Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Dei to hovudtema for tilsynet er den kommunale barnevern tenesta sitt arbeid med undersøkingar, jf barnevernlova § 4-3 og evaluering av hjelpetiltak til heimebuande born. Borns rett til medverknad er sentralt og er undertema til båe hovudtema. Medverknad vil i denne samanhengen seie borns rett til å bli informert og til å uttala seg.

Tilsynet er gjennomført over to dagar og er, som vanleg ved systemrevisjonar, baserte på intervjuar, gransking av dokumentar og gjønomgang av anna relevant materiell. I dette tilsynet har vi granska fleire saker der det er innkomne meldingar til kommunens barnevern teneste.

Det blei gitt ein merknad knytte til evaluering av hjelpetiltak.

Merknad:

Kommunen har eit forbetrings potensiale når det gjelder evaluering av hjelpetiltak for heimebuande born.

Jorunn Ødegårdstuen
revisjonsleiar

Inger Berg
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Skjåk kommune i perioden 25.01.2012 – 27.04.2012. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i nneverande år, og har grunnlag i vei leder for landsomfattande tilsyn for 2011 og 2012, initiert av Statens helsetilsyn.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barnevern tenesta etter lov om barnevern tenester § 2-3.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Skjåk kommune omfattar den øvste delen av Ottadalen med fjellviddene omkring. Det er 2500 innbyggjarar og 500 av dei bur i tettstaden Bismo. Her ligg og kommunesenteret. Barnevern tenesta leias av barnevern leiar, som rapporterer direkte til Rådmannen. Skjåk kommunes er vertskommune for barnevern tenesta i Lom og Skjåk.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 25.01.2012.

Formøte blei ikkje halde.

Opningsmøte blei halde 23.04.2012.

Intervjuer

5 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 24.04.2012.

4. Kva tilsynet omfatta

Dei to hovud tema for tilsynet er den kommunale barnevern tenesta arbeid med undersøkelser, jf barnevern loven § 4-3 og evaluering av hjelpetiltak for heimebuande born, jf barnevern loven § 4-5. Borns rett til medverknad står sentralt og er undertema til både hovudtema. Medverknad vil i denne samanheng seie borns rett til å bli informert, og til å uttale seg.

Statens helsetilsyn har i sitt andre landsomfattande tilsyn vald å vidareføre fokus på kommunalt barnevern. Formålet med tilsynet er å granska om norske kommunar gjennom sine stryrings tiltak sikrar at undersøkelser og evaluering av hjelpetiltak til heimebuande born, gjøras på ein slik måte at born og unge på desse områdande får naudsynt hjelp og omsut til rett tid, jf lov 17 juli 1992 nr 100 om barnevern tenester ( heretter brukas offisiell kortform barnevern lova) Tilsynsmyndigheten skal samstundes granska om kommunane i dette arbeidet sikrar born rett til medverknad.

Barnevernets arbeid med undersøkelser er grunnlaget for å sikre at born som trenger det skal få rett hjelp til rett tid. Kvaliteten på undersøkelsen er avgjerande for iverksetting av riktige tiltak til born og unge og deira familiar. Undersøkelses fasen representerer ei utfordring for kommunal barnevern teneste fordi man skal gjennomføre ein kvalitativ god undersøking innan fastsette tidsrammer, og med dei krava som gjelder til varsamheit, jf barnevern lova § 4-3 og sakshandsamingsreglane i kapittel 6.

Åtte av ti born som har tiltak frå barnevern tenesta mottar friviljuge hjelpetiltak medan dei bur heime. Det er sentralt for born og deira familiar at tiltaka fungerer som forut satt, og difor er evalueringa av desse tiltaka viktig. Barnevern tenesta må difor væra oppdaterte på om borna til en kvar tid får den hjelpa som er naudsynt og at tiltaka justeras i tråd med eventuelle endringar i bornas behov. Borns rett til å bli høyrd er nedfelt i både nasjonal lovgiving og i FN`s barnekonvensjon.

5. Funn

Det blei ikkje gjeve noko avvik i dette tilsynet, men det blei gitt ein merknad.

Merknad:

Skjåk kommune har eit forbetringspotensiale når det gjelder evaluering av hjelpetiltak for heimebuande born.

Merknaden byggar på fylgjande observasjonar:

  • Kommunen sørgjer ikkje systematisk nok for at born gis moglegheit til å uttala seg i forbindelse med evalueringa av hjelpetiltak.
  • Evalueringa av hjelpetiltak kan systematiseras meir i høve til vurdering av hyppighet og inn henting av naudsynte og tilstrekkelig informasjon.

6. Regelverk

  • Lov om barneverntjenester
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester.

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Internkontroll for Lom og Skjåk barnevern teneste 2012/2013, denne inneheld organisasjonskart, ansvars og oppgåvefordeling, delegasjonsregelment, rapporteringsrutinar, årshjul, samt erfaringar frå born og foreldre.
  • Årsmelding Skjåk kommune 2011
  • Skjema for bekymringsmelding
  • Skjema /mal for meldingsavklaring
  • Mal for attendemelding til meldar
  • Mal for avgjerd om bortlegging av melding
  • Skjema/mal av plan for gjennomføring av undersøking
  • Skjema / mal for oppmoding om opplysningar inkl. samtykke frå psykolog, skule, Nav, helsestasjon, Bup, barnehage, og PPT
  • Skjema/mal for avgjerd om bortlegging av undersøking
  • Skjema/mal for avgjerd om utvida undersøkingstid
  • Skjema/mal for vedtak
  • Skjema/mal for undersøkelsesrapport
  • Skjema/mal for tiltaksplan
  • Rutinehandbok for barnevern tenesta i Lom og Skjåk

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 10 barnevern mapper

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel sendt i brev datert 25.01.2012
  • Diverse mail og telefon samtalar for å avklare og sette opp dagsprogram.
  • Foreløpig rapport sendt kommunen i brev av

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Beate Stø

Leiar av barnevern tenesta

x

x

x

Mona Lena Tundrali

Barnevern konsulent

x

x

x

Yvonne Tuva

Barnevern konsulent

x

x

x

Unnvald bakke

Leiar for personal, kompetanse og utvikling

 

x

 

Jan Rune Fagermoen

Rådmann

x

x

x

Frå tilsynsorganet deltok:

Espen Bjorli, Inger Berg, Øystein Dahlberg og Jorunn Ødegårdstuen