Helsetilsynet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomførte den 5.4.2016 eit ikkje varsla tilsyn med vurdering av samtykkekompetanse og bruk av tvungen helsehjelp etter kapittel 4A i pasient- og brukarrettigheitslova ved Vartdal sjukeheim i Ørsta kommune.

Målet med tilsynet var å vurdere om verksemda ivaretek dei ulike lovkrava gjennom eigen internkontroll.

Revisjonen omfatta undersøking av:

  • om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • bruk av tvungen somatisk helsehjelp
  • om det er fatta vedtak etter pasient- og brukarrettigheitslova kapittel 4A

Ikkje meldt tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varigheit. Ikkje meldt tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å leggje til rette for gjennomføring av tilsynet. 
Personell som er tilstade vil ha sine daglege oppgåver overfor pasientane. 
Tilsynet vart gjennomført med samtalar med tilsette.

Under tilsynet vart det avdekt eit avvik:

Ørsta kommune sikrar ikkje at det blir fatta vedtak med heimel i pasient- og brukarrettigheitslova kapittel 4A når det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasienten sin vilje.

Ørsta kommune har gjeve tilbakemelding om hensiktsmessige tiltak som kommunen har sett i verk for å rette avvik som vart avdekt. Kommunen har mellom anna fatta vedtak om bruk av tvang for å få gjennomført personleg stell.
 
Fylkesmannen har vurdert dei tiltaka som er sett i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er difor avslutta.

Med helsing

Marit Hovde Syltebø (e.f.)
Konst. direktør

Aase Årsbog Dyrset

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

Juridisk rådgjevar: Thomas Sørflaten