Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvik som blei påpeika innafor dei reviderte områda i tilsynet. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Tilsynet hadde som mål å undersøkje om og korleis kommunen tek hand om ulike krav i lovgivinga som gjeld tenester til eldre som bur heime, under dette også omsorgsbustad. Tema for revisjonen omfatta kommunen si evne til å identifisere, behandle og følgje opp demenssjukdom og ernæringsmessig risiko hos heimebuande eldre.

Revisjonen omfattar internkontroll knytt til dei reviderte områda – om kommunen har planlagt, organisert og styrt si verksemd på ein tilfredsstillande måte. Kommunen si leiing skal gjennom sine styringssystem sørgje for at verksemda blir drive i tråd med gjeldande lover og forskrifter, for gjennom det å sikre forsvarleg drift. Tilsynet har avdekt at styringssystemet i kommunen har manglar.

Revisjonen avdekte følgjande avvik:

Avvik 1:

Stranda kommune har ikkje system som sikrar forsvarlege helse- og omsorgstenester til alle eldre heimebuande

Dato: 26.4.2012

Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar

Åse Hansen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Stranda kommune i perioden 19.12.2011 – 26.4.2012. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i år.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenesta i kommunen jf. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 12-3 og Lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Målet med systemrevisjon er å vurdere om verksemda gjennom internkontroll tek hand om dei ulike krava i lovgivinga. Revisjonen omfatta:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgt opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgt

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekt under revisjonen og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innan dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeike betringspotensiale

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Stranda kommune har om lag 4.500 innbyggjarar. Kommunen er organisert i flat struktur med 17 sjølvstendige einingar som har fått delegert fullt ansvar innafor økonomi og personal. Kvar eining har tilsett tenesteleiarar med rapporteringsansvar direkte til rådmann. Kommuneleiinga er samansett av rådmann, assisterande rådmann, kommunalsjef plan- og utvikling, kommunalsjef oppvekst.

I tillegg har kommunen ei utvida leiargruppe der personalsjef og økonomisjef er med. Dei 4 i kommuneleiinga har eit fordelt oppfølgingsansvar overfor tenesteeiningane.

Heimetenesta er delt i tre distrikt – Geiranger, Stranda og Sunnylven distrikt og kvart distrikt er leia av einingsleiar. Innafor kvart distrikt har einingsleiar ansvar for heimesjukepleia, heimehjelp, institusjonsplassar og dagsenter. Tilsynet blei gjennomført i heimetenesta i Stranda distrikt. Dagsenter ved Stranda omsorgssenter er ope to dagar i veka. Tilbodet er ikkje spesielt tilrettelagt for demente.

Det er etablert samarbeid mellom heimesjukepleia og legetenesta, og dei har faste møter ein gong pr. månad.

Heimesjukepleia samlast dagleg til felles rapport, og det er etablert regelmessige møter mellom heimesjukepleia og heimehjelpene.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 19.12.2011. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 14.3.2011.

Intervjuer

10 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 15.3.2011.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt kommunen sine tiltak for å identifisere, greie ut og følgje opp heimebuande eldre med demenssjukdom, under dette samarbeid med fastlegane. Tilsynet har sett fokus på:

  • identifisere og følgje opp mogleg utvikling av demens hos heimebuande eldre, avgrensa til dei med vedtak om helse- og sosialtenester. Under dette samarbeid med fastlegane om utgreiing/kartlegging ved spørsmål om demensdiagnose, og om kommunen samarbeider med fastlegane om oppfølging ved demenssjukdom
  • ivaretaking av grunnleggjande behov hos personar med demens
  • identifisere og følgje opp endra behov for tenester hos heimebuande eldre med demens

Tilsynet har vidare undersøkt om kommunen vurderer risiko for ernæringsmessig svikt ved tildeling av teneste, og ev. tiltak for å førebyggje og behandle underernæring hos eldre som mottek tenester. Tilsynet sette fokus på:

  • identifisere ernæringsmessig risiko og underernæring hos pasientar i heimetenesta
  • oppfølging av pasientar i heimetenesta for å førebyggje og behandle underernæring

5. Funn

Avvik 1:

Stranda kommune har ikkje system som sikrar forsvarlege helse- og omsorgstenester til alle eldre heimebuande

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 3-1, 8-2 første ledd
  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a andre ledd
  • Internkontrollforskrift i sosial- og helsetenesta § 4
  • Kvalitetsforskrifta § 3

Avviket byggjer på følgjande:

  • Ved gjennomgang av pasientjournalar fant tilsynet at sjukepleiefaglege vurderingar er mangelfulle. Det blir i liten grad nytta pleieplan eller tiltaksplan som viser observasjon og oppfølging av den enkelte tenestemottakar si funksjonsutvikling
  • Under intervju og dokumentgjennomgang kom det fram at tenesta ikkje har rutinar/prosedyrar for oppfølging av den enkelte demente pasient. Det er opp til den enkelte tenesteytar sitt faglege skjøn kva tiltak som blir sett i verk

Til dømes kor ofte skal ADL vurderast, og korleis blir funksjonsfall dokumentert og tiltak evaluert/korrigert

