Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Bergen kommune, Lyngbøtunet 07.-08. november 2017. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med.

Ved tilsynet undersøkte vi om kommunen ved sin leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp kravet i helselovgivinga om legemiddelgjennomgang for pasientar med langtidsplass i sjukeheim.

Vi undersøkte også om leiinga i kommunen har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp ved Lyngbøtunet sjukeheim blir gitt i tråd med krav i helselovgivinga.

Reglane i kapittel 4A skal sikre at helsehjelp blir gitt for å hindre vesentleg helseskade hos pasientar utan samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelpa. Reglane skal førebyggje og hindre unødvendig bruk av tvang.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold i strid med krav i lov eller forskrift. Tilsynet er avslutta.

Dato: 11. desember 2017

Silje Haaskjold Sætre
revisjonsleiar 

Marie Mildestveit
revisor

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bergen kommune, Lyngbøtunet 07.-08. november 2017. Tilsynet er eitt av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland utfører dette året.

Fylkesmannen i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom styringa si. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innafor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innafor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Lyngbøtunet har to avdelingar. Det er ei somatisk avdeling med til saman 30 pasientar fordelt på tre grupper, og ei avdeling for pasientar med demens med til saman 30 pasientar fordelt på tre grupper. 10 av plassene korttidsplasser. Sjukeheimen har to legar. Lege er tilstades ved sjukeheimen fem dager i veka. Pasientjournalsystemet er elektronisk. Gruppeleiar rapporterer til avdelingsleiar som rapporterar til institusjonssjef. Då tilsynet blei gjennomført var det 2 gyldige vedtak om tvungen helsehjelp ved sjukeheimen.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 10. juli 2017.
Opningsmøte blei halde 07. november 2017.
Intervju: 12 personar blei intervjua.
Det blei gjort stikkprøvar i 50 pasientjournalar og synfaring ved sjukeheimen.
Sluttmøteblei halde 08. november 2017.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet undersøkte vi om:

1. Bergen kommune, Lyngbøtunet, følgjer opp kravet i lovgivinga om legemiddelgjennomgang for pasientar med langtidsplass i sjukeheim.

2. Bergen kommune, Lyngbøtunet, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særleg om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert,
  • tillistskapande tiltak blir prøvd før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført,
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold i strid med lov eller forskrift.

6. Vurdering av styringssystemet

Ansvarsforhold som gjeld styring av verksemda ved sjukeheimen, er avklarte og kjende. Tilsette har fått og får opplæring om legemiddelgjennomgang og om helsehjelp til pasientar som viser eller gir uttrykk for motstand mot helsehjelp. Det er felles praksis og lagt til rette for drøfting om praksis i pleiegruppa og med lege. Leiarar ved sjukeheimen er tilgjengelege og følgjer med på dagleg drift, behandling og oppfølging av pasientane.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
  • Forskrift av 03. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Informasjon om organisering og praksis ved Lyngbøtunet.
  • Oversikt over tilsette ved Lyngbøtunet.
  • Funksjonsbeskriving for institusjonssjef, avdelingssjukepleiar, gruppeleiar,  sjukepleiar, helsefagarbeidar, assistent, sjukeheimslege og sjukepleiefagleg konsulent.
  • Årsrapport 2016.
  • Prosedyre for tverrfagleg legemiddelgjennomgang (LMG).
  • Metodebok for sjukeheimsleger.
  • GBD - skjemaer for tillitskapande tiltak, adferdregistrering, varslings- og lokaliseringsteknologi, tvangsvedtak, tvangsbruk, revurdering/fornying av tvangsvedtak.
  • Prosedyre om journalføring i sykehjemmene som bruker GBD.
  • Metodebok for demensomsorgen i sjukeheim.
  • Kompetanseplan for Lyngbøtunet for 2016 og 2017.
  • Informasjon om assistentkurs i 2017.
  • Metodebok for sjukeheimslegar.
  • Prosedyre for samtykke til helsehjelp, pasientrettigheter og tvang etter pasient- og brukarrettighetslova kap. 3, 4, 4A.
  • Retningslinje for fagleg forsvarleg verksemd.
  • Styringskort 2017.
  • Møteplan for Lyngbøtunet hausten 2017.
  • Handlingsplan.
  • Referat frå møter i Kvalitetsutvalget ved Lyngbøtunet.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 50 pasientjournalar.
  • Lokal retningslinje for føring og oppbevaring av pasientjournal ved Lyngbøtunet.

Korrespondanse mellom Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn datert 10. juli 2017.
  • Opplysningar frå Bergen kommune i brev av 28. september 2017.

9. Deltakarar ved tilsynet

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Linn Wåg Tresnes

Helsefagarbeidar

X

X

X

Trude Hauge

Gruppeleiar

 

X

X

Barbro Vik

Avdelingsleiar

X

X

X

Gerd Eli Førde

Sjukepleiar

X

X

X

Dulce Kartveit

Helsefagarbeidar

X

X

X

Meilina Maciene

Sjukepleiar

X

X

X

Marianne Dvergsdal

Hjelpepleiar

X

X

X

Dragana Malicanin- Cebasek

Lege

X

X

X

Ingunn Kjærgaard

Sjukepleiar

X

X

X

Mildred Waldersnes

Gruppeleiar

X

X

X

Synnøve Sivertsen

Avdelingsleiar

X

X

X

Helen Ågotnes

Institusjonssjef

X

X

X

Rune Eidset

Spesialrådgjevar

X

 

X

Hilde Anne Dahlberg

Juridisk rådgjevar

X

 

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Rådgjevar Marie Mildestveit
Seniorrådgjevar Silje Haaskjold Sætre
Assisterande fylkeslege Jo Kåre Herfjord