Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Tilsynsområde 1

Tilsynet undersøkte om Etnedal kommune sikrar at det vert gitt forsvarlege tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, pkt 6 bokstavane a og b

Det vart ikkje gitt avvik eller merknader på dette området.

Tilsynsområde 2

Tilsynet undersøkte om Etnedal kommune sikrar at desse tenestene vert utførde utan bruk av tvang og makt

Det vart ikkje gitt merknader, men avdekt eitt avvik på dette området.

Avvik 1

Etnedal kommune sikrar ikkje at alle aktuelle tilsette får systematisk opplæring/rettleiing i helse og -omsorgstjenesteloven kap 9. Det blir derved heller ikkje sikra at dei same tilsette har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter til å identifisere tvang og makt i arbeidet. 

Detaljar om avvika og observasjonar kjem fram i kapittel 5 i rapporten.

Dato: 15. november 2012

Randi Marthe Graedler
revisjonsleiar
Inger Berg
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Etnedal kommune i perioden 27.08.12 – 15.11.12. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Etnedal kommune er den minste kommunen i Oppland, med 1400 innbyggjarar. Kommunen er leia av ei rådmannsgruppe, med rådmann og tre kommunalsjefar. Det er seks einingar med kvar sin einingsleiar. Miljøtenesta ligg under eininga, Helse- og omsorg, som vidare består av sju ulike fagområde, med fagleiar. Det er eitt bufellesskap i Etnedal,  Kirkevoll, der det bur seks personar med psykisk utviklingshemning. Turnusen for bufellesskapet har 9,9 årsverk fordelt på 19 personar. Ein person har eigen bustad med eigen turnus. Denne bustaden er lagt inn under heimetenesta. 

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 27.08.12. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei ikkje halde.

Opningsmøte blei halde 24.10.12.

Intervjuer

8 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved Kirkevoll bufellesskap.

Sluttmøte blei halde 25.10.12.

Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta Lov om kommunale Helse- og omsorgstenester – Rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemning.

Tilsynsområde 1

Tilsynet undersøkte om Etnedal kommune sikrar at det vert gitt forsvarlege tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, pkt 6 bokstavane a og b.

Tilsynsområde 2

Tilsynet undersøkte om Etnedal kommune sikrar at desse tenestene blir utførde utan bruk av tvang og makt.

5. Funn

Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Tilsynsområde 1

Tilsynet undersøkte om Etnedal kommune sikrar at det vert gitt forsvarlege tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, pkt 6 bokstavane a og b

Det vart ikkje gitt avvik eller merknader på dette området.

Tilsynsområde 2

Tilsynet undersøkte om Etnedal kommune sikrar at desse tenestene vert utførde utan bruk av tvang og makt

Det vart ikkje gitt merknader, men avdekt eitt avvik på dette området.

Avvik 1

Etnedal kommune sikrar ikkje at alle aktuelle tilsette får systematisk opplæring/rettleiing i lov om helse og -omsorgstjenesteloven kap 9. Det blir derved heller ikkje sikra at dei same tilsette har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter til å identifisere tvang og makt i arbeidet. 

Observasjonar som ligg til grunn for avviket:

  • Det er ikkje gjennomført opplæring i tema tvang og makt for alle aktuelle tilsette i kommunen.
  • Dei tilsette i bustaden har uklar lovforståing når det gjeld innhaldet i tvangsbegrepet.
  • Tilsette i organisasjonen på fleire nivå har heller ikkje god nok kjennskap til aktuelt lovverk til å kunne avdekke når det blir utøvd ulovlig bruk av tvang og makt.
  • Det er dokumenter at det er gjennomført tiltak der det er brukt tvang og makt som skadeavvergande tiltak i naudsituasjon utan at reglane for sakshandsaming er fulgt.
  • Det er ikkje vurdert om konkrete gjennomførte tiltak inneheld element av tvang og makt.
  • Kommunen har eit system for å rapportere svikt i tenesta. Dette er ikkje kjent i miljøarbeidartenesta.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1, 9-4, 9-5, 9-7 og 9-10. jf. § 3-1 tredje avsnitt, samt forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.

