Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Solund kommune, Solundheimen, 22. og 23.08.2012. Rapporten gjer greie for funn på området det var ført tilsyn med.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område:

Helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasient og brukarrettar kapittel 4A, til pasientar i sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke om Solund kommune:

  • sikrar at motstand mot helsehjelp hos pasientar vert identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse vert vurdert
  • sikrar at tillitsskapande tiltak vert forsøkt før tvungen helsehjelp vert gjennomført
  • sikrar at det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn i 2012 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje funne avvik eller gitt merknader under tilsynet i Solund kommune.

Dato: 24.09.2012

 

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

 

Tom Debu Nesvåg
revisor

 

Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Solund kommune, Solundheimen, 15.05.2012 – 24.09.2012. Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn med kommunale helsetenester i 2012 og er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenesta § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

I rapporten blir det gjort greie for eventuelle merknader som er gitt eller avvik som er avdekte under revisjonen, og gir ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynslaget finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av kommunen

Solundheimen ligg i Solund kommune i kommunesenteret Hardbakke. Sjukeheimen har 18 plassar fordelt på tre avdelingar. Pasientar som er senil demente vert plassert i avdeling A, men avdelinga er ikkje definert som demensavdeling.

Administrasjonssjefen er øvste leiar i kommunen. Helse- og omsorgsleiar er blant anna leiar for tenestene ved Solundheimen og for tilsynslegen. Ved Solundheimen er det ein avdelingsleiar som har ansvar for dei tre avdelingane og som rapporterer til helse- og omsorgsleiar. To legar deler på oppgåvene i Solund kommune. Den eine tilsynslegen ved Solundheimen er tilsett i 67% stilling som kommunelege, i tillegg kjem vaktberedskap. Han har visitt på Solundheimen tysdag veke 1 og 2. Den andre legen er tilsett i 33% stilling, i tillegg kjem vaktberedskap. Han har ikkje visitt på Solundheimen, men er til stades på legekontoret onsdag i den veka han er i Solund kommune. Legane er tilgjengelege for Solundheimen etter behov.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

Systemrevisjonen omfatta følgjande

AktivitetDatoKommentar

Melding om tilsyn

15.05.2012

 

Motteke dokumentasjon frå

kommunen

13. og 14.08.2012

 

Opningsmøte

22.08.2012

 

Omvising

22.08.2012

 

Intervju

22. og 23.08.2012

9 personar blei intervjua

Verifikasjon

22.og 23.08.2012

 

Sluttmøte

23.08.2012

 

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Solund kommune, Solundheimen, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasienten blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak blir prøvd før somatisk helsehjelp blir gitt med tvang
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller gitt merknader under tilsynet i Solund kommune.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, sendt over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Oversikt over tilsette
  • Rutine ved bruk av tvang etter lov om pasient- og brukarrettar kap. 4A
  • Skjema for melding om vedtak etter lov om pasient- og brukarrettar kap. 4A
  • Vedtaksskjema
  • Stillingsomtalar:
    • Felles for alle stillingar ved Solundheimen
    • Avdelingssjukepleiar
    • Sjukepleiar
    • Hjelpepleiar/omsorgsarbeidar
    • Assistent
  • Skriv om opplæring og kompetanseplan
  • Informasjon/opplæring til personalet om helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp mv. (tvang)
  • Årsmelding 2011 (utdrag)
  • Kompetanseplan for Solund 2008-2020 Samfunnsdelen

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Pasientperm til pasient med vedtak etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A
  • Perm med referat frå avdelings- og personalmøte
  • To avvikspermar
  • Perm med rutinar og informasjon
  • Skjema med oversikt over tilsette som har delteke på opplæring i kapittel 4A
  • 17 pasientjournalar
  • Vi fekk utdelt organisasjonskart over helsetenesta og brosjyra Velkomen til Solundheimen.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

  • 15.05.2012 melding til Solund kommune om tilsyn
  • 13., 14. og 16.08.2012 e-postar med dokumentasjon til tilsynet frå Solund kommune
  • 15.08.2012 utkast til program for tilsynet
  • Diverse e-postar som omhandlar tilsynet (endring av program og praktiske opplysningar mm.)
  • xx.xx.2012 Førebels rapport

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Liv Hilstad

helse- og omsorgsleiar

X

X

X

May-Britt S. Kalgraff

hjelpepleiar

X

X

X

Stine Sundal

lærling/assistent

X

X

-

Doris Steinsund

sjukepleiar

X

X

X

Evy Skogen

avdelingssjukepleiar

X

X

-

Randi Sundal

fagarbeidar

X

X

X

Leif Martin Skjærstad

tilsynslege

X

X

X

Erik Askeland

administrasjonssjef

X

X

X

Kyle Hermosisima

helsefagarbeidar

-

X

X

Marit Utvær

tidlegare helse- og omsorgsleiar

X

-

-

Ingunn Kråkås Mjåtvet

tidlegare konstituert helse- og omsorgsleiar

X

-

-

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:
Tom Debu Nesvåg, revisor
Annelise Skeie, revisor
Beate Tollefsen, revisjonsleiar