Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har undersøkt om Surnadal kommunen legg til rette for og følger opp at personar over 18 år med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding mottek individuelt tilpassa, samordna og forsvarlege helse- og omsorgstenester og sosiale tenester.

I tilsynet sto kravet om forsvarleg verksemd, inkludert plikt til systematisk styring sentralt. Det same gjaldt kravet om samarbeid og brukarmedverknad.

Denne rapporten gjer greie for dei lovbrota/ avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda Fylkesmannen såg på.

Det vart ikkje avdekte lovbrot/ avvik. Fylkesmannen har gitt to merknadar :

  1. Surnadal kommune har eit potensiale for forbetring når det gjeld systematisk kartlegging av brukarane sitt samanhengande hjelpebehov. Leiinga bør ta stilling til kva slags praksis som skal vere gjeldande i kommunen, og tydeleg styre bruk av interne rutinar som gir lik praksis for kartlegging.
  • I intervju kom det fram ulike måtar å samle informasjon om brukarane sin situasjon og hjelpebehov. Det blei vist til fleire kartleggingsverktøy, og det er lite skilje mellom

anamneseinnhenting (dokumentasjonsverktøy) og systematisk kartlegging av både rus og psykiske helseutfordringar.

  1. Innhenta samtykke og informasjon bør dokumenterast likt, gjerne ved bruk av standardiserte skjema. Leiinga må avgjere kva slags skjema som skal gjelde i
  • Samtykke er ulikt dokumentert. Vi finn det dokumentert i journal i ulike

Dato: 15.mai 2018

Revisjonsleiar: Åse Hansen

Revisor: Anne Mette Nerbøberg

1. Innleiing

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller si plikt etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester og lov om sosiale tenester i arbeid- og velferdsforvaltninga. Dette følgjer av Lov om kommunale helse- og omsorgsteneste § 12-3 og Lov om sosiale tenester i arbeid- og velferdsforvaltninga § 9.

Slikt tilsyn, også kalla systemrevisjon, er ein kontroll for å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Det omfattar å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten Fylkesmannen utarbeider etter eit tilsyn handlar om avvik og merknadar som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der Fylkesmannen finn grunn til å påpeike eit potensial for

Denne rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Surnadal kommune i perioden 27.11.2017 – 15.05.2018. Tilsynet er ein del av den planlagde verksemda hos Fylkesmannen dette året og er i tråd med pålegg frå Helsetilsynet om å gjennomføre landsomfattande tilsyn med tenester til menneske med samtidig rus og psykisk liding i kommunane.

Ved dette tilsynet undersøkte Fylkesmannen om Surnadal kommunen har sørga for at vaksne personar med samstundes rusmiddelproblem og psykisk liding (ROP) har fått individuelt tilpassa, samordna og forsvarlege helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i tråd med lover og forskrifter på dette området. Sentralt i tilsynet sto kravet om forsvarleg verksemd, inkludert plikt til systematisk styring. Kravet om samarbeid og brukarmedverknad har også blitt lagt vekt på.

Mange med psykisk lidingar og rusmiddelbruk har dårleg somatisk helse, og dermed eit større behov for oppfølging. Psykososiale forhold som familie/nettverk, butilhøve, økonomi og arbeid/aktivitet har verknad på pasientane si psykiske helse. Korleis kommunen kartla/utgreidde brukarane sine rusmiddelproblem var derfor også tema.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Surnadal kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen sin administrasjon ligg i tettstaden Skei. Det bor i underkant av 6000 i kommunen.

Kommuneadministrasjonen si leiing består av rådmann og fire kommunalsjefar. Det er 18 einingar i kommunen med einingsleiarar. Fylkesmannen såg i hovudsak på tenestene i eininga «Helse og familie» og NAV. Hovudansvar for oppfølging av menneske med rusproblem har kommunen lagt til NAV.

NAV er organisert med leiar, ein koordinator, seks rettleiarar. Leiar har også ansvar for NAV Halsa og NAV Rindal. Rettleiarane følgjer brukarar på «sine» datoar frå kartlegging til ferdig avklart, og arbeider innan alle område unntatt bustad og gjeldsrådgiving. I tillegg til dei seks rettleiarane er det tilsett ein rettleiar på rusområdet i heil stilling, ein på bustadsosialt arbeid i halv stilling, og ein interkommunal økonomirettleiar ved NAV-kontora i Surnadal, Halsa og Rindal. Dei blir kopla på sakene etter behov og arbeider saman med rettleiar som har fått saka tildelt ut frå dato.

