Helsetilsynet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser til våre brev av 14. juni og 2. august 2013, og takker for retur av utfylte spørjeskjema. Diverre har det teke lang tid før vi no kjem tilbake til dette tilsynet.

Tilsynet blei gjennomført som sjølvmeldingstilsyn ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimeteneste opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 3. april 2008 nr. 320. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom ikkje alle krava var oppfylte.

Frå Volda kommune har vi motteke svarbrev dagsett 12. september. Kommunen har sjølv kome fram til at det ved sjukeheimen var ein avvik med omsyn til risikovurdering (spørsmål 6 i skjemaet), og at dette var retta opp ved ROS-analyse gjennomført 14. august 2013.

I heimetenesta fann ein avvik ved at det mangla system for jamleg (minst ein gong i året) kontroll og revisjon av prosedyrane for legemiddelhandtering, og plan for retting av dette i løpet av oktober 2013 er lagt fram.

Fylkesmannen har merka seg at det i spørjeskjemaet som er fylt ut av heimetenesta går fram at heimetenesta i Volda ikkje hadde knytt til seg fagleg rådgjevar med legemiddelkompetanse, sidan verksemdsleiar sjølv meinar å ha slik kompetanse (spørsmål 2 i skjemaet). Det som ligg i omgrepet legemiddelkompetanse i forskrifta sin forstand, er den kompetanse som lege eller farmasøyt har, slik det også er tydeliggjort ved den endringa av § 4 andre ledd i forskrifta som fann stad pr. 1. januar 2015. Verne- eller sjukepleiarutdanning gjev altså ikkje tilstrekkelig kompetanse, og mangel på lege eller (provisor-)farmasøyt som fagleg rådgjevar var og er derfor et avvik frå forskrifta sine krav. Helse- og omsorgssjef Tomasgard har overfor Fylkesmannen opplyst at svaret på dette spørsmålet må ha vore feil utfylt, i røynda har heimetenesta knytta til seg farmasøyt ved Apotek 1 som legemiddelfaglig rådgjevar.

Ut frå denne føresetnad, og at dei tiltak for retting av avvik nå er gjennomført, finn Fylkesmannen å kunne avslutte dette tilsynet.

Med helsing

Christian Bjelke (e.f.)
Fylkeslege/Direktør

Rolf Toven

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur

Kopi:
Volda kommune v/Rådmann Stormyra 2 6100 Volda