Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Stryn kommune, Stryn omsorgssenter, 25. og 26.04.2012. Denne rapporten gjer greie for funn på området det var ført tilsyn med.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område:

Helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasient og brukarrettar kapittel 4A, til pasientar i sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke om Stryn kommune:

  • sikrar at motstand mot helsehjelp hos pasientar vert identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse vert vurdert
  • sikrar at tillitsskapande tiltak vert forsøkt før tvungen helsehjelp vert gjennomført
  • sikrar at det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn i 2012 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje funne avvik under tilsynet i Stryn kommune. Dato: 26.06.2012

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Tom Debu Nesvåg
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Stryn kommune, Stryn omsorgssenter, 26.01. – 25.06.2012. Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn med kommunale helsetenester i 2012 og er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenesta § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynslaget finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av kommunen

Stryn omsorgssenter ligg i Stryn sentrum i Stryn kommune. Omsorgssenteret har 50 plassar fordelt på tre avdelingar. Ei av avdelingane er skjerma eining for senil demente.

Rådmannen er øvste leiar i kommunen. Helse- og omsorgssjefen er blant anna ansvarleg for pleie- og omsorgstenestene. Områdeleiar er administrativt og fagleg ansvarleg på omsorgssenteret og rapporterer til helse- og omsorgssjefen. Det er ein avdelingsleiar på kvar av dei tre avdelingane. Dei rapporterer til områdeleiar. Områdeleiar er også næraste leiar for tilsynslegen og turnuskandidaten. Tilsynslegen har om lag 24 % stilling og er på omsorgssenteret måndag og torsdag formiddag og kan utover det kontaktast ved behov. Turnuslegen er på omsorgssenteret kvar tysdag.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

Melding om tilsyn 26.01.2012

Motteke dok. frå kommunen 21.03.2012

Opningsmøte 25.04.2012

Omvising 25.04.2012

Intervju 25. og 26.04.2012 10 personar blei intervjua

Sluttmøte 26.04.2012

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er teke inn i kapitlet om dokumentunderlag

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Stryn kommune, Stryn omsorgssenter, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasienten blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak blir prøvd før somatisk helsehjelp blir gitt med tvang
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik under tilsynet i Stryn kommune.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, sendt over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart (3 nivå)
  • Årsmelding for helse- og sosialsektoren 2010 med vedlegg
  • Årsmelding for helse- og sosialsektoren 2011 med vedlegg
  • Grunnlag for årsrapport 2011 frå Stryn omsorgssenter
  • Oversikt over tilsette ved Stryn omsorgssenter
  • Stillingsomtale for områdeleiar, assisterande områdeleiar og for avdelingssjukepleiar i institusjon
  • Funksjonsomtale for off. godkjend sjukepleiar i institusjon/open omsorg, for godkjend hjelpepleiar/omsorgsarbeidar med fag brev i institusjon/open omsorg
  • Oppdatert oversikt pr. januar 2012 over ansvarsområde og omfang – leiarar ved Stryn Omsorgssenter/institusjon
  • Velkomen til Stryn omsorgssenter (informasjonsfaldar til brukarar og pårørande)
  • Velkomen til Stryn omsorgssenter (informasjonsfaldar til faglært personale)
  • Velkomen til Stryn omsorgssenter (informasjonsfaldar til ufaglærte vikarar)
  • Opplæringsplan/utviklingsmøte Stryn omsorgssenter 2010 m/ vedlegg
  • Introduksjonsprogram for (sommar)vikarar
  • Nyheitsbok førstesida i informasjonsperm som står på alle avdelingar
  • Nyheiter til orientering av 15.03.12, tvang og pasientrettar
  • Innhaldsoversikt over kvalitetssystemet/internkontrollsystemet for pleie- og omsorgstenestene
  • Prosedyre for helsehjelp til person utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa
  • Lov om pasient- og brukarrettar kap.4 A og skjema for vedtak, med rettleiing
  • Kompetanseplan 2012 - 2015

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Avviksperm (fram til januar 2012)
  • Nyheitsbok
  • Regelverk om lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A som er tilgjengeleg på avdelingane
  • Perm om tvang
  • Internkontrollperm
  • Registreringsskjema for uro
  • Gjennomgang av kvalitetslosen:
  • Prosedyre: Helsehjelp til person utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa. Pasientrettighetslova § 4A
  • Prosedyre: Samtykkekompetanse pasientrettar § 4A
  • Avviksskjema og avvik for 2012
  • Skjema for samtykkekompetansevurdering
  • 20 pasientjournaler blei gjennomgått under tilsynet.

Vi fekk omvisning på alle avdelingane ved Stryn omsorgssenter.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

  • 26.01.2012 melding til Stryn kommune om tilsyn
  • 19.03.2012 dokumentasjon til tilsynet frå Stryn kommune
  • 13.04.2012 utkast til program for tilsynet
  • Diverse e-postar som omhandlar tilsynet (endring av program og praktiske opplysningar mm.)
  • 07.05.2012 Førebels rapport

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Rigmor Røyset

Sjukepleiar

x

x

x

Aslaug Håøy Nygård

Ass. områdeleiar

x

 

x

Lilly Tenden

Avdelingssjukepleiar

x

x

x

Berit Wetlesen

Helse- og omsorgssjef

x

x

x

Anette Frandsen

Områdeleiar

x

x

x

Sigridur Einarsdottir

Avdelingssjukepleiar

x

x

x

Åshild Ulvedal Bøe

Avdelingssjukepleiar

   

x

Målfrid Ljåstad

Hjelpepleiar

 

x

x

Liv Hovind Frøysedal

Sjukepleiar

 

x

x

Signe Kari Nesje

Hjelpepleiar

 

x

x

Mira Baskerada

Omsorgsarbeidar

 

x

x

Nolan Matsson

Tilsynslege

 

x

 

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:

Tom Debu Nesvåg, revisor Annelise Skeie, observatør Beate Tollefsen, revisjonsleiar