  • Under intervju kom det fram at tenesta ikkje har system for å evaluere igangsette tiltak
  • Ved gjennomgang av dokumentasjon fant tilsynet at det er gjort sporadisk vektkontrollar utan at faglege vurderingane er dokumentert
  • Under intervju og dokumentgjennomgang kom det fram at det er marginal bemanning i heimesjukepleien på helg. Fleire av tenestemottakarane som har hjelp til personleg stell i vekedagane får bistand frå pårørande på helg
  • Under gjennomgang av dokumentasjon og intervju kom det fram at kommunen ikkje har internkontrollsystem/kvalitetssystem for pleie og omsorgstenesta
  • Leiinga i kommunen har ikkje system for å følgje med på om tenesteytinga er i samsvar med lovkrav og/eller interne krav
  • Det er ikkje utarbeidd eller godkjendt rutinar innafor området for tilsynet
  • Under intervju kom det fram at det ikkje er gjort risikovurdering innafor området for tilsynet
  • Under intervju og dokumentgjennomgang kom det fram at det ikkje blir meldt avvik i avvikssystemet innafor området for tilsynet
  • Under intervju kom det fram at kommunen ikkje har system for å nytte avviksmeldingar i kvalitetsforbedringsarbeidet. Personalet har ikkje ein arena for å diskutere avvik i hensikt kvalitetsforbedring
  • Under intervju og dokumentgjennomgang kom det fram at det ikkje er system for å innhente erfaringar frå brukarane på området
  • Under intervju kom det fram at det ikkje er etablert systematiskinternundervisning for å sikre naudsynt kompetanse, eller system for korleis nye lover/forskrifter og retningsliner skal gjerast kjent for tilsette
  • Under intervju kom det fram at det er behov for kompetansehevande tiltak om demenssjukdom
  • Kommunen har ikkje kompetanseplan/program for opplæring og utvikling av personale sin kunnskap og heller ikkje oversikt over framtidige behov for kompetanse
  • Under intervju kom det fram at det ikkje blir gjennomført medarbeidarsamtalar
  • Kommune har ikkje eit system for å sikre kunnskap om brukermedvirkning og haldning til brukarmedvirkning

6. Regelverk

  • Lov av 30.03.84, nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten (Tilsynsloven)
  • Lov av 24.06.2011 nr. 30 om helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)
  • Lov av 02.07.99, nr. 64 om helsepersonell m.v. (Helsepersonelloven)
  • Forskrift av 27.06.03 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene(Kvalitetsforskriften)
  • Forskrift av 20.12.02 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten(Internkontrollforskriften)
  • Forskrift om pasientjournal 21. desember 2000 nr. 1385

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Rullering av plan for pleie- og omsorgstenesten 2010 – 2012
  • Årsmelding 2010 Geiranger distrikt
  • Årsmelding 2010 Stranda distrikt
  • Årsmelding 2010 Sunnylven distrikt
  • Mal for leiaravtale Stranda kommune 2012
  • Oversikt over tilsette som er involvert i tneesteytinga til ehimebuande eldre:
    - Heimesjukepleien Stranda tettstad
    - Dagsenter
    - Heimehjelp
    - Fastlegar/legar som det blir samarbeidd med i høve heimebuande eldre med demens
    - Heimetenesta Sunnylven distrikt
    - Heimehjelp Sunnylven distrikt
  • Oversikt over prosedyrer som gjeld tenestene til eldre
    - Pleieplaner i Visma Profil
    - Internkontrollsystemet i Stranda kommune
    - Iplosregistrering ved førstegangstilsyn
    - Tilby middagsombringing
    - Tilby dagsenter til dei som har behov for det
    - Veging av brukrarar av dagsenteret
    - Samarbeid med kjøkkenet/kokk ved Stranda omsorgssenter i forhold til auka energimengd i middagsporsjonane til dei som får bringa middag og som har behov for enegririk kost
    - Kartlegge ernæringsstatus
    - Månadlege samarbedsmøter men den einskilde sin fastlege, informasjon vert dokumentert i Profil
    - MMS testar – oftast vert dette gjort av fastlege
    - Hjelpemiddel - kartlegging av behov ved førstegangtilsyn og elles fortløpande
    - Medisinar – nyttar multidoser
    - Prosedyrehandbok i pleie og omsorg
  • Årsturnus – heimetenesten Stranda distrikt

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Tilgang til elektronisk pasientjournalsystem – Profil
  • Fire papirbaserte pasientjournalar
  • Prosedyreperm
    - Førstegangsbesøk
    - Forebygging/behandling av underernæring
    - Prosedyre for utgreiing og oppfølging av personar med demens
  • Perm Multidoser
  • Perm Arbeidslister/ark
  • Videredelegering til rådmann frå kommunestyre
  • Rapport: oversikt avvik

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn med helse- og sosialtenester til eldre sendt 19.12.2011
  • Oppnemning av kontaktperson i Stranda kommune, datert 6.1.2012
  • Oversending av dokumentasjon frå kommunen, datert 31.1.2012
  • Program for tilsynet, datert 28.2.2012
  • E-postar i samband med tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynett

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Lisbeth Schei Bjørdal

Fagleiar heimetenesta

X

X

X

Janne-Lene B. Rønneberg

Sjukepleiar

X

X

X

Reidunn Furset

Hjelpepleiar

X

X

X

Ingunn Grønningssæter

Heimehjelp

X

X

X

Laila Halbrendt Helstad

Hjelpepleiar

X

X

X

Margot Tenden Sørå

Sekretær

X

X

X

Reidun Flydal

Sjukepleiar

X

X

X

Hans Christian Paulsen

Kommuneoverlege

X

X

X

Ann Kristin Langeland

Rådmann

X

X

X

Kjartan Lied

Ass. rådmann

X

 

X

Thomas Thoresen

Einingsleiar

X

X

X

Kristel Ansok

Sjukepleiar

X

   

Frå tilsynsorganet deltok:

Åse Hansen, revisor/sjukepleiar

Aase Årsbog Dyrset, revisjonsleiar/sosionom