Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Kvinnherad kommune, Husnestunet 24.-25. oktober 2017. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med.

Ved tilsynet undersøkte vi om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp kravet i helselovgivinga om legemiddelgjennomgang for pasientar med langtidsplass i sjukeheim.

Vi undersøkte også om leiinga i kommunen har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp ved Husnestunet blir gitt i tråd med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særleg om:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert,
  • tillitsskapande tiltak blir prøvd før tvungen helsehjelp blir gjennomført,
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

Reglane i kapittel 4A skal sikre at helsehjelp blir gitt for å hindre vesentleg helseskade hos pasientar utan samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelpa. Reglane skal førebyggje og hindre unødvendig bruk av tvang.

Ved tilsynet blei det påpeikt eitt avvik frå krav i helselovgivinga:

Kvinnherad kommune har ikkje sørgd for at tilsette ved Husnestunet, har fått tilpassa og tilstrekkeleg opplæring om samtykke til helsehjelp, og om vilkår for å gi somatisk helsehjelp med tvang.

Frist for å gi tilbakemelding om tiltak for å rette avviket er sett til 01. februar 2018. Dato: 1. desember 2017

Silje Haaskjold Sætre
revisjonsleiar 

Marie Mildestveit
revisor

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Kvinnherad kommune, Husnestunet 24.-25. oktober 2017. Tilsynet er eitt av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland utfører dette året.

Fylkesmannen i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom styringa si. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innafor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvikdreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Husnestunet har tre avdelingar. Det er ei somatisk avdeling med til saman 20 pasientar fordelt på to grupper, og ei avdeling for pasientar med demens med til saman 15 pasientar fordelt på to grupper. I tillegg kjem ei avdeling med 2 KAD-senger, 1 bustad, 1 palliativ seng og 10 korttid/rehabiliteringssenger. Sjukeheimen har to legar i totalt 70% stilling. Lege er tilstades ved sjukeheimen kvar dag. Pasientjournalsystemet er elektronisk. Gruppeleiar rapporterer til einingsleiar som rapporterar til sektorleiar.

Då tilsynet blei gjennomført var det 1 gyldig vedtak om tvungen helsehjelp ved sjukeheimen.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 26. juni 2017.

Opningsmøte blei halde 24. oktober 2017.

Intervju: 13 personar blei intervjua.

Det blei gjort stikkprøvar i 37 pasientjournalar og synfaring ved sjukeheimen.

Sluttmøte blei halde 25. oktober 2017.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet undersøkte vi om:

  • 1. Kvinnherad kommune, Husnestunet, følgjer opp kravet i lovgivinga om legemiddelgjennomgang for pasientar med langtidsplass i sjukeheim.
  • 2. Kvinnherad kommune, Husnestunet, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særleg om kommunen sikrar at:
    - motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert,
    - tillitskapande tiltak blir prøvd før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført,
    - det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

5. Funn

Avvik 1

Kvinnherad kommune har ikkje sørgd for at tilsatte ved Husnestunet, har fått tilpassa og tilstrekkeleg opplæring om samtykke til helsehjelp, og om vilkår for å gi somatisk helsehjelp med tvang.

Avvik frå: Forskrift leiing og kvalitetsforbetring i helsetenesta §§ 6-9, jamfør Lov om pasient- og brukerrettigheter kapittel 4 og kapittel 4A.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Pasientane sin samtykkekompetanse er vurdert, men det er nokon gonger uklart for pleiepersonalet kva som er utfallet av vurderinga og kva denne inneber i konkrete situasjoner der dei skal gi helsehjelp.
  • Det er uklart for tilsette kva tvang er, og i kva situasjoner det skal gjerast vedtak om tvungen helsehjelp. Til dømes:
    - Pasientar gir av og til uttrykk for å ville heim eller ut, men det er uklart for tilsette når det dei gjer for å hindre dette inneber eit tilbakehald av pasienten.
    - Det er uklart for tilsette når det skal gjerast vedtak om bruk av alarmmatter/sengematter.
    - Pasientar gir av og til uttrykk for at dei ikkje vil ha hjelp til stell og personleg pleie, men det er uklart for tilsette om dei likevel kan gi helsehjelpa, og om dette i så fall er bruk av tvang.
    - Det kjem fram i samtaler med tilsette at dei er usikre på om dei må skrive tvangsvedtak der pasienten ved eitt eller fleire høve har motsatt seg helsehjelp.
  • Skriftleg rutine for tvungen somatisk helsehjelp som nyleg er blitt utarbeidd (01.08.2017), er ikkje tilstrekkeleg kjent blant tilsette.
  • Leiinga er kjent med behovet for meir opplæring utan at tiltak er sett i verk..

6. Vurdering av styringssystemet

Kommunen skal ha styring og kontroll med at krav til rettstryggleik, pasienttryggleik og forsvarleg verksemd blir oppfylte. Det lovpålagte styringssystemet for helsetenestene skal bidra til at krav i helselovgivinga blir haldne.

Tilsynet har avdekt at kommunen ikkje har nødvendig styring og kontroll med at utfallet av vurderinga av samtykkekompetanse blir fulgt opp av pleiepersonalet, og at tvungen somatisk helsehjelp ikkje blir gitt utan helsefagleg vurdering av om vilkår er oppfylte og vedtak om tvang ligg føre.

Det er manglar i styringa ved at tilsette ikkje har fått nødvendig opplæring og difor ikkje har tilstrekkelege føresetnader for å utføre oppgåvene på ein måte som er i tråd med krava til dei tenestene som vi har undersøkt ved dette tilsynet. Forholda er kjent for leiinga, men det er så langt ikkje sett i verk tilstrekkelege tiltak for å rette på dette.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
  • Forskrift av 03. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Dokumentasjon motteken i e-brev av 31. august 2017 med vedlegg frå Kvinnherad kommune.
  • Organisasjonskart.
  • Oversikt over tilsette ved Husnestunet.
  • Funksjonsbeskriving for gruppeleiar, sjukeheimslege og einingsleiar.
  • Opplysningar om Husnestunet.
  • Informasjon om rutine for vurdering av samtykkekompetanse.
  • Informasjon om praksis for vedtak om tvang.
  • Informasjon om rutine for legemiddelgjennomgang.
  • Rutine for rettsikkerhet ved bruk av tvang eller makt i somatisk tenesteutøving etter prbl 4a og helsepersonellova § 7.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 37 pasientjournalar.
  • Infopermer om munnstell, smittevern, legemiddelhandtering og dødsfall

Korrespondanse mellom Kvinnherad kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn datert 26. juni 2017.
  • Opplysningar frå Kvinnherad kommune i e-brev av 31. august 2017.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Anne Fjellandsbø

Hjelpepleiar

X

X

X

Dorota Pietruszevska- Meler

Sjukepleiar

X

X

X

Åse L.E. Ertsland

Hjelpepleiar

X

X

X

Torbjørn Mehl

Sjukepleiar

X

X

X

Hege K. Raudstein

Gruppeleiar

X

X

X

Gerd R. Petterson

Hjelpepleiar

X

X

X

Lillian H. Johansen

Sjukepleiar

X

X

X

Marie R. Larsen

Hjelpepleiar

X

X

X

Silje Teigen

Sjukepleiar

 

X

X

Siv K. Handeland

Gruppeleiar

X

X

X

Toralv Lura

Lege

 

X

X

Anne T. Rørdal

Einingsleiar

X

X

X

Bjørg Wangensten

Sektorleiar

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Rådgjevar Marie Mildestveit
Seniorrådgjevar Silje Haaskjold Sætre
Assisterande fylkeslege Jo Kåre Herfjord