Helsetilsynet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser til våre brev av 14. juni og 2. august 2013, og takkar for retur av utfylt spørjeskjema.

Tilsynet vart gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimetenesta opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 3. april 2008 nr. 320. Kommunen skulle lage plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Sykkylven kommune sendte over sine svar i brev datert 26. august 2013, der det går frem at Sykkylven kommune ikkje har avvik frå legemiddelhandteringsforskrifta. Fylkesmannen kan heller ikkje sjå at det er gitt opplysningar som tyder på at verksemda ikkje blir driven i tråd med regelverket.

I svaret har kommunen også vedlagt utskrift av sine prosedyrar knytt til medikamenthandtering. Fylkesmannen ser at det i desse prosedyrane er nokre skrivefeil i lov- og forskriftstitlar, samt at godkjennings- og revisjonsdato ikkje er fylt ut på eit par skjema (jf. vedlegg). Vi reknar med at kommunen vil sjå til at dette blir retta opp utan oppfølging frå oss.

Tilsynet blir med dette avslutta. Fylkesmannen takkar for samarbeidet i gjennomføringa av tilsynet.

3.9.2013

Med helsing

Christian Bjelke (e.f.)
Direktør/fylkeslege

Rolf Toven

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

Vedlegg: Prosedyrer/skjema med markering av skrivefeil og manglande datering

Kopi utan vedlegg: Statens helsetilsyn Postboks 8128 Dep 0032 OSLO