Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Førde kommune, Førde Helsetun, 14.05.2012 – 25.09.2012. Rapporten gjer greie for funn på området det var gjort tilsyn med.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område:

Helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasient og brukarrettar kapittel 4A, til pasientar i sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke om Førde kommune:

  • sikrar at motstand mot helsehjelp hos pasientar vert identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse vert vurdert sikrar at tillitsskapande tiltak vert forsøkt før tvungen helsehjelp vert gjennomført sikrar at det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn i 2012 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje funne avvik eller gitt merknader under tilsynet i Førde kommune.

Dato: 25.09.2012

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Tom Debu Nesvåg
revisor

 

Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Førde kommune, Førde Helsetun, 14.05.2012- 25.09.2012. Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn med kommunale helsetenester i 2012 og er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.

Fylkesmannen har heimel til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenesta § 2.

Tilsynet vart utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda, gjennom internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om eventuelle merknader og/eller avvik som er avdekte under revisjonen av desse punkta og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynslaget finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av kommunen

Førde Helsetun ligg i sentrum av Førde kommune. Rådmannen er øvste leiar i kommunen. Ein av kommunalsjefane har ansvar for blant anna pleie- og omsorgstenestene. Kommunalsjefen rapporterer til rådmannen.

Helsetunet har 76 plassar fordelt på tre einingar med kvar sin einingsleiar. Einingsleiarane rapporterer direkte til kommunalsjefen. Ei av einingane er ei skjerma eining med 16 plassar. Det er tilsett to tilsynslegar ved Helsetunet. Ein lege har ansvar for eining 2 og skjerma eining. Han har avtale om å vere til stades sju timar kvar veke og går visitt kvar onsdag. Utover dette er han tilgjengelig etter behov. Den andre legen har ansvar for eining 3. Han er til stades seks timar kvar veke. Legane samarbeider og dekkjer opp for kvarandre i ferier og ved anna fråvær.

Førde Helsetun er utviklings- og undervisningssjukeheim i Sogn og Fjordane og skal vere ein ressurs for andre sjukeheimar i fylket.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

Systemrevisjonen omfatta følgjande:
AktivitetDatoKommentar

Melding om tilsyn

14.05.2012

 

Opningsmøte

29.08.2012

 

Omvising

29.08.2012

 

Intervju

29. og 30.08.2012

10 personar blei intervjua

Verifikasjon

29. og 30.08.2012

 

Sluttmøte

30.08.2012

 

 

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Førde kommune, Førde Helsetun, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasienten blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak blir prøvd før somatisk helsehjelp blir gitt med tvang
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller gitt merknader under tilsynet i Førde kommune.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Dokument

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, sendt over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Årsrapport Førde kommune 2011
  • Organisasjonskart Førde kommune
  • Liste over tilsette ved sjukeheimen per mai-12 med profesjon og stillingsstorleik
  • Utdrag frå kvalitetssikringssystemet til skjerma eining, eining 2 og eining 3 ved Førde Helsetun som viser ansvar, mynde og oppgåvedeling
  • Velkomsthefte Førde Helsetun som vert gjeve til nye tilsette.
  • Innhaldsliste over det interne kvalitetsstyringssystemet til einingane ved Førde Helsetun.
  • Rutinar for tvangsvedtak
  • Retningsliner for låsing av dører ved Førde Helsetun
  • Skjema som vert brukt knytt til vurdering av samtykkekompetanse
  • Internkontroll Førde kommune - arbeidshefte
  • Opplæringsplan 2012 – Førde kommune
  • Metode for manglande samtykkekompetanse
  • Praktisk gjennomføring av metode

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Avviksperm for eining 2 (2011 og 2012)
  • Avviksperm for skjerma eining (2012)
  • Medikamenthandteringsskjema for ein pasient
  • 20 pasientjournaler

Vi fekk omvisning ved Førde Helsetun.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

  • 14.05.2012 melding til Førde kommune om tilsyn
  • 06.07.2012 dokumentasjon til tilsynet frå Førde kommune
  • 20.08.2012 utkast til program for tilsynet
  • 28.08.2012 dokumentasjon til tilsynet frå Førde kommune
  • Diverse e-postar som omhandlar tilsynet (endring av program og praktiske opplysningar mm.)
  • 05.09.2012 Førebels rapport

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Catrine Andersen

Utviklingskoordinator

fagutvikling

X

-

X

Kurt Even Andersen

Kommunalsjef

X

X

X

Ingunn L. Horne

Hjelpepleiar avdeling 2

X

X

X

Anita E. Hole

Sjukepleiar avdeling 2

X

X

X

Gunnvor Solheim Hjelkrem

Einingsleiar skjerma

eining

X

X

X

Annelin Gjerland

Hjelpepleiar skjerma

eining

X

X

-

Una Holmelid

Konstituert einingsleiar

eining 2

X

X

X

Iren Myklebust

Arbeidsleiar eining 3

X

-

X

Gunn Beathe Bruland

Einingsleiar eining 3

X

-

X

Helge Bell

tilsynslege

X

X

X

Gunnlaug Silden

Sjukepleiar eining 2

-

X

-

Agnar Atle Ullaland

Hjelpepleiar skjerma

eining

-

X

-

Jorunn Gjerde

Sjukepleiar skjerma

eining

-

X

X

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:

Tom Debu Nesvåg, revisor

Annelise Skeie, revisor

Beate Tollefsen, revisjonsleiar