Helsetilsynet

Samandrag

Statens helsetilsyn gjennomfører ei fireårig satsing på tilsyn med helse- og  omsorgstenester til eldre (2009 – 2012). Det vert i denne perioden gjennomført fleire landsomfattande tilsyn med ulike tema. Kommunen sitt rehabiliteringstilbod til eldre er eit tilsynstema som er vald ut.

I Rogaland vart det gjennomført tilsyn med dette temaet i 3 kommunar i 2010 og ytterligare 3 kommunar i 2011. I 2012 er det planlagt tilsyn med same tema i ytterlegare 2 kommunar, kor tilsynet i Vindafjord er det eine.

Tilsynet i Vindafjord kommune er gjennomført ved Ølen omsorgssenter, sone 4 og sone 5.

Tema for tilsynet var korleis Vindafjord kommune gjennom systematisk styring og forbetring sikrar at eldre pasientar innlagt i sjukeheimen får eit forsvarleg rehabiliteringstilbod.

Tilsynet fokuserte på følgjande fasar i rehabiliteringsprosessen:

  • Utgreiing av behov for rehabilitering
  • Målsetting for, og planlegging av, rehabiliteringa
  • Gjennomføring og evaluering av rehabiliteringstiltak
  • Utskriving / avslutning

Rehabilitering er ein samarbeidsprosess mellom ulike fagpersonar som hjelper pasienten i å nå sine mål. Forsvarleg rehabilitering i sjukeheim inneber ein plikt til å ha tilstrekkeleg og kvalifisert personell som arbeider saman om felles mål.

Ved tilsynet i Vindafjord kommune vart det påpeikt eit avvik. Avviket var:

  • Vindafjord kommune sikrar ikkje at alle pasientane ved Ølen omsorgssenter får forsvarleg rehabilitering

Dato: 11.10.2012

Anne Barkve Andersen
revisjonsleiar

Ole Mathis Hetta
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Ølen omsorgssenter i perioden 08.06.2012  - 11.10.2012. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helse - og omsorgstenesta.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold/H2>

Vindafjord kommune har vel 8000 innbyggjarar. Kommunen har to sjukeheimar. Det er Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter. Leiar for sjukeheimen er og leiar for heimesjukepleien. Pleiepersonellet har ansvar og oppgåver både overfor pasientar i sjukeheimen og dei som får heimesjukepleie.

Einingsleiar i sjukeheimen rapportar til kommunalsjef.  Legar og fysioterapeut som gir tenester i sjukeheimen er organisert under einingsleiar helse og psykiatri, som også rapporterar til kommunalsjef.

Rådmannsnivået er organisert med ein rådmann og to kommunalsjefar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 08.06.2012. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 10.10.2012.

Intervju

14 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 11.10.2012.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var korleis Vindafjord kommune gjennom systematisk styring og kontroll sikrar rehabiliteringstilbodet til eldre pasientar innlagt i sjukeheimen.

Tilsynet omfatta  både pasientar som var innlagt med rehabilitering som føremål, andre korttidspasientar og langtidspasientar.

Tilsynet fokuserte på følgjande fasar i rehabiliteringsprosessen:

  • Utgreiing av behov for rehabilitering
  • Målsetting for, og planlegging av, rehabilitering
  • Gjennomføring og evaluering av rehabiliteringstiltak
  • Utskriving / avslutning

5. Funn

Avvik:
Vindafjord kommune sikrar ikkje at alle pasientane ved Ølen omsorgssenter får forsvarleg rehabilitering

