Helsetilsynet

Fylkesmannen syner til tilsynet som vart gjennomført i Skjåk kommune 5. juni 2012. Kontaktperson frå kommunen var sakshandsamarane Marit Larsen og Guro G. Einbu. Rådgjevar Jens Fløtre og seniorrådgjevar Randi Marthe Graedler gjennomførte tilsynet. Tilsynet vart gjennomført ved Skjåkheimen.

Føremål og tema for tilsynet

Føremålet med tilsynet er å undersøkje om kommunen ivaretek behovet for avlastning til omsorgsytarar som har omsorg for eldre, uavhengig av om behovet blir dekt gjennom avlastningstiltak etter Helse- og omsorgstjenestelova § 3-2, nr. 6 bokstav d, eller som del av grunnlaget for å gje korttidsplass i sjukeheim etter same lov § 3-2, nr. 6 bokstav c.

Tema for tilsynet er reglane for sakshandsaming ved tildeling av avlastning til eldre.

- Utreiingsplikta – Følgjer av forvaltningslova §§ 16 og 17. Kravet er at saka skal vere så godt opplyst som mogleg før kommunen treff vedtak. Utreiiningsplikta skal bidra til at vedtaket blir gjort på riktig grunnlag og motverke at utilstrekkjelege og gale opplysningar blir lagt til grunn.

- Individuell vurdering – Tildeling av avlastning skal skje på grunnlag av ei konkret og individuell vurdering. Vurderinga skal byggje på opplysningane som er innhenta i utreiinga.

- Vedtak, grunngjeving, innhald og informasjon om klageadgangen – Vedtaket skal vere skriftleg, om det ikkje av praktiske omsyn er vanskeleg forvaltningsorganet. Grunngjevinga for vedtaket skal fylle krava i forvaltningslova § 25. Grunngjevinga skal vere slik at partane kan skjøne kva for hjelp dei har fått og kvifor dei har fått ho. Eventuelt om avslag er grunngjeve på ein slik måte at det er mogleg for partane å vurdere om det er grunnlag for å klage.

Oversikt over den skriftlige dokumentasjon vi har gjennomgått

Det vart etablert brukarkontor i Skjåk i februar 2011. Det er ein stillingsheimel ved kontoret, to personar i kvar si halve stilling.

Skjåk kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen og har vel 2.300 innbyggarar. Det er innvilga avlastning til to personer sidan 01.01.11.

Vi gjekk i gjennom 10 vedtak på korttidsopphald ved Skjåkheimen.

Funn og konklusjon

Tilsynet har følgjande kommentarar:

Utreiiningsplikta – Utreiinga blir gjort gjennom heimebesøk og samarbeid med heimetenesta. Vedtaka beskriv at det er gjort utreiing slik lova krev.

Individuell vurdering – Gjennomgåtte vedtak og samtale med sakshandsamarane gjer inntrykk av at det blir gjort individuelle vurderingar i kvar sak.

Vedtak, grunngjeving, innhald og informasjon om klageadgang

Grunngjevinga for eit vedtak skal innehalde:

1. Henvisning til lovheimel –Lovheimel er rett.

2. Beskriving av de faktiske forhold – Vedtaka vi gjekk igjennom inneheldt beskrivelser av dei faktiske forhold.

3. Utgreiing for utøving av skjønn – Helse- og omsorgstjenesteloven er ei utprega skjønnslov. Dette gjer at kommunen må vere ekstra tydelege når det gjeld å gjere greie for kva for vurderinger som er gjort i den einskilde sak. Grunngjevinga bør syne til kvifor helse- og sosialtenesta er kome til at dei tiltak som er gjeve er dei rette og kvifor det nok til å fylle det naudsynte behovet for hjelp. Vedtaka som vart gjennomgått synte at kravet er fylt.

Konklusjon

Fylkesmannen har ingen merknader til Skjåk kommune si handsaminga av søknader om avlastning til omsorgsytarar med omsorg for eldre.

Jens Fløtre
rådgiver

Randi Marthe Graedler
seniorrådgjevar