Helsetilsynet

Fylkesmannen syner til tilsyn som vart gjennomført i Vågå kommune 5. juni 2012. Kontaktperson frå kommunen var helsefagleg rådgjevar Inger Helene Brandsar. Rådgjevar Jens Fløtre og seniorrådgiver Randi Marthe Graedler gjennomførte tilsynet. Tilsynet vart gjennomført ved Vågåheimen.

Føremål og tema for tilsynet

Føremålet med tilsynet er å undersøkje om kommunen ivaretek behovet for avlastning til omsorgsytarar som har omsorg for eldre, uavhengig av om behovet blir dekt gjennom avlastningstiltak etter Helse- og omsorgstjenestelova § 3-2, nr. 6 bokstav d, eller som del av grunnlaget for å gje korttidsplass i sjukeheim etter same lov § 3-2, nr. 6 bokstav c.

Tema for tilsynet er reglane for sakshandsaming ved tildeling av avlastning til eldre.

- Utreiingsplikta – Følgjer av forvaltningslova §§ 16 og 17. Kravet er at saka skal vera så godt opplyst som mogleg før kommunen treff vedtak. Utreiiningsplikta skal bidra til at vedtaket blir gjort på riktig grunnlag og motverke at utilstrekkjelege og gale opplysningar blir lagt til grunn.

- Individuell vurdering – Tildeling av avlastning skal skje på grunnlag av ei konkret og individuell vurdering. Vurderinga skal byggje på opplysningane som er innhenta i utreiinga.

- Vedtak, grunngjeving, innhald og informasjon om klageadgangen – Vedtaket skal vere skriftleg, om det ikkje av praktiske omsyn er vanskeleg forvaltningsorganet. Grunngjevinga for vedtaket skal fylle krava i forvaltningslova § 25. Grunngjevinga skal vere slik at partane kan skjøne kva for hjelp dei har fått og kvifor dei har fått ho. Eventuelt om avslag er grunngjeve på ein slik måte at det er mogleg for partane å vurdere om det er grunnlag for å klage.

Oversikt over den skriftlige dokumentasjon vi har gjennomgått

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen og har vel 3700 innbyggarar.

Det er innvilga 54 søknadar om avlastning til personar som har omsorg for eldre sidan 01.01.11. Desse er fordelt på omlag 22 ulike personar. Tlsynet gjekk igjennom 9 vedtak om avlastning, 5 vedtak om korttidsopphald og 6 vedtak om avslag på avlastning. Det er gjeve 16 avslag på søknad om avlastning i same periode.

Sakshandsaminga skjer på det tverrfaglege vurderingsmøte ein gong i veka. Saka skal da vere ferdig utgreia når ho kjem til vurderingsteamet. Det blir skreve referat etter desse møta, der det vert skrive kva for konklusjonar som er teke i møtet. Helsefagleg rådgjevar skriv vedtaka på grunnlag av konklusjonane som er gjort på teammøte

Funn og konklusjon

Tilsynet har følgjande kommentarar:

Utreiiningsplikta – Det er vurderingsmøte ved sjukeheimen kvar veke. Det er i hovudsak på desse møta saka blir utreia. Sakene som vart gått igjennom inneheldt lite eller ingen dokumentasjon på utreiing. Det er ikkje skrive noko om dei faktiske forhold vedtaket byggjer på, som til dømes omsorgsbehovet, tyngda på omsorgsarbeidet, omsorgsytaren sin trong til avlastning, helsesvikt som utløyser særleg trong til hjelp eller annan avlastning. Dette er opplysningar kommunen skal hente inn for å kunne vurdere om søkjaren fyller vilkåra for å ha krav på avlastning. I nokre høve kan opplysningane finnes i søknaden, men når dei ikkje finst der, må kommunen sørgje for å skaffe naudsynte opplysningar. Dette gjeld og opplysningar om omfanget på tenesten det vert søkt om. Det skal gå fram av vedtaket at opplysningane ligg føre.

Individuell vurdering – Det er ikkje dokumentert at det er gjort individuelle vurderingar ved tildeling av avlastning.

Vedtak, grunngjeving, innhald og informasjon om klageadgang

Grunngjeving for eit vedtak skal innehalde:

1. Visning til lovheimel – Det er synt til rett lovheimel i dei vedtaka som vart gått igjennom.

2. Beskriving av dei faktiske tilhøva – Vedtaka som vart gått igjennom hadde kort grunngjeving. Det gjekk ikkje fram av grunngjevinga kvifor vilkåra for å få tenesta var oppfylt, eller om den hjelpa som vart gjett var nok til å dekkje behovet. Det var difor ikkje dokumentert at kommunen hadde gjort god nok vurdering av situasjonen til omsorgsytar og han som treng hjelpa.

3. Utgreiing for utøving av skjønn – Helse- og omsorgstenestelova er ei utprega skjønnslov. Dette krev at kommunen er ekstra tydeleg når det gjeld å gjere greie for kva for vurderingar som er gjort i den einskilde sak. Grunngjevinga bør syne til kvifor helse- og sosialtenesta er kome til at det er riktig å gje dei tenestene som er gjett og kvifor det innvilga tilbodet er tilstrekkjeleg til å gje forsvarlege tenester. Det var ikkje gjort godt nok greie for utøving av skjønnet i dei sakene som vart gått igjennom.

Konklusjon

Tilsynet slår fast at sakshandsaminga av søknader om avlastning til personer som gir omsorg til eldre ikkje fyller krava i lova. Vi syner til det som er sagt over og ber kommunen følgje opp det som er påpeika.

Jens Fløtre
rådgjevar

Randi Marthe Graedler
seniorrådgjevar