Helsetilsynet

Samandrag

Systemrevisjonen gjaldt følgjande område: Kommunen sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheim. For å kontrollere om barneverntenesta følgjer med utviklinga til barn som er plasserte i fosterheim, undersøkte ein desse tilhøva:

  • Oppfølging og kontroll av barnet sin situasjon i fosterheimen
  • Korleis barnet har fått medverke
  • Råd og rettleiing til fosterforeldra

Det vart ikkje gjeve avvik eller merknader.

Heidrunn Avdem
revisjonsleiar

Eli Karin Walle
revisor

 

Anders Skorpen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved bamevemtenesta i Vestnes kommune i perioden 16.07.2013 - . Revisjonen går inn som ein del av Fylkesmannen sitt planlagte tilsyn dette året, og er ein del av eit landsomfattende tilsyn som blir gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barneverntenesta etter lov om bamevemtenester §§ 2-3 (4) og 2-3 b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda utøver internkontroll slik at ein sikrar at dei ulike krava i lovgjevinga blir følgt. Revisjonen undersøkte:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge brot på lovgjevinga innan dei tema som tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og ev. blir korrigerte når det er nødvendig
  • om tiltaka er gode nok til å sikre at lovgjevinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om eventuelle avvik og merknader som er avdekte under revisjonen. Den er derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik -når krav som er gitt i lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad -når tilsynsorganet finn grunn til å peike på forhold som bør forbetrast sjølv om dei ikkje er i strid med lover eller forskrifter.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Vestnes kommune har 6500 innbyggjarar.

Bameverntenesta er organisert som ein del av Barne- og ungdomstenestene i Vestnes kommune. Barne- og ungdomstenestene har felles driftsleiar som har overordna økonomisk og administrativt ansvar og personalansvar. Barnevemleiar er fagansvarleg for bameverntenesta.

Tenesta rapporterer at dei har 4,6 fagstillingar pluss ein merkantil medarbeidar og ei tiltaksstilling. Personalgruppa er stabil og det blir opplyst at det er stor trivsel og lite sjukefråvær. Kommunen har pr. 1. halvår 2013 43 ham med hjelpetiltak og 19 barn under omsorg. Talet på barn under omsorg tilsvarar 1,34 % av barnetalet ikommunen. Det tilsvarande talet for fylket er 0,76 %.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut den 16.07.2013.

Opningsmøte vart halde den 21.11.2013.

Intervju av 5 medarbeidarar og samtale med administrasjonssjefen den 21. og 21.11.2013.

Sluttmøte vart halde 22.11.2013.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet gjaldt kommunen sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheim. For å kontrollere om barneverntenesta nøye og jamnleg følgjer med utviklinga til barn som er plassert i fosterheim, undersøkte ein desse tilhøva:

  • Oppfølging og kontroll av barnet sin situasjon i fosterheimen
  • Korleis barnet har fått medverke
  • Råd og rettleiing til fosterforeldra

5. Funn

Ein fann ikkje grunnlag for å konstatere brot på barnevernlova. Tilsynet fann heller ikkje tilhøve i bameverntenesta sitt arbeid med å følgje opp barn i fosterheimar som tilseier at det er fare for at det vil utvikle seg til brot på lovkrav. Det vart derfor ikkje gjeve korkje avvik eller merknader.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Bameverntenesta i Vestnes har utarbeidd rutinar for arbeidet med å følge opp ham i fosterheimar. Rutinane er eit verktøy som både leiar og saksbehandlarane gjev uttrykk for å nytte aktivt i arbeidet kvar dag. I kommunen sin rutine for fosterheimsarbeidet er m.a. samtale med barnet inkludert. Rutinane inneber vidare m.a. at bamevemleiar kvar veke går gjennom statusen for arbeidet i kvar enkelt sak med kvar saksbehandlar. Her nyttar ein journalen aktivt m.a. for å sikre framdrifta. Det er barnevernmøte ein gong kvar veke. Her drøftar ein enkeltsaker som treng eit breiare fokus og avgjerdene her blir nedteikna i journalane etterpå. I dette møtet drøftar ein også andre faglege tema, ajourfører rutinar osb.

Vi vurderer at barneverntenesta sine rutinar er konkrete og tilpassa til tenesta i kommunen. Både i intervjua og i saksmappene vart det dokumentert at rutinane er implementerte. På område der vi ikkje fann skriftlege rutinar, fekk tilsynet stadfesta at det likevel både var plan og ei felles forståing i tenesta for korleis ein skulle gå fram/kva som ville vera riktig praksis. Det vart også dokumentert at kommunen i fosterheimsarbeidet har barns behov i fokus både ved å forvente og legge til rette for at barna skal høyrast. Systemet med rutinane, saksmøte og barnevernsmøta dokumenterer derfor at at ein har ein felles praksis som i stor grad synest å vera styrt.

7. Dokumentunderlag

  • FNs barnekonvensjon om barns rettigheter Lov om barneverntjenester
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker Forskrift om fosterhjem
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester

8. Dokumentunderlag

Før revisjonen hadde vi ratt tilsendt følgjande dokumentasjon om verksemda:

  • Barneverntenesta i Vestnes sin internkontroll med informasjon om organisering av tenesta, ansvarsområde, delegasjon og relevante rutinar.
  • Oversikt over personell som har oppgåver i tilknytning til dei områda som er omfatta av tilsynet.
  • Årsmelding, den delen som omhandler barnevernstenesta.
  • Liste over 22 barn som kommunen har plassert i fosterheimar med klientnummer, alder, heimel for plasseringa, når barnet vart plassert og om fosterheimen er statleg eller kommunal.

Under revisjonsbesøket gjekk vi gjennom følgjande dokumentasjon:

  • Utvalde dokument i saksmappene for 24 fosterbarn

Det ligg elles føre noko korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen m.a. om program og den praktiske gjennomføringa av tilsynet

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over dei personane som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet
Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Tone Roaldsnes

Adm.sjef

X

X

 

Helene Brendeløkken

Driftsleiar

X

X

X

Mary-Anna Moen

Barnevernsleiar

X

X

X

Linn Øveraas Valldal

Barnevernkonsulent

X

X

X

Elin Bårdsnes

Barnevernkonsulent

X

X

X

Ann Helen Vik

Barnevernkonsulent

X

X

X

Norunn Lyngvær Lid

Sekretær

X

 

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Heidrunn Avdem, Eli Karin Walle og Anders Skorpen

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2013-14 Oppfølging av barn i fosterhjem

Søk