Eininga «Helse og familie» har ansvar for psykiatri, koordinerande eining, helsestasjon, førebygging, fysio- og ergoterapitenesta, miljøretta helsevern og skjenkekontroll. Einingsleiar er p.t. konstituert i stillinga. Koordinerande eining har ei rolle ved tildeling av samansette tenester også til ROP-pasientar og følger opp brukarar som har individuell plan. Det er ein psykiatrisk sjukepleiar knytt til eininga «helse og familie». Psykiatrisk sjukepleier har kontor i eigne lokale, skild frå resten av eininga. Kontoret ligg i underetasjen i same bygg som NAV held til. Det er lagt til rette for å ta i mot pasientar til samtale.

Kommunen har fått innvilga tilskot til kommunalt rusarbeid, tilsvarande to stillingar for å arbeide for samanhengande tenester til menneske med rusproblem. Arbeidet er ikkje kome skikkeleg i gang enno fordi tildelinga vart gjort seint på året i 2017.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 27.november 2017.

Opningsmøte blei halde 7.februar 2018 .

Intervju
14 personar blei intervjua, av desse 5 brukarar av tenestene.

Journalgjennomgang
13 journalar frå helse og omsorg er gjennomgått 7 mapper frå NAV er gjennomgått

Sluttmøte blei halde 8. februar 2018 .

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapittel 7, «Dokumentunderlag».

4. Kva tilsynet omfatta

Fylkesmannen undersøkte om kommunen ved helse- og omsorgstenestene og sosiale tenester i NAV:

  • la til rette for og gjennomførte kontinuerleg samarbeid mellom kommunale einingar som ytte helse- og omsorgstenester og sosial tenester, og med fastlegar og med spesialisthelsetenesta
  • samla inn informasjon om brukaren sin heilskaplege situasjon og om moglege behov for tenester
  • samordna tenestene brukaren fekk frå kommunale einingar og frå fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • tilbydde og ytte individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgsteneste retta mot brukaren sine rusmiddelproblem og psykiske liding
  • kartla og følgde opp somatiske helseproblem
  • tilbydde og ytte individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukarar kunne meistre å bu i eigen

Tilsynet var retta mot kommunen sine tenester til vaksne personar med mogleg rusmiddelproblem og samtidig psykisk liding som kvar for seg eller samla ville føre til funksjonstap som gjorde at ein hadde behov for fleire tenester frå kommunen over tid.

I tilsynet sto kravet om forsvarleg verksemd, inkludert plikt til systematisk styring, sentralt. Det same gjaldt kravet om samarbeid og brukarmedverknad.

5. Funn

Det kom ikkje fram opplysningar som gir til kjenne at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

Det er ikkje avdekt lovbrot/ avvik.

Merknad :

  1. Surnadal kommune har eit potensiale for forbetring når det gjeld systematisk kartlegging av brukarane sitt samanhengande hjelpebehov. Leiinga bør ta stilling til kva slags praksis som skal vere gjeldande i kommunen, og tydeleg styre bruk av interne rutinar som gir lik praksis for
  • I intervju kom det fram ulike måtar å samle informasjon om brukarane sin situasjon og hjelpebehov. Det blei vist til fleire kartleggingsverktøy, og det er lite skilje mellom anamneseinnhenting (dokumentasjonsverktøy) og systematisk kartlegging av både rus og psykiske helseutfordringar
  1. Innhenta samtykke og informasjon bør dokumenterast likt, gjerne ved bruk av standardiserte skjema. Leiinga må avgjere kva slags skjema som skal gjelde i kommunen.
  • Samtykke er ulikt dokumentert. Vi finn det dokumentert i journal og i ulike

6. Regelverk

Lover:

  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.
  • Lov av 2. juli 1999 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 18. desember 2009 om sosiale tjenester i arbeid- og velferdsforvaltningen
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell v.
  • Lov av 10. februar1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov om arbeids- og velferdsforvaltningen (NAV-loven)

Forskrifter:

  • Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
  • Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift om individuell plan i arbeids- og velferdsforvaltningen
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Aktuelle rundskriv og rettleiarar:

Helsedirektoratet og arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd fleire publikasjonar som er aktuelle for dette tilsynet.

