Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bergen, 25. september 2012 

Pasientar med kolorektal kreft blir proriterte på Vestlandet

Sommaren 2011 blei det stilt krav om at pasientar med kreft skulle få starta behandling innan 20 dagar. Etter dette har dei fire største sjukehusa i Helse Vest gjort mykje for å etterleve nye krav for pasientar som har kreft i tjukktarm eller endetarm (kolorektal kreft). Forløpstidene varierer og det er ikkje alle som er klar til å starte behandling innan 20 dagar. Dei fire sjukehusa vi har ført tilsyn med, prioriterer og gjer likevel utgreiinga av denne pasientgruppa innan forsvarleg tid. Alle sjukehusa arbeidde med å forbetre pasientflyt og kan gjere meir for å redusere tida. Utfordringane er størst ved dei to største sjukehusa, Haukeland universitetssjukehus g Stavanger universitetssjukehus. Der er det liten kapasitet og organisatoriske utfordringar som dei på ulike måtar har kompensert for. Det var ikkje mogeleg å få ut lister i DIPS/SAP over forløpstidene då vi gjennomførte tilsynet. Dei førte difor manuelle lister og det var vanskeleg å ha oversikt. Alle var i startfasen av å etablere ordninga med kreftkoordinator for å sikre flyten og for at pasientane skulle ha ein dedikert person dei kunne kontakte ved behov.

Bakgrunn

På oppdrag frå Statens helsetilsyn gjennomførte vi i 2012 tilsyn med dei fire største sjukehusa i Helse Vest. Helsetilsynet gjennomførte i 2009 ei nasjonal risikovurdering av kreftbehandling (Rapport frå Helsetilsynet 4/2010). For sein diagnose var den faktoren som blei vurdert som den viktigaste uønskte hendinga. Kolorektal kreft er ei hyppig kreftform både hos menn og kvinner. Med denne grunngjevinga blei temaet og innrettinga for dette tilsynet valt.

Sommaren 2011 kom det eit politisk krav frå Helse og omsorgsdepartementet (HOD) om forløpstider i kreftbehandlinga. Det skal ikkje gå meir enn 20 arbeidsdagar frå sjukehuset tek imot ein henvisning til behandling er starta. Dette kravet er ikkje lovfesta. Som tilsynsmynde har vi brukt dette som retningsgjevande, men konkludert ut frå undersøkingar om pasientane har fått eit forsvarleg forløp ut i frå dei symptom og funn dei har presentert då dei blei henviste og under utgreiinga. Vi har og avdekt uønska konsekvensar av 20-dagarsregelen som bør følgjast nøye.

Tilsynsområde

Ved dette tilsynet undersøkte vi om pasientar får utgreiing og behandling innan forsvarleg tid:

  • forsvarleg mottak, registrering og vidareformidling av henvisningar
  • forsvarleg vurdering og prioritering av henvisningar
  • forsvarleg føring av ventelister og pasientlogistikk
  • nødvendig helsehjelp innan fastsett frist
  • forsvarleg utredning, diagnostisering og iverksetting av behandling

Fire sjukehus har hatt tilsyn i 2012

I Helse Vest er tilsynet gjennomført i alle tre fylka

Helse Førde HF:  Førde sentralsjukehus

Helse Bergen HF:  Haukeland Universitetssjukehus

Helse Stavanger:  Stavanger Universitetssjukehus

Helse Fonna HF:  Haugesund sjukehus

Rapportane frå kvart tilsyn er tilgjengelege på www.helsetilsynet.no eller www.fylkesmannen.no.

Den nasjonale prioriteringsrettleiarane blir brukt

Alle sjukehussa brukte prioriteringsrettleiarane. Det var dei mest erfarne legane som føretok prioriteringa og det var ikkje usemje om desse.

Mange gav uttrykk for at 20-dagarsregelen passa og var mogeleg å etterleve for kolorektal kreft, men at han førte til endringar i ventetid for andre grupper med tarmsjukdom og at regelen ikkje passa for alle kreftformer og burde nyanserast.

Prioritering av kreftpasientar har gått ut over kronikarane

Coloskopikapasiteten er sprengt. Ved alle sjukehus kunne dei vise til at ventetid til coloskopi for pasientar med kroniske inflammatorisk tarmsjukdom var blitt lenger. Årsaka var at kreftpasientane blei prioriterte. Det var ingen som var usamd i at kreft skulle ha prioritet. Likevel kan det vere ei stor påkjenning og innebere betydeleg tap i livskvalitet å ha ein kronisk tarmsjukdom. Dei viste og til at dei ikkje lenger klarte å halde den tilrådde tida for kontroll med coloskopi. Det gjeld grupper som har auka risiko for tarmkreft. Det kan innebere at funn/mistanke om kreft ikkje blir fanga opp så tidleg som før, med påfølgande risiko for tap av prognose. Det går opptil eit halvt år lenger mellom kontrollane no enn før 20-dagarsregelen  og det som er dei faglege tilrådingane. Vi meiner dette er ein uheldig konsekvens av ordninga og at merksemda på denne og evt andre konsekvensar av 20- dagasregelen må følgjast nøye. Det var og fleire som meinte at kanskje terskelen for coloskopi var for låg, mange møtte ikkje opp til timen og at dette var årsak til at ventetidene for andre enn pasientar med mistanke om kreft blei lengre enn tilrådd.

Private gastroenterologar er viktige, men samarbeidet bør formaliserast

I Stavanger og særleg i Bergen var coloskopikapasiteten for liten i høve til pågangen. I tillegg til kveldspoliklinikk, var dei heilt avhengig av at private gatroenterologar utførte coloskopiar. Det var ikkje formaliserte avtalar mellom dei, men med jamne mellomrom bad dei om hjelp til å gjennomføre undersøkingar av pasientar som sjukehuset fekk henvist. Det var ikkje vanleg å oversende pasientar der det var mistanke om kreft. I Bergen var det praksis at dei fleste fastlegane henviste pasientar med alarmsymtom og andre til coloskopi hos dei private gastroenterologane fordi dei visste at det gav kortast ventetid.

Dei private var ikkje del av tilsynet. Vi fekk derfor ikkje tilgang til datoar for når henvisningane var mottatt i spesialisthelsetenesta i Bergensområdet, og tilsynet fekk derfor ikkje den same oversikten over forløpstider for pasientane på Haukeland Universitetssjukehus.

Av denne grunn kontakta vi to av tre private gastroenterologar med driftsavtale. Dei seier at dei får pasientar overført frå sjukehuset og følgjer prioriteringsrettleiaren. Dei har som oftast ledig tid til å undersøke pasientar med sterk mistanke om kreft innan ei veke. Når sjukehuset er så avhengig av dei private som dette, meiner vi Helse vest burde ta initiativ til å formalisere samarbeidet. Det vil gi pasientane betre rettar.

Kvaliteten på henvisningar frå fastlegane kan bli betre

Mange henvisningar frå fastlegane inneheld lite opplysningar og gjer prioriteringane vanskelege for spesialisthelsetenesta. Dette fører truleg til fleire coloskopiar enn naudsynt.

Per Stensland (sign)
Fylkeslege i Sogn og Fjordane

Helga Arianson (sign)
Fylkeslege i Hordaland

Pål Iden (sign)
Fylkeslege i Rogaland