  • Det er avsett lite fysioterapiressursar i sjukeheimen: 5 t/ uke på 32 pasientar. Stort fråver hos fysioterapeut siste år gjer at tilbodet i denne perioden fleire gonger har vore redusert eller fråverande.
  • Sjukeheimen har tilsett ergoterapeut, men denne vert kun nytta i dagavdelinga.
  • Fordi det ikkje er tilsett ergoterapeut ved sjukeheimen, må fysioterapeuten bestille og tilpasse hjelpemiddel til pasientane. Dette tek mykje av fysioterapeuten si tid.
  • Lite fysioterapi ressursar vert i ei viss grad kompensert ved at pleiepersonellet tek hand om pasientane sitt rehabiliteringsbehov. Tidspress fører til at dette ikkje alltid kan gjeras.
  • Kommunen har problem med å rekruttere sjukepleiarar. Det er difor hyppig bruk av tilfeldige vikarar. Dette er til hinder for kontinuiteten i tilbodet.
  • Sjukeheimen har ressurspersonar som har ansvar for å bestille hjelpemidlar . Dette er pleiepersonell og denne oppgåva går av den tida ein har til disposisjon til pleieoppgåver.
  • Lege og fysioterapeut blir i liten grad involvert i drift og utvikling av sjukeheimen
  • Legeressursane er knappe
    • det er ikkje tid for legane til å ivareta personalet sitt opplæringsbehov
    • legane har ikkje ressursar til å ta del i utvikling av rutinar ved sjukeheimen
  • Det tverrfaglige samarbeidet i sjukeheimen er tilfeldig og ikkje formalisert
    • Det er ikkje eit strukturert opplegg for tverrfagleg utgreiing av pasientane
    • Det vert ikkje sette tverrfaglege mål og forslag til tiltak for rehabilitering av pasientane
  • Kommunen har ikkje avsett eigne plassar til pasientar som treng rehabilitering i sjukeheim. Korttidsplassane som desse pasientane blir tildelt, er fordelt på fleire avdelingar og to sjukeheimar. Dette gjer at dei tilsette får lite erfaring med denne typen pasientar. Fleire meiner at denne organiseringa er til hinder for eit fagleg godt rehabiliteringstilbod.
  • Einingsleiar for sjukeheimen er og leiar for heimesjukepleia. Pleiepersonellet har ansvar og oppgåver både for pasientar i sjukeheimen og dei som får  heimesjukepleie. Fleire vurderer denne organiseringa som uhensiktsmessig. Organiseringa gjer at det blir vanskeleg å sikre kontinuiteten i pleietilbode og at den er til hindre for fagleg fordjuping.  
  • Kommunen har nylig tatt i bruk eit nytt avvikssystem. Det er gitt opplæring i systemet, men fleire seier at dei ikkje kan bruke det. Avvik som handlar om rehabilitering vert ikkje rapportert.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m. m,(helsetilsynsloven)
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester m. m (helse- og omsorgstjenesteloven)
  • Lov av 2. juli 1999 om helsepersonell
  • Lov av 2. juli 1999 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
  • Forskrift av 20. desember 2002 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 16. desember 2011 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift av 21. desember 2000 om pasientjournal
  • Forskrift av 27. juni 2003 om kvalitet i pleie og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 12.11 2010 om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart Vindafjord kommune
  • Organisasjonskart helse og omsorg
  • Vidaredelegering etter særlov i helse-og omsorgstenestene
  • Delegasjon avdelingsleiar
  • Delegasjon sakshandsamar
  • Stillingsbeskrivelse tilsynslege
  • Oversikt over tilsette i sjukeheimen
  • Forflytningsplan
  • Prosedyre forflytningsplan
  • Samarbeidsavtale mellom hjelpemiddelsentralen og kommunen
  • Tidlegvarsling 24 timar
  • Avtale om hjelpemidler
  • Prosedyre mottak av pasient fra sjukehus
  • Samhandling mellom sakshandsamar i Vindafjord kommune og legetenesten i forbindelse med samhandlingsreforma
  • Søknad om varig lån av tekniske helpemidler
  • Saksgang i tidlegvarsling i Vindafjord kommune
  • Tilvisning av bebuere til fysioterapi ved ØO/VT
  • Omtale av journalsystemet
  • Fysioterapiplan
  • Mandat kvardags/rehabilitering
  • Årsmelding 2011

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 14 journalar vart gjennomgått
  • Rutine : Brevtilsyn helse- og omsorg

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • 08.06.2012 Varsel om tilsyn
  • Oversending av dokumentasjon til tilsynet
  • Oversending av program for tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Synnøve Brendsdal

Einingsleiar helse og psykiatri

 

Tlf.intervju 05.12.2012

 

Gunn Vikingstad

Kommunalsjef

 

Tlf.intervju 08.10.2012

 

Evelyn Alvseike

Einingsleiar i sjukeheimen

x

x

x

Vibeke Skjold

Avdelingssjukepleiar sone 5

x

x

x

Grethe Iren Steinnes

Sjukepleiar

x

x

 

Lillian Mo

Assistent

x

x

x

Liv Marit Berge

Teamsjukepleiar

x

x

x

Ruth Økland

Avdelingssjukepleiar sone 4

x

x

x

Anne Grethe Skartland

Hjelpepleiar

 

x

x

Emy Kirkhus Dale

Fysioterapeut

x

x

x

Knut Omdal

Tilsynslege

x

x

 

Mark Amend

Tilsynslege

x

x

 

Tore Håland

Kommunelege

x

x

 

Synnøve E. Steinsland

Sykepleier med videreutdanning i rehabilitering

 

x

 

Frå tilsynsorganet deltok:
Ole Mathis Hetta - seniorrådgjevar/ lege
Sissel Kjøde - rådgjevar / sjukepleiar og jurist
Anne Barkve Andersen – seniorrådgjevar  / sjukepleiar  - revisjonsleiar