Den mest sentrale er Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse (IS-1948) og Veiledere til sosialtjenestelovens § 17 - Hvordan fatte vedtak på tjenesten opplysning, råd og veiledning

https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktøy

https://www.nav.no/no/NAV+og+samfunn/Samarbeid/For+kommunen/Nyttig+a+vite/_attach ment/374607

Plikt til systematisk styring

Kravet om forsvarleg verksemd og plikt til systematisk styring er sentralt ved dette tilsynet. Basert på lovkrava over må ein kunne forvente av forsvarlege tenester til pasientar med psykisk liding og mogleg rusmiddelbruk at kommunen har lagt til rette for nødvendig samarbeid og skaffa seg oversikt over brukarar, og lagt til rette slik at brukarar kjem i kontakt med den eininga som kan gi rett teneste. Leiinga må følgje med på situasjonen og moglege behov for tenester, kompetanse og områder med risiko for svikt.

Dette inneber:

  • å ha rutinar med klår oppgåve- og ansvarsplassering, og det er kjent for alle involverte korleis samarbeid mellom ulike einingar i kommunen skal gå føre seg
  • at kontaktinformasjon om kven som er pasienten sin fastlege er tilgjengeleg for dei som treng det. Dette gjeld også for brukarar som har fastlege i en annan
  • at det er utarbeidd skriftlege rutinar for innhenting av samtykke til samarbeid med andre einingar/ nivå,
  • skriftlege rutinar for innhenting av informasjon og dokumentasjon om brukaren sin totale situasjon og om moglege behov for tenester
  • rutinar og kultur for å melde frå når samarbeidet ikkje fungerer slik det er planlagt, og følgje med på om samarbeidet fungerer i den daglege tenesteutøvinga
  • at ein har rutinar for å innhente opplysningar om andre område enn det ein sjølv har ansvar for/( NAV/ helse og omsorg) a.;
    • skriftlege rutinar for kartlegging av moglege ruslidingar hos brukarane
    • kartlegging og følgjer opp somatisk helsesituasjon (ernæring, tannhelse, infeksjonar, sår m.)
    • omsorg for barn
    • økonomi
    • bu-situasjon og behov for tenester i bustad
    • endringar i brukaren sin situasjon
    • rutinar for journalføring
    • rutinar for å medverke til at brukar kjem i kontakt med rett instans
  • å ha tatt stilling til kva kompetanse som er naudsynt for å løyse oppgåvene og sørge for at naudsynt kompetanse er tilgjengeleg
  • å etablere system for planlegging og gjennomføring av samordna og/ kontinuerleg samarbeid mellom einingar i kommunen, med fastlegar og med spesialisthelsetenesta
  • skriftlege rutinar for IP eller tilsvarande plan for samordning og koordinering av tenester
  • rutinar for dokumentasjon av mål, tiltak og ansvar for gjennomføring og evaluering av tenestene som ytes til den enkelte bruker med klar oppgåve og ansvarsfordeling
  • rutinar for å involvere spesialisthelsetenesta i den grad dette er naudsynt ved utforming, gjennomføring og evaluering av IP eller anna plan for samordning av tenestene, og ved ansvarsmøter
  • rutinar for brukarmedverknad