Kommentar:

Av helse- og omsorgstenestelova § 9-4 går det fram at kommunen plikter å sørgje for at tilhøva vert lagt til rette for minst mulig bruk av tvang. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast naudsynt opplæring og fagleg rettleiing. Av § 9-5 går det fram at andre løysingar skal vere prøvd før tvang blir nytta, og § 9-7 seier kva reglar for sakshandsaming som gjeld når tvang blir nytta. 

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Etter helse- og omsorgstenestelova 3-1 skal kommunen føre internkontroll for å sikre at verksemda og tenester etter mellom anna kapittel 9, er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov og forskrift. Kommunen skal ved eit tilsyn kunne gjera greie for korleis han oppfyller denne plikta.

Plikta til å føre internkontroll føre med seg eit sjølvstendig ansvar for å sikre at den verksemda dei driv er i samsvar med lova. Det er difor kommunen sjølv som har ansvaret for å ha kontrollordningar som kan avdekkje tilhøve som ikkje er i samsvar med regelverket og vidare følgje opp med naudsynte endringar.

Internkontroll er eit hjelpemiddel for systematisk styring, det vil seie eit verktøy leiinga kan bruke. Forskrift om internkontroll beskriv nokre grunnleggjande element som må vere til stades i alle verksemder.  Kor omfattande tiltaka skal vere må leiinga vurdere i høve til storleiken på verksemda og kor kompleks ho er.

Det sentrale i dette tilsynet er kommunen si styring og kontroll med at krav til rettstryggleik ved yting av tenester til personar med utviklingshemming blir oppfylt. For å førebygge svikt må personell ha naudsynt opplæring og rettleiing slik at dei får føresetnader til å utføre oppgåvene. Vidare må det ligge føre rutinar som er kjende og følgde, ordningar for å fange opp sårbare tilhøve ved verksemda og oppfølging frå leiinga. Ein grunnleggjande føresetnad for å etterleve krav om helse- og omsorgstenester i kapittel 9 er at tilsette får tilstrekkeleg opplæring i regelverket og kunnskap om kva dette inneber i praksis.

Tilsynet har avdekt at Etnedal kommune ikkje har gjennomført naudsynt opplæring av dei tilsette som arbeider med psykisk utviklingshemma på tema tvang og makt. Kommunen har hatt sterkt fokus på eit prosjekt rundt å heve kompetanse på etisk refleksjon. Dei tilsette er svært opptekne av dette og motiverte for gjennomføre det i praksis. Det kjem opp mange diskusjonar om bruk av tvang og makt knytt til dette, men det blir mangelfullt når det ikkje er sikra naudsynt kompetanse på lovverket kap 9 i helse- og omsorgstenestelova.

7. Regelverk

  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester.
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker.
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart med vedlegg
  • Oversikt over kurs og møter på området
  • Retningsliner for opplæringsvakter
  • Kopi av maler for ulike meldingar og vedtak
  • Informasjon om kompetanseheving i etikk
  • Opplæringplan for Helse- og sosialpersonell for Etnedal kommune
  • Kompetanseplan for Valdresregionen
  • Turnus for Kirkevoll bufellesskap og bustad for einskild brukar

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Permane for sju brukarar.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel for tilsyn blei sendt 27.08.12.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Anne Nora Lekanger

Fagleiar

x

x

x

Inger Odny Bik

Miljøarbeiar

x

x

x

Ragni Haug

Miljøarbeiar

x

x

x

Laila A. Brateng

Miljøarbeiar

x

x

 

Kai Egil Bacher

Rådmann

x

   

Anne Marit Stensæter

Hjelpepleiar

x

x

x

Aud Bakken

Enhetsleiar

x

x

x

Per Åge Nilsen

Psyk. Spl.

 

x

x

Inger K. Øverby

Omsorgsarbeiar

 

x

x

Frå tilsynsorganet deltok:
Randi Marthe Graedler, revisjonsleiar
Inger Berg, revisor
Eva Davis, revisor