Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Samnanger kommune 27. og 29. november 2017.

Tema for tilsynet var om kommunen sikrar at det blir lagt til rette for tenesteyting til personar med utviklingshemming med minst mogleg bruk av tvang og makt, jamfør helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Det blei ikkje avdekka brot på krav i lov og forskrift.

Birthe Lill Christiansen
revisjonsleiar  

Ørjan Moldestad
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Samnanger kommune 27. og 29. november 2017. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunen tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom si leiing og kvalitetsforbetring. Ved tilsynet undersøkte vi:

  • Kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • Om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • Om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn som er avdekka under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

2. Omtale av verksemda

Rådmannen styrer tenesta i line til sektorleiar helse og omsorg, og vidare til einingsleiar tenester for funksjonshemma. Sektorleiar helse og omsorg er overordna fagleg ansvarleg for bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming, einingsleiar er ansvarleg for dagleg drift av bufellesskapet og tenester til heimebuande. På grunn av ombygging av bufellesskapet er tenestemottakarane som bur der midlertidig flytta til sjukeheimen. Her får  sju tenestemottakarar tenester frå kommunen, i tillegg får seks personar med utviklingshemming tenester ved avlastning, dagtilbod eller i heimen.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 11. september 2017.

Program blei sendt på e-post 23. november 2017.

Opningsmøte blei halde 27. november 2017.

Intervju: Ni personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 29. november 2017. Dette møtet gjennomførte vi ved videokonferanse.

Vi fekk i forkant av tilsynet tilsendt vedtak på tenester etter helse- og omsorgstenestelova for alle tenestemottakarane med utviklingshemming i kommunen, og vi undersøkte journalføringa i nokre av desse sakene i samband med tilsynet.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet er gitt i kapittel 8.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet er gitt i kapittel 9.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt om kommunen utførar, styrar og forbetrar tenesteyting til personar med utviklingshemming slik at:

  • Den skjer med minst mogleg bruk av tvang og makt.
  • Naudsynt bruk av tvang og makt skjer i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Under tilsynet hadde vi eit særskild fokus på om det er gitt naudsynt rettleiing og opplæring til tilsette i reglane om bruk av tvang og makt.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekka brot på krav i lov og forskrift.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten

7. Vurdering av styringssystem

Fordeling av ansvar og mynde er kjend. Tilsette kan få fagleg oppdatering og det blir gitt opplæring om reglane i kapittel 9. Kommunen ved leiinga er kjend med at ein for tida manglar faste møtepunkt for diskusjon av faglege og etiske utfordringar, under dette problemstillingar opp mot bruk av tvang. Ein jobbar med å få på plass faste møter, og Fylkesmannen støttar vurderinga av at dette kan vere nyttig. Ved vår vurdering av tilhøva i kommunen legg vi likevel avgjerande vekt på den praksis som det blir gjort greie for under tilsynet. Tilsette fortel om rom for spontane diskusjonar, anten dei tilsette i mellom eller saman med leiar, når det oppstår ein situasjon.

Assisterande leiar i bufellesskapet er vidare til stades i miljøet og tar avgjerder saman med einingsleiar, og informasjon om det som er bestemt blir formidla til alle tilsette som treng det.

Leiinga ved sektorleiar og rådmann får jamlege rapportar om drifta. Leiinga har identifisert nokre sårbare områder i tenesta og jobbar med tiltak i høve desse.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå Samnanger kommune som er lagd til grunn for tilsynet:

  • Organisasjonskart for kommunen
  • Oversikt over tilsette i eining for tenester til funksjonshemma
  • Oversikt over tenestestader i kommunen som yter tenester til utviklingshemma, og kven som bur der
  • Rutinar og sjekkliste for opplæring av nytilsette og vikarar ved Skottebakken bufellesskap
  • Prosedyre – sakshandsaming bruk av tvang mot personar med utviklingshemming etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
  • Prosedyre ved bruk av alarm for to namngjevne tenestemottakarar
  • Prosedyre for avvikshandtering (knytt til prosedyrar)
  • Prosedyre for journalføring av reaksjon på fotfølging
  • Avviksskjema for bruk av døralarm
  • Mal for protokollføring av tvangsbruk i form av alarm på dør
  • Leiaravtale mellom rådmann og einingsleiar tenester for funksjonshemma
  • Stillingsomtale for stillinga sektorleiar helse og omsorg
  • Stillingsomtale for stillinga einingsleiar tenester for funksjonshemma
  • Stillingsomtale for stillinga assisterande leiar Skottebakken bufellesskap

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding frå Fylkesmannen om tilsyn sendt 11. september 2017
  • E-post frå kommunen med informasjon om kontaktperson sendt 18. september
  • E-post frå kommunen den 26. september der ein ber om at tilsynet blir lagt til eit anna tidspunkt
  • E-post frå Fylkesmannen 26. september der vi stadfestar endring av dato for sluttmøte i tråd med kommunen sitt ønskje

Dokumentasjon til tilsynet motteke 25. oktober

  • E-post frå Fylkesmannen 3. november med spørsmål til organisering av tenestene og til dokumentasjonen frå kommunen
  • Tilbakemelding og svar frå kommunen av 6. november på spørsmål til organiseringa
  • Kommunen si oversending av alle enkeltvedtak gjeldande tenester til personar med utviklingshemming av 10. november
  • E-post frå Fylkesmannen 23. november vedlagt program for tilsynet
  • E-post frå kommunen 23. november med korrigeringar til stillingstittel for ein av tenesteytarane som var satt opp til intervju
  • Svar frå Fylkesmannen på informasjon om feil stillingstittel i e-post av 24. november

Ikkje offentleg, jf offl § 13 jf fvl § 13: Saksutgreiingar og vedtak om tildeling av tenester

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Beate Holmefjord

Vernepleiar

X

X

 

Sylwia Monika Hyzy

Assistent

 

X

 

Hanne Birthe Gullberg

Sjukepleiar

 

X

 

Berit Gjerde

Helsefagarbeidar

X

X

 

Torbjørn Roaldseth

Vernepleiar

X

X

 

Odd Aleksander Farestveit

Assistent/psykologstudent

 

X

 

Birthe Skar-Moum

Einingsleiar

X

X

X

Grete Lill Hjartnes

Sektorleiar helse og omsorg

X

X

X

Charlotte Hageberg

Rådmann

X

X

 

Frå Fylkesmannen deltok:
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar
Ørjan Moldestad, seniorrådgjevar
Birthe Lill Christiansen, seniorrådgjevar