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Oversikt over ansatte i helse og familie pr jan 2018
  • Administrativ struktur
  • Oversikt over ansatte i NAV Surnadal
  • Sjekklister (standarden) fra NAV:
    • Opplysning, råd og veiledning
    • Økonomisk rådgivning
    • Økonomisk stønad
    • Midlertidig bolig x 2
    • Varig bolig
    • IP
    • Brukermedvirkning
    • Arbeidsrettet veiledning
    • Rusavhengighet
    • Om sosiale tjenester i NAV
    • Sjekkliste bruker henvender seg til NAV
  • Stillingsbeskrivelse psykiatrisk sykepleier
  • Stillingsbeskrivelse forebyggingsveileder
  • Mal for stillingsbeskrivelse
  • Samarbeidsavtale NAV Møre og Romsdal og Surnadal kommune
  • Lokal samarbeidsavtale OT og NAV
  • Oversikt over samarbeidsmøter og deltakelse i arbeidsgrupper internt og eksternt i NAV
  • Oversikt over samarbeidsmøter innen helse – og familie
  • Rutine for samarbeid mellom psykiatrisk sykepleier og hjelpeapparatet
  • Rutine for boligsosialt arbeid (kommunalt system)
  • Rutine for tildeling av midlertidig bolig (kommunalt system)
  • Rutine for oppfølging av pasienter med psykiske lidelser i hjemmesykepleien
  • Rutine for innsøking til boligsosialt arbeid
  • Søknadsskjema BS oppfølging
  • Samtykkeerklæring – fritak fra taushetsplikt (koordinerende enhet Surnadal)
  • Melding til koordinerende enhet
  • Prosedyre for involvering av og støtte til pårørende i helse-og omsorgstjenesten
  • Samtykkeerklæring – koordinator
  • Undersøkelse og kartlegging 2017 (utarbeidet jan 2018)
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016-2020
  • Boligpolitisk plan 2016-2020
  • Omsorgsplan 2011-2015
  • Årsmelding 2016
  • Rutine kommunal øyeblikkelig hjelp døgnopphold, psykisk helse og rus
  • Rutine for oppstart og bruk av IP
  • Dokument (ettersendt)
  • Kommunens ansvar for rus og psykisk helsearbeid (ettersendt)
  • Flytskjema – aktørkart (ettersendt)
  • Lavterskeltilbud innenfor psykisk helse (ettersendt)
  • Helhetlig pasientforløp i hjemmet (ettersendt)
  • Stillingsbeskrivelse psykiatrisk sykepleier/fagkoordinator (ettersendt)
  • Skjema - Ønsker ikke IP (ettersendt)
  • Skjema -Kartlegging av behov for langvarige og koordinerte tjenester
  • Skjema – Melding til koordinerende enhet
  • Skjema – Melding om behov for etablering av arbeidsgruppe
  • NAV -Rutiner øk. sosialhjelp
  • Evalueringsrapport - ruskonsulent
  • NAV Virksomhetsplan
  • Nav Surnadal, organisering
  • Reglement for administrativ delegasjon 2018-2020
  • Vurderingsbesøk, HPH Hjemmetjenesten
  • Kartleggingsskjema; vurderingsbesøk, oppfølgingssamtale, etterarbeid

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Resultat kartlegging Brukarplan 2016
  • Samarbeidsavtale økonomisk rådgivar

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 11.2017
  • E-post med informasjon om kontaktpersonar sendt 12.2017
  • Oversending av dokumentasjon datert 01.2018
  • Program for tilsynsdagane datert 01.2018
  • Oversikt brukarar ev tenestene til intervju
  • Ettersending dokumentasjon datert 01.2018
  • Ettersending av samarbeidsavtale Surnadal kommune og NAV Møre og Romsdal 06.03.2018

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Asbjørg Betten

Leiar NAV Surnadal

X

X

X

Linda Hoset Polden

Rettleiar, koordinator NAV

X

 

X

Gro Hauge Venås

Bustadsosialt arbeid

X

X

 

Liv Ingjerd Holten

Rettleiar rus NAV

X

X

X

Gunn Bredesen

Einingsleiar helse og familie

X

   

Gunhild Eidsli

Kommunalsjef

X

X

X

Elizabeth Miciano

Rådgivar koordinerande eining

X

X

X

Anita F. Melkild

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

X

Marita Nordvik Betten

Konst einingsleiar helse og familie

X

X

X

Robert Strand

Rettleiar NAV

 

X

X

Camilla Hyttebakk

       

Heidi Elnes Fiske

Leiande helsesøster

   

X

Arnhild Sæter

Ergoterapeut

   

X

Bodil Nes

Helsesøster

   

X

Marny Magnussen

Rettleiar NAV

   

X

Talke Ranes

Økonomisk rettleiar, gjeldsrådgivar

   

X

Liv Smevoll

Rettleiar NAV

   

X

Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltok:

Revisjonsleiar:
Åse Hansen, seniorrådgivar/psykiatrisk sjukepleiar

Revisorar:
Rolf Toven, rådgivar/jurist
Kari Røkkum Winje, rådgivar/ barnevernspedagog
Anne Mette Nerbøberg, seniorrådgivar/sosionom

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2017–2018 Tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Søk