondanse mellom Austrheim kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 8. mai 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev frå Austrheim kommune 1. juni 2017 om kven som er kommunens kontaktperson og kven som deltek på formøte
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 26. juni 2017, kartlegging av legemiddelhandtering
  • Brev frå Austrheim kommune motteke 6. juli 2017, dokumentasjon som vi har bedt om
  • E-brev med vedlegg frå Austrheim kommune 10. juli 2017, svar på kartlegging av legemiddelhandtering
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 8. august 2017, oversending av program

Andre opplysningar

E-brev frå Austrheim lokallag i Norsk foreining for utviklingshemma om tenestetilbodet i Austrheim kommune.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingFormøteOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Hege Bergsvik Sætre

Avdelingssjukepleiar/ nestleiar

X

X

X

X

Ove Konrad Rath

Assistent

 

X

X

 

Maud Anette Fjellstad

Assistent

   

X

 

Gunn Bakke

Helsefagarbeidar

 

X

X

X

Sigrun Marholm

Hjelpepleiar

 

X

X

X

Anette Kaland

Helsefagarbeidar

 

X

X

X

Kjersti Pedersen

Sjukepleiar

 

X

X

 

Hege Træland

Vernepleiar

 

X

X

X

Rakel Steffensen

Sjukepleiar/ fagkoordinator

 

X

X

X

Monika Kvamme

Pleie og omsorgsleiar

X

X

X

X

Olav Mongstad

Ass. rådmann

 

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Ørjan Moldestad, seniorrådgjevar
Reidun Våge Danielsen, seniorrådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar