Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte.

Systemrevisjonen omhandla følgjande område:

  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram (KVP).

Tilsynet undersøkte om kommunen sikrar at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for aktuelle deltakarar, om det blir gitt tilstrekkeleg informasjon om tenesta, og om det blir gjort forsvarlege kartleggingar, vurderingar og avgjersler ved behandling av søknader om KVP.

Vidare undersøkte vi om innhaldet og omfanget av programma er forsvarlege, og om oppfølginga av brukarane er forsvarleg.

Det blei funne 1 avvik under systemrevisjonen. Det blei ikkje gitt merknad.

Dato: 13.01. 2014

Pål Iden
avd.direktør

Lillian K. Gjennestad
revisjonsleiar

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nav Sokndal, Sokndal kommune, i perioden 17.09.13 -  13.1.2014. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 9.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Ved revisjonen blei følgjande forhold undersøkt:

  • kva for nokre tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor temaet som tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og ev korrigerte ved behov
  • om tiltaka er gode nok til å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig vurdering av tilstanden på det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike potensial for betring.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sokndal kommune har knapt 3300 innbyggjarar. Nav-kontoret blei opna i 2009 og har på tilsynstidspunktet 3,05 stillingar inklusiv leiar. Nav-leiaren har det administrative og faglege ansvaret for kontoret. Nav-kontoret er plassert direkte under rådmannen. Følgjande kommunale tenester er lagt til Nav-kontoret: råd og rettleiing, økonomisk stønad og råd og rettleiing i forhold til gjeldsrådgjeving, formidling av bustad og oppfølging av vanskelegstilte på bustadmarknaden, introduksjonsordning for flyktningar, bustønad og Husbanken sine låne- og tilskottsordningar. Arbeidet med kvalifiseringsprogrammet er i utgangspunktet lagt til 2 rettleiarar. Alle vedtak på kommunale tenester blir underteikna av rettleiar og Nav-leiar. 

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 17.09.13. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag, punkt 7.

Opningsmøte blei halde tysdag 26.11.13.

Intervju

4 personar blei intervjua. Namn på dei som blei intervjua er gitt under punkt 8.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag, punkt 7.

Sluttmøte blei halde torsdag 28.11.13.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var om kommunen sikrar forsvarleg tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram, mellom anna:

  • Om aktuelle kandidatar blir identifisert og får tilstrekkeleg informasjon om KVP
  • Om det blir gjort forsvarleg kartlegging og vurdering, og om avgjerdene som blir tatt ved behandling av søknader om KVP er forsvarlege
  • Om KVP blir sett i verk innan tidsfristen
  • Om programmet er individuelt tilpassa
  • Om programmet inneheld arbeidsretta tiltak, arbeidssøking og ev andre tiltak
  • Om programmet er heilårleg og på full tid
  • Om programmet blir evaluert og justert ved behov, og om tid for evaluering går fram av programmet, og
  • Om det blir gitt forsvarleg oppfølging av deltakarane

5. Funn

Det blei funne 1 avvik:

Sokndal kommune sikrar ikkje forsvarleg gjennomføring av kvalifiseringsprogram.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga §§ 4, 5 og 30, jf. forskrift om kvalifiseringsprogram og –stønad §§ 1 og 2 og forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga §§ 4 og 5.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Ein gjennomgang av brukarmapper viste at det i fleire saker ikkje går fram av programma, og heller ikkje av annan dokumentasjon, at programma er på full tid (37,5 timar per veke)
  • Vidare viste det seg at fleire program ikkje inneheld arbeidssøking
  • Det går ikkje fram av brukarmappene at det er gjort tilstrekkelege evalueringar i alle saker, og det er ikkje sett tidspunkt for evaluering i programma
  • I 2 saker mangla program, og i 1 sak var programmet utarbeidd fleire månader etter at tiltaket var starta opp
  • Kommunen har ikkje laga skriftlege prosedyrar for gjennomføring av kvalifiseringsprogram
  • Kommunen sikrar ikkje at tiltaksarrangørar gir forsvarleg oppfølging av deltakarar i arbeidsretta tiltak, og det er uklare ansvarsforhold med omsyn til oppfølging av andre aktuelle tiltak som inngår i programma
  • Leiinga utførar ikkje systematisk kontroll med gjennomføring av kvalifiseringsprogram. Det går ikkje fram av brukarmapper eller journalnotat at det er gitt forsvarleg oppfølging i alle saker
  • Kommunen har ikkje internkontrollsystem, og heller ikkje system for handsaming av avvik på det reviderte området
  • Tilsette har ikkje fått opplæring i kva tid det skal meldast avvik og det blir i praksis ikkje meldt avvik på dette området

6. Vurdering av kommunens styringssystem

På tilsynstidspunktet hadde ikkje Sokndal kommune eit avvikssystem på det reviderte området. Det blei opplyst i intervju at kommunen no er i ferd med å utarbeide eit internkontrollsystem. Det blei opplyst at det statlege avvikssystemet blei nytta, men det var ikkje meldt avvik på området kvalifiseringsprogram.

7. Regelverk

  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Lov om arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad
  • Forskrift til forvaltningslova
  • Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Forskrift om rammer for delegering mellom stat og kommune om utføring av oppgåver i dei felleslokale kontora i arbeids- og velferdsforvaltninga


8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart/-oversikt over kommunen
  • Organisasjonskart/-oversikt over Nav Sokndal
  • Delegasjon av mynde
  • Oversikt over tilsette på Nav Sokndal
  • Samarbeidsavtale mellom kommunen og Nav fylket
  • Driftsavtale for drift av felles Nav-kontor mellom Sokndal kommune og Nav Rogaland
  • Årsmelding Sokndal kommune 2012
  • Kompetanseplan for Nav Sokndal 2011
  • 6 mapper på brukarar som har fått tildelt kvalifiseringsprogram
  • Oversikt over mottakarar av sosialhjelp i 2012 og 2013, kor brukarar som dei tilsette meiner er langtidsmottakarar av økonomisk stønad er merka

Dokumentasjon som blei ettersendt:

  • 9 mapper på brukarar som har mottatt sosialhjelp i lengre tid

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Diverse e-postar angåande praktisk gjennomføring av tilsynet

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
Navn Funksjon / stilling Åpningsmøte Intervju Sluttmøte

Edland-Hansen, Torill June

Rettleiar

X

X

X

Håland, Kjell

Nav-leiar

X

X

X

Rekeland, Jostein B.

Rettleiar

X

X

X

Sørensen, Dag

Rådmann

X

X

X

Andresen, Birgitte H.

Rettleiar

   

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Gunn Idland, revisor
Torunn Salte, revisor og Lillian K. Gjennestad, revisjonsleiar

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2013–14 Kvalifiseringsprogrammet

Søk